Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Terje Hatvik

[#5001] Oline Andrea Hansdtr. (Krüger), f.1852 i Fusa, kor

Recommended Posts

Gjest Terje Hatvik

Denne etterlysinga gjeld ei Oline Andrea Hansdtr., f. 1852/53 "i Fuse sogn af Fuse præstegield", altså Fusa på moderne norsk. Fødselsdatoen er ukjent, men ikkje foreldra:Ho er "uegte" datter av Hans Christian Severin Krüger (1825 - 1886), son av Hans Astrup Jochumsen Krüger; og av Guro/Gura Larsdtr. Storlid (1822 - 1901), dotter av Lars Larssen Store Lid/Storlid.Omtalte barnefar, Hans Chr. Severin Krüger; var landhandlar og bonde på Skjørsand i Fusa, og mellom anna også ordførar i Os 1852 - 55 og i Fusa 1855 - 59 og 1861 - 1871. Han gifte seg i 1844 med Ingeborg Hansdtr. Litlelid, dei fekk 16 barn saman. Hans Chr. Severin var altså gift mann då han sette barn på den då ugifte bondejenta Guro; mao. ein "skandale".Men i motsetning til eit dagsaktuelt døme i frå Bjørnefjordsbygdene (dvs. Os/Fusa), så ser det ikkje ut til at dette sidespranget la større dempar på den politiske karriéren til Hans Chr. Severin, han vart både ordførar og fylkesrevisor etter 1852 òg (sjå ovanfor). Ikkje øydela det ekteskapet hans heller ser det ut til, - han og kona fekk mange born etter dette; jfr. bygdebøkene for Fusa.Guro gifter seg ti år seinare i Os med ein annan, Ole Johannessen Hægland-Moberg-Haugstræ-Hatvik, f. 1835. I FT for 1865 er dei på plassen Haugstræet under garden Hauge i Os, i FT 1900 er dei kårfolk på garden Hatvik, også i Os. Men, altså UTAN dottra til Guro; Oline Andrea.Miitt spsm. er dette: - Kvar blei det av Oline Andrea? Eg kan ikkje finna henne att i folketeljingane for 1865, 1875 eller 1900, i alle høve ikkje i dét materialet som er registert og utlagt på nettet. Eg har heller ikkje funne henne blant gifte eller døde, og dei 'Olinene' eg finn høver slett ikkje med mi Oline Andrea.Kor vidt ho drista seg til å nytta Krüger som etternamn, eller meir smålåte heldt seg til patronymet Hans, veit eg ikkje - begge deler er sjølvsagt mogleg, og eg har fåfengt søkt på begge alternativa.Alle relevant informasjon vert motteke med takk! Mvh., Terje Hatvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Det skulle ikkje vere denne her som eg fann på Bøe, grd. 172, i Os 1865?:1747 21 Oline Hansd. Fosterbarn ug 14 k Os Prgj.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Magne Pettersen

På familysearch.com finner du henne døpt 7.4.1852

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Hakon Skaugvoll

Terje Hatvik, kan du sende meg din e-mail adresse til hkskaugv@online.no ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Til Bjørn Davidsen: Jau, det kan vera henne, men -det kan også vera ei anna Oline. Om det er henne, hadde det vore kjekt å finna ut kva som skjer etter 1865. Eg lever i håpet.Til Magne Pettersen: Mange takk for fødselsdatoen.Til Håkon Skaugvoll: Prøv t-hatvik@online.noMvh., Terje Hatvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Heidi Tofterå Slettemoen

Hei Terje!Du som har slik oversikt over Krüger-familien... Kan det stemme at ovennevnte Hans og Ingeborg fikk en datter som hette Inger Hansdtr. Krüger, og at hun igjen giftet seg med Lars Lars. Schaathun, og de igjen fikk datteren Marie Magdalene rundt 1875?På forhånd takk for hjelp!Heidi

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Oooops! Eg har visst oversett innlegget til Heidi. Beklagar det, skal slå opp og gje deg ei tilbakemelding over helga.Mvh., Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Heidi Tofterå Slettemoen

:-) Da venter jeg spent på svar...!Mvh, Heidi

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Til Heidi! Eg stadfestar at Inger Hansine Krüger, f. 1844 i Fusa vart gift i 1865 med "dåverande seminarist, seinare lensmann i Fitjar, lensmann i Sund og Austevoll, Lars Larsson Skaathun, f. i 1836, b. Fitjar og på Storebø i Austevoll". (side 584-585 i band III av Fusasoga, Olav B. Skaathun, 1967).Ingeborg Hansine var det eldste av dei femten -15-borna til landhandlar & bonde på Skjørsand og ordførar i Fusa Hans Christian Severin Astrup Hansson Krüger (1825-1886) og Ingeborg Hansdtr. Lillelid (1827-1889). Hans Chr. Severin sine foreldre var Hans Astrup Jochumson Krüger (Fusa) og Ingeborg Severine Jacobsdtr. Bredahl (Bergen).Hans Chr. Severin og Ingeborg vart gifte i 1844, då ho var 17. I tillegg til Inger Hansine (f. 1844) fekk dei desse borna: Hans Arnt, f. 1846. Marcus Gjøe, f. 1848. Ingeborg Severine Kristine, f. 1850. Hans Christian, f. 1852. Drude, f. 1854. Wenche Katrine Floor, f. 1857. Joachim Andreas, f. 1859. Conradine Malene, f. 1861. Gerhard, f. 1863. Anna Victorie, f. 1864. Ingeborg Henny, f. 1866. Ingeborg Conradine, f. 1867. Ludvig Holberg, f. 1868. Wilhelm Frimann Koren Christie, f. 1870.Og som tidlegare nemnd hadde Hans Chr. Severin også dottera Oline Andrea (det 16. barnet) med "pige" Guro Larsdtr. Storlid, f. 1822.Mvh., Terje.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Heidi Tofterå Slettemoen

Hei Terje!Takk for stadfestinga!Et par småting berre: Frå folketellinga har eg Emma Victoria f. 1864 og sonen fødd i 1852 berre som Christian Severin. Dottera fødd i 1854 har eg som Drude Friman Astrup (etter oldemora). Men det var vel ikkje enkelt å halde rede på navna for ein stakkar folketeljar i ein så stor familie... :-)Kan eg bry deg med datoar på desse om du har det hendig: Ingeborg Bredahl og Hans Astrup Krüger. Jochum Krüger og Drude Friman Astrup.På førehand takk!Heidi

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Hewi igjen! Nei, beklagar, har ikkje datoar. Du har sjølvsagt heilt rett i at Drude f. 1854 heiter Drude Frimann Astrup, det fall ut då eg skreiv det. Men den guten som er fødd 1852 har vitterleg namnet Hans føre Christian, altså Hans Christian (Severin). Men det er vel ikkje så unaturleg at det vart meir enn ein Hans når både farfar- og morfar heitte Hans.Og i tillegg kan eg opplysa om at oldemora sitt fulle namn var Drude Marie Frimann Hansdtr. Astrup 1760 - 1833, g. 1779 Jochum Conradsøn Krüger 1743 - 1786.Men når det gjeld den yngste av dei 3. søstrene Ingeborg, Ingeborg Conradine f. 1867; så trur eg det er ein "error" i bygdesoga for Fusa. Ho er etter alt å døma eit Barnebarn - og ikkje barn - av Hans Chr. Severin Astrup Krüger, 1825 - 1889.Ho er nemleg òg oppførd som dotter (den eldste) av Ingeborg Severine Kristine Krüger, f. 1850 d. før 1875; g. 1867 med Hans Olaf Hansen Qvalesund, f. 1843, d. 1875 i USA. Han var son av Jacobine Conradine Krüger, f. 1822, g. 1842 Ole Hansen Holmefjord-Qvalesund, f. 1809, b. Qvalesund (Kvalesund) i Os. Jacobine var søster til Hans Chr., så Ingeborg Conradine og Hans Olaf var syskenborn.Men både Hans Olaf og svigerfaren budde på Skjørsand og dreiv landhandel der [svigerfaren gjekk konkurs 1882], og begge heitte Hans, så det er høgst forståeleg at det kunne "gå i ball" for den/dei som skulle prøve å skaffe seg oversikt -.Og då har ikkje eg meir å bidra med om Krügerane i Fusa. I staden håpar eg på at nokon kan bidra med matnyttig informasjon i jakten på ovanfor omtalte Oline Andrea Hansdtr, f. 1852. Ikkje minst fordi det er dét denne etterlysinga (med påfølgjande innlegg) eigentleg dreier seg om ....På førehand takk! Terje -.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Her blei det diverre litt rot for meg òg, det var Ingeborg Severine (f. 1850)som var syskenborn til nemnde Hans Olaf Hansen Qvalesund. Han var altså fetter til kona si - og ikkje til dotter si eller svigermor si, for den saks skuld. Det er ei kjelde til forvirring når så mange i same slekta har same fornamnet, i tillegg også ofte med det same patronymet. Men dét er jo eit kjend fenomen .... Det gjeld mao. å vera vaken og konsentrert når ein les og skriv slikt -.No ja, den som lever får sjå om vi ikkje greier å skjerpa oss. Mvh., Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Heidi Tofterå Slettemoen

Hei igjen,Jeg vet du synes jeg maser, men jeg har ett raskt spørsmål til, som det sikkert er tilfeldig at du ikke allerede har svart på. Om du har fødselsår (ikke dato, men år) på Hans Astrup Jochums. Kruger og Ingeborg Bredahl? Så skal jeg ikke plage deg mer med dette... Jeg burde jo kunne lese meg frem til dette selv på SA, men så har du vært så grei til nå...Jeg har forresten prøvd å være grei jeg også, men har ikke funnet stort annet om Oline Andrea enn det som allerede er nevnt ovenfor... Håper du lykkes der!Mvh, Heidi

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Hei Heidi! Javisst skal du få årstall. Neida, eg synes ikkje du masar. Berre triveleg. Eg prøvde berre høflegst å pensa debatten innatt på det sporet den eigentleg starta på. Ikkje det at eg har så forferdeleg mykje imot å koma ut på viddene, men på ei anna side: Litt strukturering har ein sjeldan vondt av.Nedanfor følgjer det du etterspør. Der det manglar årstal tyder det at eg ikkje har dei. Då må du få tak i dei andre stader. Hovudkjelda mi er Fusasoga til O. B. Skaathun (- med atterhald om feil, mine og Skaathun sine):Kapellan Jochum Conradsson Krüger kjøper Skjørsand 1779. Sønene Hans Astrup (1781 - 1855), gift 1813, og Arnt Henrik (1783 - 1872) ugift; skøyter 1812. Begge to landhandlarar på Skjørsand.Joachim Arnt Hansson, f. 1814 d. etter 1884, skøytte halvparten i 1853. Kjøpmann i Bergen, konkurs 1884. Hans Christian Severin Hansson Krüger (1825 - 1886), skjøtte Skjørsand 1855 etter farbroren og 1858 etter den eldre broren Joachim. Konkurs 1882.Landhandlar, bonde og ordførar 1838 - 1841 Hans Astrup Krüger 1781 - 1855, son av Kapellan i Os og Fusa Jochum Krüger 1743 - 1786 og Drude Marie Frimann Astrup 1760 - 1833.Jochum var son av kjøpmann i Bergen Conrad Christian Krüger, 1713- 1786, og Magdalene Christine Stuwitz (søskenbarn). Conrad Christian var son av Joachim Krüger i Stendal og Chatherine Ilsebe Stuwitz i Minden. Magdalene Stuwitz var dotter av kjøpmann Arendt Henrich Stuwitz. - Krüger og Stuwitz var tyske.Drude Marie Frimann Astrup var dotter av kapellan i Os, Hans Astrup 1719 - 1769 og Gjertrud Garmann Leganger 1730 - 1768. Hans Astrup var son Niels Astrup, fut på Sunnmøre, f. 1681 i Danmark, og Anna Elisabeth Finde.Gjertrud Leganger var dotter av sokneprest i Os Nils Iversøn Leganger 1682 - 1747 og Maria Ottesdtr. Fyren Finde * 1700 - 1777. Iver Eriksøn Leganger var sokneprest i Vik i Sogn. (* Var Maria og Anna Elisabeth Finde søstre, slik at Gjertrud Leganger og Hans Astrup var søskenborn??)Inger Severine Bredahl 1792 - 1865, dotter av kjøpmann i Bergen Jacob Bredahl 1758- 1814 og Maren koren 1755- 1840.Jacob var son av kjøpmann i Kristiansand Niels Bredahl og Inger Rønnow. Niels Bredahl var son av Iver Bredahl 1681 - 1737. Inger var dotter av ein lærar? i Kr.sand, Thomas Rønnow.Maren Koren var dotter av skippar og kjøpmann i Bergen, Niels Koren 1718 - 1784 og Kristine Theting. Niels Koren var son av sokneprest & prost på Stord, Jan Koren og Drude Marie Smidt. Faren til Jan var Claus Koren, sokneprest i Kvinnherad. Faren til Drude, Niels Smidt/Smed, 1655 - 1716, var biskop i Bergen.Kristine Theting var dotter av kjøpmann i Bergen Ulrik Wilhelm Theting.Og då håpar eg dette er nokolunde greit, Heidi. Helsing Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Heidi: NB! I det ovanforståande innlegget har eg - som du ser - også med to små avsnitt om kven som eigde Skjørsand-garden i Fusa, kva år det var eigarskifte. Tenkte det kunne vera kjekt å veta, sjølv om det er heilt på sida av det du spurde om.(Useless information but Nice To Know).Mvh., og God natt frå Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Heidi Tofterå Slettemoen

Takk, takk!Snilt av deg å bruke tid på spørsmåla mine! For å finne Oline må du kanhende starte ein ny tråd her, og spørje på ny... Det er vel ikkje mange som orkar følgja desse 16 innlegga! :-)Mvh, Heidi

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knoph

Oline Andrea Hansdtr. Kruger ble født den 2/4-1852 og døbt den 7/4 s.a. (Kirkeb. for Os A16). Hun ble konfirmert i Os den 27/10-1867. I Floketellingen for 1865 vil jeg tro at den Oline Hansdatter som er 14 år, fosterbarn og bor under gården Bøe er den rette. Dette stemmer også bra overens med at hun blir konfirmert i selve Os.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knoph

Beklager skrivefeilen, men i dag gikk ordet folketelling litt i floke for meg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Heisan! Ja, sjå her har det visst vore aktivitet. Mange takk til Cecilie for nyttig informasjon. Ser ingen grunn til å vera ueinig i det du skriv.Ettersom vi no kan fastslå at Oline Andrea levde og blei konfirmert i i 1867 er det store spørsmålet kva som skjedde etter dette? Kvar tok ho vegen?Som tidlegare nemnd har eg forsøkt å søka på namnet henar i div. folketeljingar og kyrkjebøker. Det finst tydelegvis fleire tusen Oline Hansdtr./Hansen, og endå fleire Oliner med andre farsnamn. Men om ho gifte seg og tok mannen sitt namn,- noko som er sannsynleg då vi ermar oss år 1900), så vert jakta svært vanskeleg; om ikkje umogleg.Eit og anna seier meg at ho Ikkje slo seg ned i Bergen. Det er ingen Oliner der som høver med den eg søkjer, men - igjen - ho kan vera såpass "kamuflert" at eg ikkje finn henne.Eitt håp er at ein ellera annan snublar over eit skifte/dødsbu etc. (ein eller annan stad) etter ei Oline der fødselsår og fødestad er oppgjve til: "f. 1852 i Os (Ous)prestegiæld SB, evt. Fuse sogn av Os pr.gj.".Mvh., Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jo Rune Ugulen

Kva med den Oline Hansdatter som i 1900 er gift med gardbrukar Nils Olesøn på Kvale i Fusa? Har du sjekka ho ut? Rett nok er ho sagt å vera fødd i 1855 men eit avvik på berre 3 år er ikkje det store i slike samanhengar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Hei du! Ja, eg er samd i at tre år ikkje er store avviket. Og eit "knotete" skrive 2-tal kan dessutan også (i somme høve) tolkast som eit 5-tal (1852 vs. 1855).Jau då, eg har vore innom smeden Nils Olesøn og kona Oline Hansdtr. på Kvåle - eller Kvale som det står i teljinga - men av ein eller annan grunn som eg ikkje hugsar nett no lét eg meg ikkje umiddelbart overtyda.Eg må nok gå tilbake i notatene mine og vurdera 'pro et contra' vedkomande denne Oline på Kvåle i Fusa.Men i alle høve takk for hjelpa, helsing Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Dette er ikkje akkurat som det heiter på CNN og andre store mediekanalar, men berre eit innlegg for å fortelja at tipset frå Jo Rune Ugulen diverre var eit blindspor.Kona Oline til denne smeden Nils Olesøn er ikkje den eg søkjer, men ei Oline Hansdtr. Lillelid, f. 1855 på garden Litlelid i Fusa, jamfør FT 1865 for 1241 Fusa i Hordaland.Eg er meir og meir overtydd om at MI Oline Hansdtr. er å finna under eit anna etternamn enn Hans*, dersom ho då i det heile tatt fins/lever etter 1867. Det vil eventuelt vise seg -.Mvh., Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×