Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Aase R.Sæther

[#2198] Ellert Martin

Recommended Posts

Gjest Aase R.Sæther

Kanskje kan ein eller annan løyse følgjande problem for meg:Kvar vart det av Ellert Martin Hansen, f. 26.08.1858 i Bergen, ekte son av Brite Madsen (Rye, frå Gloppen og (kaptein?) Martinus Hansen (Keilen)? Martinus kom bort på sjøen 1864-65, og Brite måtte ty til fattigvesenet for seg og sine to born, Ellert og ei dotter Marie f.etter farens død (31.03.1865). Då Ellert var rundt konfirmasjonsalder, vart Marie bortsett til Tveit i Lindås, og eg har sett ein protokoll på statsarkivet der det står om dette; der står også at Ellert skulle til same kommune, men opplysninga er overstroken - truleg har det ikkje blitt noko av. Kan ein eller annan hjelpe?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

Eit tilleggs-spørsmål: Dersom nemnde Ellert ikkje vart send til "fosterheim", kva ville vere naturlege alternativ for ein fattig gut på ca 16 år på 1870-talet? Sjømann? Militære? Og vil han i så fall vere registrert nokon stad? Og er det kyrkjelydar i Bergen som ikkje er med i oversikta over døde på den aktuelle tida, dersom forklaringa er at han har døydd før han rakk å reise til Lindås (eg finn han ikkje død i DA).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.