Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Kari Blindheim

[#3871] Anna Monsdatter - vigd i Hamre ca. 1833

Recommended Posts

Gjest Kari Blindheim

Er det nokon som har tilgang på opplysningar om vigde i Hamre i 1830-åra? Eg skulle gjerne visst meir om Anna Monsdatter, som var gift med Ole Johannessen Blindheim (han fødd ca 1807). Dei fekk ein søn, Johannes, den 16 mars 1834, så eg går ut i frå at foreldrene gifta seg før den tid. Eg skulle gjerne hatt opplysningar om kortid Anna er fødd, kva gard ho kom frå, kortid dei gifte seg etc. Eg har funne i Digitalarkivet at dei også hadde ei dotter (Anna) fødd i 1845. Eg trudde først at mora kanskje døydde ved fødselen siden dotra er kalt opp etter henne, men så fann eg (også i digitalarkivet) at Anna Monsdatter er oppført i skifteprotokollen for Nordhordaland for perioden 1851-57, så eg går ut fra at det var mor og ikkje datter som døydde då. Er det nokon som kan hjelpe så ville det vært kjempefint!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Ludvig Kvamme

Anna Monsdatter er fra Kvamme i Arna, du finner henne i Haus boken, Ådna sokn, side 552, født 1806 og død 1854 på Blindheim. Hun er gift i Haus 1832. Foreldrene er Mons Nilsson 1769 - 1853 og Eli Olavsdtr. Hjortland 1779 - 1845. Barna til Anne og Ole på Blindheim er: Johannes f.16.03.1834. Mons f. 14.08.1836. Ole f. 08.03.1838. Eli f. 21.06.1840. Brita f. 12.09.1842. Olina f. 25.10.1843 og Anna f. 1844 Åsane Historielag har "stand" på Slektsgranskerdagene i Støpeskjeen den 16. og 17. september, der vil du kunne få vite alt om dine Åsane aner. Mvh Johan Ludvig Kvamme

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kari Blindheim

Tusen takk for god hjelp - dette var supert. Eg byrja å leite etter henne i dei dager då ein kunne bla i originalbøkene på Statsarkivet, men eg fann ho aldri. Ikkje så rart, sidan eg trudde ho var gift i Hamre. Eg har tenkt meg på Slektsgranskerdagene, så då skal eg absolutt ta meg ein tur bortom Åsane-"standen"!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×