Gå til innhold
Arkivverket

[#4753] Etterlyser fadrarne til 3 jenter f. i Bergen, søst


Gjest Terje Hatvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Terje Hatvik

Eg etterlyser fadrane til tre søstre fødde i Bergen. Dette er borna til ekteparet Engel Bendich Engelsen,f. 1848 i Fusa SB og Inga Marie, f. Sivertsen - i Bergen i 1859. Engel var handelsbetjent/handelsmann i Bergen. Han døydde i Bergen den 03. november 1915.Dette gjeld: a) Ella, f. 09/7 1886, døypt 25. juli i Korskirken. b) Ingrid, f. 15/4 1888, døypt 27. mai 1888 i Nykirken. c) Johanne f. 02/4 1891, døypt 07. mai 1891 i Nykirken.Eg ønskjer òg å få vita datoane for Engel B. Engelsen sin fødsel og dåp i Fusa i 1848, og kven fadrane var. Engel var "uekte" barn; foreldra hans var Engel Engelsen Vafit/Vafet, f. 1830 og Guro/Gura Larsdtr. Storlid, f. 1822. Begge fødde og oppvaksne i Fusa. Desse to vart ikkje gifte seinare heller, men Guro gifter seg i 1862 med ein annan; Ole Johannessen Hauge/Haugstræ (- seinare Hatvik) frå Os, f. 1835.Det hadde vore kjekt om nokon kunne hjelpa meg litt med dei ovanfor omtala sakene.På førehand takk! frå Terje Hatvik.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Det er vel kanskje ei noko unødvendig opplysning dette, men fam. Engel og Inga Marie Engelsen hadde først bustadadresse Schadenbergshave, seinare Vestre Holbergsalmending 11 i Bergen. Så no veit de dét òg.Mvh., Terje Hatvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.