Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Knut Skjånes

[#1853] Oppgåve over ekteskap i Leikanger

Recommended Posts

Gjest Knut Skjånes

Digitalarkivet har m.a. med oppgåve over vigde i Leikanger fram til 1917. Eg stussar litt over det låge tal på vigde i delar av denne perioden. I dei 5 åra frå 1908 til og med 1912 er det t.d. innført høvesvis 8, 7, 4, 6 og 4 vigslar. Kan dette vere korrekt? Det var truleg i underkant av 3000 innbyggarar den gongen, og da burde ein vel vente 10 - 15 inngåtte ekteskap i året? Er borgerleg inngåtte ekteskap med i desse oppgåvene?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Materialet med vigde i Leikanger inngår i databasen over vigde i Sogn og Fjordane, som Fylkesarkivet har laga. Dei har bygt på tilgjengelege mikrofilmar, og det som er med under Leikanger i åra 1908-1916 er henta frå klokkarbøkene. Klokkarboka for Leikanger sokn har 2 nummererte og ei unummeret vigsel i 1908, 4+3 i 1909, osv. Dei unummererte er vigsler andre stader, og der skulle ein og finne borgarlege vigsler, om det var slike.Når talet på vigsler vert lågare enn det ein kunne vente, er det av di ein ikkje har hatt tilgang på klokkarbøkene frå alle soknene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×