Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Lena Haagensdotter Talstad, fødd i Molde 1822 - gift i Bergen - død i Minnesota 1900

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg attgjev frå manuskriptet mitt (gards- og ættesoga for Luster - band X) under gnr 155, Hillestad:

 

Jens Johannes Andersen, f. i Bergen 30.8.1835, gifte seg i Bergen 22.2.1861 med enkja Lene Haagensdotter Talstad, f. i Molde 28.4.1822. Jens var i mange år anglemakarsvein, men vart sidan sjauar. Han og Lena budde i Bergen til dei i 1881 utvandra til Amerika. Der finn me dei att som Jens og Lena Anderson i Big Woods township, Marshall Co., Minn. der Jens livnærte seg som arbeidar (”laborer”). Lena d. i Marshall Co., Minn. 3.10.1900, medan Jens Anderson d. same staden 30.12.1913.

 

Spørsmålet mitt gjeld følgjande:

 

* Lena Haagensdotter Talstad hadde vore gift ein gong før. Er det mogeleg å finna fleire detaljar om dette første ekteskapet hennar?

 

* Kva born fekk Lena? FT1900 (MN) fortel oss at Lena hadde FEM born; av dei var TRE då i live, mellom dei tre var:

 

Jensine Magdalene Andersen, f. i Bergen 19.2.1865, nemnd med forerldri 1865 og 1875, utvandra med dei i 1881 - gifte seg med Ole C. Severson og budde i Brandon township, Douglas Co., MN

 

Men kven var dei andre borni til Lena? Var dei alle frå første ekteskapet hennar?

 

Jens Johannes hadde ein "uekte" son:

 

Jens Christian Andersen, f. i Bergen 11.5.1858 som son av Jens og ei ugift jente Johanne Malene Johnsen, budde i 1865 hjå far sin.

 

No vonar eg at einkvan med lokal kunnskap, til dømes i Molde, kan bidra med fleire detaljar om denne huslyden, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Nok ein gong er eg skikkeleg imponert over Carsten!! Hjarteleg takk for flotte og nyttige innlegg. I aftes fekk eg berre til å opna det siste, men no i føremiddag kom dei fram alle tre!

 

Då børjar puslespelet kring Lena Haagensdotter Talstad å falla på plass, men eg lurer på om ho kan ha vore gift ein gong til? Det gjekk 13 år i ei ung kvinne sitt liv før ho gifte seg att i Bergen med Jens Andersen, og ho skal ha hatt tre born til...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.