Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Aase R.Sæther

[#3453] Sunnylven

Recommended Posts

Gjest Aase R.Sæther

Nokon som har tilgang til kjelder for Sunnylven? Eg skulle gjerne vite opphavet til Ole Olsen på Legene i Sykkylven 1865, då 51 år g, fødd Sunnylven, og kona Maret Eliasdrt, då 48 år, også fødd Sunnylven.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Myklebust

Dei du søkjer er nok Ole Olsen Fivelstadhaug født 1817 (foreldre: Ole Christensen Fivelstadhaug og kone Pernille Rasmusd. f. Ringdal)og Marthe Eliasd. Øye født 1819 (foreldre: Elias Olsen Øye f. Hellebust og kone Brite Pedersd. f. Øye) Ole Olsen og Marthe Eliasd. giftar seg i 1847 (Han 29 1/2 år ho 28 år) Dei er ifølge kirkeboka utflytta frå Sunnylven til Slinningen i Borgund men dei kan vel seinare ha kome til Sykkylven. Med helsing Tor Myklebust.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

MANGE takk! Kvar ligg gardane Fivelstadhaug, Øye, Hellebust og Ringdal? Har du fleire opplysningar om familiane deira, t.d. kva sysken dei hadde (Ole og Marte, altså)? Og veit du når dei flytta frå Sunnylven, og om dei hadde barn med seg då? Dersom du har svar på noko av dette, vil eg bli svært glad.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Myklebust

Alle desse gardane ligg i Sunnylven (Sjå P.A. Lillebø; Sunnylven og Geiranger). Eg veit ikkje eksakt når dei flytta, stolar ikkje heilt på årstalet i mine avskrifter, men Marthe er oppgitt å vere 28 år og dei har ei datter Pernille med oppgitt fødselsdato 20/4 -47. So dei har nok flytta 1847-48. Elias Olsen Hellebust f. 1780 giftar seg 1811 med Brite Pedersd. Øye f.1789. Dei hadde følgande born:Pernille(el. Petrine) Marie f. 1815, Marthe f.1819, Ole Severin f.1822, Elias f.1825, Edvard f.1827 d.1833, Iverine f.1831 og Edvard Elias f. 1835. Ole Christens. Fivelstadhaug f. 1785 giftar seg 1808 med Pernille Rasmusd. Ringdal f.1784. Dei hadde følgande born: Christen f.1809, Rasmus f.1812, Oline f.1815, Ole f.1817, Ole f.1820 og Anne Olave f. 1822. Eg har ikkje Sunnylvsboka for hand so eg veit ikkje om der står noko meir om kvar dei vart av.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Renathe Wågenes

Du svarte bekreftene på at Johan Rye i Ørskog og Johannes Rye i Bergen var den samme. Hvilke opplysninger bygger du dette på? Glad for svar på: rjwaagenes@hotmail.com

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Eva kalmér Savjord

Aase ! Jeg har en hilsen til deg fra en slektning ! Helge Bolseth , opprinnelig fra Bergen.Han ferierer her vi bor hver sommer ! Hva slags slektskap er det mellom dere ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.