Gå til innhold
Arkivverket

[#2781] Fra Bergen til Lærdal


Gjest Inger-Lise Haga Aastad
 Del

Recommended Posts

Gjest Inger-Lise Haga Aastad

Reisevei fra Bergen til Lærdal, hvordan var den i ca. 1880? Jeg antar med båt, men seil, damp, rodde de eller hva? Har noen navnet på den eventuelle båten som gikk, er det kjempeflott.Og videre fra Lærdal til Oslo. Noen som har forslag? Var det vanlig at folk gikk til fots. Det dreier seg om folk fra almuen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Det er ikkje måte på kva ein veit, når ein berre finn fram i andre sine verk (her fritt frå Bergen byleksikon):"Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane (det er eit nyare namn; det veit eg - for omgrepet "fylke" vart først teken i bruk att etter århundreskriftet) åpna si første rute Bergen-Lærdal 2. desember 1858."For eiga reikning: Eg meiner denne ruta vart driven med damp.Før den tid var det nok mest vanleg med roskyss frå gjestgjevarstad til gjestgjevarstad. Det er nemnd fleire slike mellom Bergen og Lærdal, m.a. Alversund, Bruknappen, Kjeldstraumen og Skjærjehamn - berre mellom Bergen og Sognefjorden. Attåt kom dei som låg inneretter fjorden.Men det var òg mogeleg å dra frå Bergen over Voss og mot Lærdal - frå Voss anten over Vikafjellet - eller over Gudvangen.Vegane nordover frå Bergen - og frå Lærdal over Fillefjell til Akershus stift, vart kraftig utbetra under leiing av generalvegmeister C.J. Hammer i tida kring 1800. Han var ingen "smågut" korkje som tyrann (det var han som på ein slu måte fanga bondeopprøraren Kristian Lofthus i Lillesand) eller som "vegbyggjar" (han hadde nok òg ein fingar med i spelet då lærdølen Lysne vart teken og avretta i Bergen 1804 for oppreist mot dei militære styresmaktene). Meir om dette og Hammer kan du lese påhttp://home.sol.no/~fndbred/ham.htmFrå Lærdal gjekk det nok helst med hesteskyss - anten på hesteryggen - eller i karjol for dei fine. Men dei som ikkje hadde råd til slikt, måtte nok nytte det vi framleis kjem oss fram på om vi ikke kjøyrer, beina!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.