Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Jørn Austbø

[#4378] Ole Nilsson Hatlelie, f.1806 i Instefjord(?)

Recommended Posts

Gjest Jørn Austbø

Eg er på leiting etter forfedrane til denne personen. Han står i kyrkjebøkene, vigsel, oppført som fødd i Instefjord, med fødselsår 1806. Eg har ikkje funne han i databasen over fødde i Instefjorden dette året (eller noko anna år). Den einaste plassen eg finn han, er når han gifta seg i 1840 med Eli Ivarsdatter Hatlelid. Begge busette seg då på garden Lien (Hatlelid) i Hyllestad kommune. Dersom nokon veit noko meir om Ole Nilsson er eg takksam om de gjer eit ord.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Inge Eikeland

Ein person som KAN passe med han du leiter etter, er: "Ole" som vart døypt 31. mars 1805 i Gulen. Foreldra hans var: "Niels Olssøn og Lisbeth Halvorsdtr. Inderøen".Desse opplysningane må sjølvsagt sjekkast opp mot opplysningar om foreldre som er innført ved vigsla. Veit du kor og når dei gifta seg? Då kan eventuelt vi kontrollera dette nærare.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jørn Austbø

Dersom ein ser i "Vigde i Sogn og Fjordane 1669-1922", så finn ein Ole Nilsson, Instefjorden (fødd 1806)når han gifte seg med Eli Ivarsdatter, (fødd 1809) frå Hatlelid i dåverande Askvoll kommune. Dei vart gifte i 1840 (4. juli). Det står at dette er ekteskap nummer 2 for Eli, men iflg. bygdebok for Hyllestad (Lien), er det ekteskap nummer 3. (Nummer i database: 24556)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Inge Eikeland

Nå har eg sjekka kyrkjeboka, då Ole og Eli gifte seg. Far til Ole var: "Niels Sjursen Instefjord", og fat til Eli: "Ivar Olsen Hatlelie".Det var med andre ord IKKJE "din" Ole som vart fødd 31. mars 1805 i Gulen.I kyrkjeboka står det ikkje spesifisert om det var hennar 2. eller 3. ekteskap. Ho vert kalt "Enken", og i en merknad står det:"Hendes Ægtesk. ophørt ved den forrige Ægtefælles Død. Attest forevist af 2. juli 1840 om sluttet Skifte."

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Inge Eikeland

Dei gifta seg i Lavik. Finn i utgangspunktet ikkje faren i 1801-tellinga. Det stod ikkje i kyrkjeboka at faren heitte "Instefjord" (Berre Niels Sjursen). Ole budde (evt. var fødd...) på Instefjord. Han var 34 år gamal.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

I folketellingen 1801 finner du følgende:Nordre Bergenhusiske amt ,Eivindvigs pr.gjeld , Brekke Sogn , Instefjord gård.Nils Siurssen 36 år , skattebonde .Hans hustru Sigrid Olsdtr. 34 år , samt husbondens foreldre Siur Nielssen 66 år og hustru Anna Phillippusdtr. 65 år.Dette burde vel være foreldrene til Ole Nilsson Hatlelie.Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jørn Austbø

Eg trur også at dette er foreldra til Ole, men det har ikkje lukkast meg (ennå) å finne Ole i databasen "døypte i Sogn og Fjordane 1669 - 1895". Vonar at eg kan finne svaret her, eller i kjelder på SAB.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.