Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Johannes Falnes

[#3249] Elisabeth Kristoffersdtr. Solberg ERDMANN, d.1828

Recommended Posts

Gjest Johannes Falnes

Kor i Danmark-Norge kom denne tipptippoldemor mi frå? Ho budde i Mosterhamn frå 1790 til ho døydde i juni 1828, 60 år gamal. Ho var gift med Helle Juel Erdmann (1758-1832), som var tollbetjent i Mosterhamn frå 1790 og overtollbetjent frå 1816 til 1832. Før det hadde han i 16 år vore underoffiser (sersjant) dels i Norge, og dels i regimentetet til arveprinsen eller kronprinsen. Far hans var prokurator på Hedmark, og foreldra hans, Cecilia Cathrine von Capelen og Jens Jørgen Erdmann, blei vigde i Fåberg 1748. [Kjelder: 1: S.Steinsbø: Bygdebok for Bømlo, bd.IV. 2: Osv.Melbye: Tollere gjennom 300 år, 1563-1886. 3: Private opplysningar om Erdmann-slekta, samla av Peder Svein Grønås.] For å prøva å koma på spor av opphavet til Elisabeth K(Ch)ristof(ph)sdtr. Solberg har eg på Digitalarkivet, folketeljinga 1801, søkt på alle norske gardar Solberg, Sohlberg og Soelberg, og der leita etter Kristofer, Kristoferssen, Kristofersdtr. i passeleg alder. På dei fleste gardane berre negative funn. Men i Akershus (Aker, Nesodden), Vestfold (Bothne) og Buskerud (Lier, Eiker) gjorde eg funn som eg har undersøkt nærmare m.h.a. bygdebøker eller kyrkjebøker, utan at det har ført til at eg har funne opphavet til Elisabeth Kristofersdtr. Solberg (1768-1828). Fanst det norske Solberg-gardar, som ikkje er "fanga opp" av folketeljinga 1801, eller kan det tenkjast at Helle Juel Erdmann fann gifta si i Danmark, medan han tenestegjorde der i ungdomen? Kven veit noko meir om dette? Eg har telefon 72559607 (privat) og 73593452 (arbeid). E-post: Johannes.Falnes@phys.ntnu.no

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest svein rindedal

peder s.grønaas opplyste meg for mange år siden at elisabet ble døpt 14/3-1768 i akershus slottskirke, som datter av art.sersjant simon christoffersen og sissel andersdtr.,fikk aldri undersøkt dette nærmere.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.