Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Jørn Austbø

[#4303] Harkestad - betydning av navnet?

Recommended Posts

Gjest Jørn Austbø

Eg har drive litt slektsgransking med utgangspunkt i garden Harkestad i Øygarden. Har vore innom "Norske Gaardnavne" av O.Rygh for å finne ei forklaring på kva navnet betyr, men forklaringa i denne boka var svært usikker. Har høyrt at det skal stamma i frå ein tidlegare eigar, med utanlandsk opprinnelse (Harcken ?), men dette er også svært usikkert. Er det nokon som har eit tips kvar eg kan forsetje leitinga mi?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Espen Tjernshaugen

Kan være av mannsnavnet Harkild/Harkjell/Horchield, mener at det er tilfellet med Hakkestad i Valdres.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sigbjørn Sandsmark

Halse og Harkmark Lister og Mandal amt.Sjå i "Norske Gårdsnavne" av O Rygh. Halse og Harkmark ligg nær Mandal. Sig---

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Storaker

Frå Skeie i Eiken kjenner eg plass-navnet Harkje. Der kan det ikkje vere snakk om elvenavn, fiskenavn (som Rygh antydar om Hartmark ved Mandal), og neppe heller om mannsnavn. Eg har gått ut frå at det er same gardsnavnet som Morten Harket har navnet sitt frå (ein gard i Setesdal).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jørn Austbø

Grunna staden sin topografi, så er det heilt sikkert ikkje noko som har med ei elv å gjere. At det kan koma av eit mannsnavn er meir truleg. Kanskje i frå den som først hadde gard her? Skal undersøkje i dei referansane eg har fått i "Norske Gaardnavne" og finne ut om dette kan ha betydning.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Kva ord tyder og kva dei kjem (etymologi) av er ikkje det eg er mest stø i, men eg prøver meg likevel: I det kulturhistoriske bandet av bygdesoga for Os kommune som kom i 1980, finn eg mellom anna følgjande under kapittelet om talemålet i Os (og sidan Os ikkje er langt frå Øygarden, korkje i språkleg eller geografisk samanheng, er det kanskje verd å nemna). Dette kapittelet er skrive av osingen og språkmannen Arne Aarseth:"I 1743 sende kanselliet i Kbh. ut ei spørjeliste til alle prestane i Noreg, der dei vart bedne om å gje ei skildring av natur, næringsvegar, helsetilstand, bygningar, merkelege ord og namn. Presten i Os, Nils Leganger, svarte svært grundig på dette, sjølv om dei "rare ord" berre vart eit lite utval ..... Leganger skriv mellom anna:: Denne Talemaade tilføyes, naar de taler noget som mand nok kand give agt paa og høre, men ikke saa lige være forbunden til at troe -."Aarseth nemner elles fleire uttrykk, og han har berre med eit utval av dei Nils Ivarsøn Leganger (1682 - 1747) hadde teke med. Leganger var først kapellan i Os frå 1704 og så sokneprest frå 1721 i Os til han døydde. Etterslekta hans er ikkje ubetydeleg.Men attende til Harkestad: Leganger sitt HARCH er vel det samme vi i dag ville kalt noko "Hærk". Tydinga vert omtrent den samme i år 2000 som i 1743, men vokalen i ordet har - sjølvsagt under føresetnad av at Leganger sin transkripsjon er korrekt - endra seg frå A til Æ.Utan å fornærma dei som bur på/har budd på eller kjem frå Harkestad; vert ei mogleg tyding av namnet ein stad som var av liten nytte, som av ymse årsaker ikkje var brukandes (til dømes grunna hamnetilhøva, ikkje eigna til jordbruk osv.); mao. ein plass ein heller siglde/rodde forbi i staden for å gå i land.Men, igjen dette er berre forsiktig gissing frå mi side. Ikkje har eg vore på Harkestad heller, så eg har ikkje sett korleis det ser ut der (men eg veit kvar det er).Vonar dette kan vera til hjelp.Med venleg helsing, Terje Hatvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Kva ord tyder og kva dei kjem (etymologi) av er ikkje det eg er mest stø i, men eg prøver meg likevel. I det kulturhistoriske bandet av bygdesoga for Os kommune som kom i 1980, finn eg mellom anna følgjande under kapittelet om talemålet i Os (og sidan Os ikkje er langt frå Øygarden - korkje i språkleg eller geografisk samanheng, er det kanskje verd å nemna):"I 1743 sende kanselliet i Kbh. ut ei spørjeliste til alle prestane i Noreg, der dei vart bedne om å gje ei skildring av natur, næringsvegar, helsetilstand, bygningar, merkelege ord og namn. Presten i Os, Nils Leganger, svarte svært grundig på dette, sjølv om dei "rare ord" berre vart eit lite utval ..... Leganger skriv mellom anna:: Denne Talemaade tilføyes, naar de taler noget som mand nok kand give agt paa og høre, men ikke saa lige være forbunden til at troe -."Dette kapittelet i nemnde kulturhistoriske band er skrive av osingen og språkmannen Arne Aarseth. Aarseth nemner elles fleire uttrykk, og han har berre med eit utval av dei Nils Ivarsøn Leganger (1682 - 1747) hadde teke med. Leganger var først kapellan i Os frå 1704 og så sokneprest frå 1721 i Os til han døydde. Etterslekta hans er ikkje ubetydeleg.Men attende til Harkestad: Leganger sitt HARCH er vel det samme vi i dag ville kalt noko "Hærk". Tydinga vert omtrent den samme i år 2000 som i 1743, men vokalen i ordet har - sjølvsagt under føresetnad av at Leganger sin transkripsjon er korrekt - endra seg frå A til Æ.Utan å fornærma dei som bur på/har budd på eller kjem frå Harkestad; vert ei mogleg tyding av namnet ein stad som var av liten nytte, som av ymse årsaker ikkje var brukandes (til dømes grunna hamnetilhøva, ikkje eigna til jordbruk osv.); mao. ein plass ein heller siglde/rodde forbi i staden for å gå i land.Men, igjen - dette er berre forsiktig gissing frå mi side. Ikkje har eg vore på Harkestad heller, så eg har ikkje sett korleis det ser ut der (men eg veit kvar det er).Vonar dette kan vera til hjelp.Med venleg helsing, Terje Hatvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Om forstavinga "Hark" ikkje har med person-namn å gjera, må det grunna på ein eller annan variant av norrønt "hark"/"harka"/"harki" (jfr. Heggstad m.fl. "Norrøn ordbok" 1997) som ber i seg meningi skrot, skrap, samanraska!, skrapa saman!Om ingen har ei betre forklåring, vil eg tru det tyder ein plass/stad kor ein har funne nokre grastufter her og nokre der innomellom dei knausane som naturen i Øygarden gjev. Eg veit rett nok ikkje kor dette er, men har vore so mykje på dei kantar at eg kan tenkje meg korleis det ser ut - om det er slik eg trur.Difor meiner eg òg at "samanraska" er meir dekkjande enn "skrap/skrot". Mellom berga der vest veks det godt gras, men det er langt mellom dei vide bøane. Harkestad er nok ein stad der det er jamvel god vokster, men der graset finst i mindre teigar innimellom knausane... Eller tek eg feil?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Inger-Lise Haga Aastad

Jeg har i skrivende stund ingen forklaring på opprinnelsen til navnet, men nysgjerrigheten ble vekket. Jeg er nabo til et sted som heter Harkerud (i Aurskog-Høland), og antar at navnet er av samme opprinnelse, hva det nå måtte være. Skal stille spørsmålet videre til "rette" vedkommende i kommunen. Kommer tilbake til saken, dersom jeg får et vettugst svar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.