Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Marit P. Kvalsvik

[#4069] Obs! Ufullstendige skipslister-folketeljinga i 190

Recommended Posts

Gjest Marit P. Kvalsvik

Litt vekk-gøymd under folketeljinga for 1900, og der ein må gå inn på "heile landet" (etter alle fylka), ligg skipslistene der ein kan finne mannskap som var ombord i båtane 3/12-00. Pr. i dag er det berre mannskap ombord i båtar i større hamner o.l. som er med på den lista, medan mindre fiskevær som t.d. Flåvær som eg leita etter, ikkje er der. Etter mange telefonar/mailar har eg fått oppspora med Riksarkivet at listene er ufullstendige og at dei jobbar med saka og at mange fleire opplysningar blir lagt ut om forhåpentlegvis ikkje så lang tid. Det er tydlegvis mange som ikkje veit dette, og det finst ikkje noko hjelpeinformasjon om denne mangelen så langt eg har funne i alle fall, og difor skriv eg denne notisen slik at andre (nye) slektsgranskarar/historiegranskarar skal sleppe og leite så mykje som eg har måtta gjort. Det er kanskje også dei som ikkje er klar over at fiskarar/kapteinar o.l. kan ein finne her og ikkje tilknytt dei ulike gardane/kommunane i den "vanlege folketeljinga".

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.