Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Christian Arentz

[#5770] Gregorianske vs. Juliansk kalendre - "Ny stil"

Recommended Posts

Gjest Christian Arentz

Etter å ha gjennomgått en kirkebok fra ca. 1666-70, der flere poster tilsynelatende er skrevet ett eller flere tiår senere, har jeg problemer med å få ukedagene som er ført inn til å stemme med datoene. Jeg har da benyttet den kalenderen som skulle være gjeldende på 1660-tallet. I NBL er flere steder angitt f. eks. at en person er født 13/9 1666 (ny stil 23/9). Kan noen forklare hvordan dette henger sammen? Jeg trodde den Gregorianske kalenderen ikke ble innført her hjemme før nærmere 1700. Finnes det en Web-side der begge kalendre er oppført, slik det er enkelt å sammenlikne ukedagene for en angitt dato i h.h.vis "ny og gammel stil"?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila Kornstad

I Norge ble den gregorianske kalenderen innført i 1700. Da ble det bestemt at etter 18. februar skulle det være 1. mars. Jeg kjenner ikke til noen Web-side som har det du spør etter, men i Norsk Slektshistorisk Tidsskrift bind X,hefte 2, er det en artikkel om "Tidsregningen i Norge etter reformasjonen". Jeg kan sende deg en kopi av artikkelen hvis du gir meg adressen. Hilsen Laila Kornstad.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Eg var i eit eller anna høve borti ein trykt "evighets-kalender" som hadde parallelle datoar for Gregorius og Julius, om eg ikkje hugsar feil. Eg er viss på at eg fann den på Aust-Agder Arkivet. Men kva namn den hadde, minnes eg ikkje. Skal prøve å finne det ut neste gong eg er oppom der, dersom ikkje andre i mellomtida kan gje svar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Christian Arentz

Jeg takker for svarene. E-post adressen min er hcarentz@aol.com om noen vil ta direkte kontakt, bl.a. du, Laila. Det var greit med forklaringen om den direkte overgangen fra 18. feb. til 1. mars 1700. Dermed "mistet" vi altså 10 dager. Men hvordan kan Norsk Biografisk Leksikon da operere med at 13/9 1666 tilsvarer 23/9 1666 etter "ny stil"? Den ble jo først innført 34 år senere- Kanskje det er vanlig praksis å regne bakover? Det er forøvrig ikke bare dettet eksemplet fra 1660-tallet, det finnes også andre i samme bokverk der to datoer er oppført "gammel" vs. "ny" stil.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Igelkjøn

Etter ei slik omvelting kan ein spørje seg korleis ein skal lese ein primstav. Må ein eigentleg leggje til 10 dagar til alle datoar for å få dei til å stemme med det gregorianske året?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Nei, kvifor skulle ein det? Året er jo jamt like langt som før, om ein tek høgd for skotåra. Og merkene på primstaven svarar jo til kjende datoar som t.d. 14. oktober, 1. januar, 14. april og 25. desember. Det som var problemet før i tida, var jo at solkverva etter kvart kom skeivt i høve til primstaven. Men om ein nyttar den gregorianske kalender og år om anna tek høgd for skotår, burde det gå mykje betre i dag.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Skorpen

Dersom dei hoppa frå 18. feb. til 1. mars 1700, hoppa dei over 11 dagar etter den julianske kalendaren, sidan 1700 skulle ha vore eit skotår (19. - 29. feb.). Og akkurat som vi vert forvirra når vi reknar på dette - forvirringa med omsyn til merkedagar må ha vore stor. Dersom dei hoppa elleve dagar fram på primstaven, og sådde kornet etter gamle merkedagar, må kornet ha komme vel tidleg i jorda. Det kunne vere interessant å høyre om nokon visste kva som vart gjort - kor lengte brukte dei primstaven på gammelmåten, og fekk dei etter kvart nye merkedagar eller gjekk skikken med såtider og hausting etter merkedagar i oppløysing etterkvart som nykalenderen vart teken i bruk? Knut

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Ei av kjeldene eg har, er Juell Lund si bok om primstavene i Valle i Setesdal frå 1943. Så vidt eg kan skjøna av det han skriv, nytta vanlege folk den julianske kalender lenge etter at gregorius sin var innført. Men dei visste òg kor mange dagar den låg skeivt i forhold til solkverva. Korleis dei løyste dette i praksis, veit eg ikkje, men dei sådde neppe før dei skulle. Så dumme var dei nok ikkje.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Igelkjøn

Det som er sikkert er at før den 18. februar 1700 var det 10 dagar som skilde den gregorianske og den julianske kalendaren. (I dag er det 13 dagar pga. 1700, 1800 og 1900, jf. russisk jul.)Det eg meinte med det eg sa om primstaven var ikkje berre forvirringa etter 1700, men også når ein høyrer om vermerke i våre dagar. Når ein høyrer at det er t.d. Mari Vassause, er det då slik at Mari Vassause eigentleg er 10 dagar etterpå?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Desse dagane er, så vidt eg veit, knytt til datoar i ein månad. Jo lenger attende i tid du går, dess mindre er skilnaden mellom den julianske og gregorianske kalender. Dersom desse dagane vart knytt til datoar på t.d. 14-1500-talet var skilnaden berre 4-5 dagar - og det visste dei. Gregorius laga berre ein kalender som var korrigert i høve til sola. Dermed må den tidsrekninga vere meir riktig i høve til den dagen i året som opphaveleg var meininga for desse dagane, enn den julianske var, som endra seg i høve til solkverva med åra.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Andersen

Til Knut (og Torbjørn?)1700 skulle vært skuddår i flg normalregelen (delelig på 4), men for å ikke komme skjevt ut på nytt er det bare 100-år som er delelig med 400 som er skuddår.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Christian Arentz

Jeg har fulgt denne debatten med stor interesse, og konkluderer med at det er OK å oppgi to parallelle datoer i Norge i h.h. til både gammel og ny stil, helt tilbake til 1582. Selvom den nye kalenderen ikke ble innført før i år 1700 her hjemme, ville vel mange "forfattere" faktisk regne seg om fra gammel til ny dato når de skulle omtale en hendelse fra tidsrommet 1582-1700??

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Igelkjøn

Eit "gregoriansk år" er såleis på 365,2425 dagar, medan året eigentleg er på 365,2422 dagar. Det vil då ta over 3000 år før feilen vert ein heil dag.Elles konkluderer eg med at ein må legge til nokre dagar til dei gamle merkedagane for å komme til den dagen i (sol)året som eigentleg var den merkedagen ein vil fram tid. Fyrste vårdagen (14. april) var kanskje eigentleg rundt 23. - 24. april i vår kalendar (eller tidlegare, avhengig av kor gamle desse merkedagane er).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Nei, det må vere feil. Dei dagsette vårjamdøger til 21. mars - og det er det så vidt eg veit også etter vår kalender. Dermed vart fyrste sumardagen 14. april. Det var dei gamle som måtte justere, ikkje vi. Og det gjorde dei.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.