Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Marianne Vestli

[#5971] Samson Ingebrigtsøn Widekiær

Recommended Posts

Gjest Marianne Vestli

Jeg søker opplysninger om Samson Ingebrigtsøn Widekiær på Finne. Skal være sønn av Engelbregt Pedersøn på Tenål i Vik. (Hentet fra bygdbok for Vik i Sogn. Mvh Marianne Vestli

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Heidi Tofterå Slettemoen

Har du noen årstall, Marianne?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Vestli

På et skjøte fra 1625 skrev han seg for dette navnet. Dette var på Finne, Vik i Sogn. Han skulle ha en sak på "herredagen" i Bergen i 1585.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Samson Ingebrigtson Widekiær til Tenål i Vik, sidan til Finden i Vik, er nemnd fleire gonger i samband med odelsgods i garden Fet i Hafslo mellom 1585 og 1611. Sidan budde det ein Ingebrigt på Finden i Vik, kan henda son til Samson?Ei dotter av Hans Andersson Ørbech på Nattvik i Årdal, Maren Hansdotter (1706-1780), vart gift med ein Ole Wedscher, fødd kring 1700, død på Eidsvoll i 1766.Denne Ole Wedscher er ein heilt ukjend person. Kan han vera ein etterkomar etter Samson Widekiær?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gudmund Balvoll

Adelsmannen Samson Ingebrigtson, Finnen i Arnafjorden, slekt og eigarforhold har eg skrive om i det lokalhistoriske tidsskriftet Pridlao nr 2 2000. Slektsopplysingar er også med i Gards- og ættesoge for Vik i Sogn, hefte 2 og 4. Viktig her er å få fram at eg meiner at Samson døydde før år 1700, slik at dette Widekiær-namnet ikkje gjeld han, men truleg ein soneson. Eg meiner at Samson hadde ein halvbror Otte Ingebrigtson på Tenål. Samson hevda eigedomsrett til Fet i Hafslo, det gjorde ikkje Otte.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Karin Romstad

Til 5Hvor kan jeg kjøpe/låne Pridlao nr. 2 2000? Berører du Samson Ingebriktson sin eiendom på Voss?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gudmund Balvoll

Eg må retta opp eit feil årstal i det førre innlegget mitt. Eg meiner Samson Ingebrigtson døydde før år 1600. For meg har det vore vanskeleg å finn fram til dokument frå denne tida. Eg har såleis ikkje funne kjelda for at godseigar Heiberg har skrive at riddar Olav Aslakson var på Fet i Hafslo, heller ikkje til eit brev frå 1561 som viser at Samson hadde arva garden Bruavoll etter Olav Atleson. Skal mine teoriar vera rette, må det siste vera ei feiltolking av namnet Olav Aslakson. Eg vil leggja til at eg også har skrive om Tenåladelen i boka Jordbruket i Vik. Pridlao har inntil det siste blitt gitt ut av Vik Lokalhistoriske Arkiv.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jo Rune Ugulen

Samson Ingebrigtsson på Finnen er framleis i live og skattar i 1626, så han er definitivt ikkje død før 1600. Skattelistene for tida etter 1626 har eg ikkje systematisk gjennomgått, men dei vil nok gje ein peikepinn på når han døydde.Samson har alt i 1615 ein son, Ingebrigt, som då er sagt å vera 28 år, og dermed fødd i siste del av 1580-åra.Eg kan elles opplysa Gudmund Balvoll om at kjelda til brevet frå 1561, er ei avskrift av brevet som finnest i den såkalla Iver Erikssøn Legangers jordebok frå 1680-åra, og som finnest i Universitetsbiblioteket i Bergen. Det finnest ei rekkje avskrifter av atkomstbreva til jordegodset til Iver Leganger i denne boka, men 1561-brevet er så vidt eg minnest det eldste av dei. Eg er samd i at Olav Atlesson truleg må vera ei feilskriving av Olav Aslaksson, som det er rimeleg å gissa har vore morfar til Samson Ingebrigtsson. Det vert også sagt rett ut i 1561-brevet at Samson er son til Ingebrigt Pedersson på Tenål.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jo Rune Ugulen

Og: Nokon riddar Olav Aslaksson fantest ikkje på 1500-talet i Sogn. Dersom Olav Aslaksson skal reknast til det som vert omtalt som adelen, som i og for seg er rimeleg, har han neppe vore meir enn væpnar. Men han er aldri nemnt med noko form for titulatur.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gudmund Balvoll

Javel, så var altså Samson Ingebrigtson i livet etter år 1600. Men då trur eg han må ha reist frå bygda, for i 1602 var det to av sønene hans som var bønder på Finnen. Det er elles positivt av vi kan vera einig om at morfar til Samson var Olav Aslakson. Eg har sjølv skrive at eg ikkje trur at Olav var riddar. Kunne vi også vera samd om at Olav truleg var gift med ei jenta av Kruckow-ætt,er eg nokså nøgd. Då manglar det berre at adelsforskarar interesserer seg for jordegodset på Tenål og eventuelle adelsfolk der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gudmund Balvoll

Eg etterlyser endå eit papir som er omtalt i den gamle bygdeboka. Det gjeld eit skifte i 1637 etter ei dotter til Samson, Anna, gift til Kvamme i Kvamsøy sokn. Etter henne skulle det vera mykje jordegods og sølv.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jo Rune Ugulen

Eg kan ikkje sjå nokon grunn til at Samson har reist frå bygda i det heile. For det første må ein hugsa på at han etter alt å døma var adeleg i dei første åra av 1600-talet, og det er nok dette som er hovudårsaka til at han ikkje dukkar opp i skattelistene for denne tida. Frå 1611 av er han jamt nemt på Finne mest kvart einaste år fram til 1626. Tida etter har eg ikkje undersøkt systematisk.Vi kan vera samde om at det er ei rimeleg gissing at Olav Aslaksson kan vera morfar til Samson, ja. Men ikkje noko meir enn at det er ei rimeleg gissing. Noko kopling til Kruckow'ane ser eg derimot ikkje nokon grunn til vera samd med deg i. I det minste må du gje meg nokre argument for at det skal vera ei slik kopling, før eg i det heile vil tenkja på å seia meg samd.Elles er nok interessa for Tenål-godset til stades, men det var dette med forskingsfinansiering då...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Bakgrunnen for ei mogeleg tilknytting for Samson Ingebrigtson til Kruckow-ætti har truleg samanhang med den saki som fann stad i 1585, der Samson stemnde lagmann Hans Johnson Teiste for odelsretten til Fet-godset i Hafslo, eit gods som jo hadde vore i Kruckow-ætti ei viss tid...Eller kan det tenkjast at Samson ætta ned frå dei som åtte Fet-godset FØR Kruckow'ane tok over?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jo Rune Ugulen

Eg har ingen problem med å sjå at det er ting som tyder på slektskap mellom Samson Ingebrigtsson og Kruckow'ane, men dette treng slett ikkje gå gjennom Olav Aslaksson. Det er det som var poenget mitt, men det kom vel ikkje heilt klårt fram. Så vidt eg veit, er det vel heller ikkje noko som knyter Olav Aslaksson til Fet.Det er elles mykje som kan tenkjast:-) Eit problem med Kruckow'ane er at mange har ein tendens til å sjå berre på dei med kjend tilhøysle til slekta, og ikkje dei mange andre... Det er nyare forsking på gang kring dette problemet, og i løpet av eit par år bør vel det verta publisert også. Men eg kan ikkje føregripa det her. Det vil ikkje vera rett andsynes dei som driv med det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gudmund Balvoll

Eg gir ikkje opp denne flytteteorien for Samson Ingebrigtson så lett. Etternamnet Finnen eller Finden var eit adressenamn, ikkje noko ærverdig familienamn. Dersom Samson flytta, ville han dermed få eit nytt adressenamn slik det var vanleg for dei aller fleste i distrikt. Namnet Widekiær kom inn etter år 1600 og etter mitt skjøn er det utenkeleg at dette er eit familienamn han fekk med seg frå Tenål. Følgjeleg må det vera ein forvanska skrivemåte for eit stadnamn. Det einaste stadnamnet eg finn som dette kan vera i området er Vattkar lengre ut i Sognefjorden. Eg ser det som lite sannsynleg at Samson har flytta dit. Følgjeleg må vi lenger unna. Det er difor interessant med denne Ole Vedscher som Lars Øyane nemner. Med omsyn til Olav Aslakson: Heiberg skreiv at Olav hadde sonen Aslak som også budde på Fet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jo Rune Ugulen

Finnen er ikkje eingong eit etternamn, det er ei adresse. Korkje meir eller mindre. Han heitte Samson, og var ein Ingebrigtsson. Widekjær (med variantar) kan ha mange årsaker, men eg trur ikkje du skal sjå deg blind på at det er eit stadnamn.Elles skal eg retta meg sjølv litt. Samson Ingebrigtsson betalar leidang første gong i 1616/1617, og er då nemnt på Finnen. Først i 1620 er han registrert mellom landskattbetalarane. Derimot finn vi han alt i 1613 mellom dei som betalar skatt av jordeigedom. Heile denne tida bur han på Finnen, ein gard han er skriven til i 1591 då han signerer adelshyllinga. Dette indikerer sterkt at han har vore skattefri i perioden mellom 1591 og 1613/1617/1620.M.o.t. ein son av Olav Aslaksson på Fet, så kan ikkje eg sjå at det i tida 1522-1626 har vore ein Aslak på Fet i det heile. Heller ikkje om ein skulle koma til å skriva det Atle. Olav Aslaksson kan ikkje knytast til Fet på noko vis heller. Så dette trur eg rett og slett ikkje at Heiberg har dokumentasjon på.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jo Rune Ugulen

Samson Ingebrigtsson er dessutan etter alt å døma identisk med ein Samson som også i 1611 er nemnt mellom dei som skattar av jordeigedom i Vik skipreide det året, men han er då ikkje nemnt med patronym.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Her var det ein del spanande som kanskje kan vera verd å spinna litt vidare på. I første omgang trur eg at vil prøva å stilla nokre spørsmål og leva i vona på svar.For det første, kven var denne godseigar Heiberg som er nemnd i innlegg (7)?Det er også nemnd ein gard, Bruavoll som skal ha kome frå Olav Aslaksson. Ligg denne garden i Vik?Er det nokon som veit om breva i Iver Legangers jordebok no er offentleggjort i avskrift eller i original?I innlegg (10) vert det hevda at Olav Aslaksson var gift med nokon frå Kruchow-ætta. Kjenner nokon bakgrunnen for denne påstanden? Ser at Ugulen er skeptisk til at det har vore noko samband mellom Olav og ætta Kruckow. Er denne skepsisen like stor framleis, eller har dette endra seg til dømes etter at Olavs gåve (Høgi) til Adalis Kruchow g. Benkestok vart kjend? (jamfør Arne Kvitruds artikkel).Lars E. Øyane nemner at Samson Ingebrigtsson stemna Hans Jonsson Teiste for odelsretten til Fet i 1585. Denne Hans var vel kanskje son til Jon Andersson Teiste, men kva var Hans Teiste sitt samband med Kruckow. Nokon som har dette rimeleg klårt for seg på ståande fot?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jo Rune Ugulen

Svært kort til spørsmåla dine: Heiberg, er rimelegvis Gert Falch Heiberg (d. 1944 eller deromkring), som var svært historieinteressert, og som mellom anna grunnla De Heibergske Samlinger.Bruvoll/Bruavoll er rimelegvis den garden som i dag ligg under matrikkelgard nr. 14, Myrkaskog, i Vik.Iver Legangers jordebok (UB Bergen ms 81) er meg kjent ikkje transkribert eller publisert nokon stad, men den dukkar nok opp før eller seinare skal du sjå:-) I alle høve er det min plan å ta med alle relevante brev frå før ca 1570 (eitt til to brev) i band 24 av Diplomatarium Norvegicum, men det er ei stund fram dit. Men det er meir å henta vedrørande 1600-talet i Sogn, enn om eldre tider i den jordeboka.Eg siterer mitt innlegg 14: 'Eg har ingen problem med å sjå at det er ting som tyder på slektskap mellom Samson Ingebrigtsson og Kruckow'ane, men dette treng slett ikkje gå gjennom Olav Aslaksson. Det er det som var poenget mitt, men det kom vel ikkje heilt klårt fram. Så vidt eg veit, er det vel heller ikkje noko som knyter Olav Aslaksson til Fet.' Eg er såleis like skeptisk til påstanden som eg har vore før.Hans (Jonsson) Teiste til Fet er son til Jon Teiste Andersson som igjen var son til Anne Kruckow. Jon Teiste Andersson var gift med ei Øllegård Pedersdotter som vi ikkje kjenner opphavet til. Far til Samson Ingebrigtsson heitte Ingebrigt Pedersson. Det er ei tenkbar løysing her, sjølv om det trengst mykje meir arbeid for å stadfesta (eller avkrefta) den.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jo Rune Ugulen

Svært kort til spørsmåla dine: Heiberg, er rimelegvis Gert Falch Heiberg (d. 1944 eller deromkring), som var svært historieinteressert, og som mellom anna grunnla De Heibergske Samlinger.Bruvoll/Bruavoll er rimelegvis den garden som i dag ligg under matrikkelgard nr. 14, Myrkaskog, i Vik.Iver Legangers jordebok (UB Bergen ms 81) er meg kjent ikkje transkribert eller publisert nokon stad, men den dukkar nok opp før eller seinare skal du sjå:-) I alle høve er det min plan å ta med alle relevante brev frå før ca 1570 (eitt til to brev) i band 24 av Diplomatarium Norvegicum, men det er ei stund fram dit. Men det er meir å henta vedrørande 1600-talet i Sogn, enn om eldre tider i den jordeboka.Eg siterer mitt innlegg 14: 'Eg har ingen problem med å sjå at det er ting som tyder på slektskap mellom Samson Ingebrigtsson og Kruckow'ane, men dette treng slett ikkje gå gjennom Olav Aslaksson. Det er det som var poenget mitt, men det kom vel ikkje heilt klårt fram. Så vidt eg veit, er det vel heller ikkje noko som knyter Olav Aslaksson til Fet.' Eg er såleis like skeptisk til påstanden som eg har vore før.Hans (Jonsson) Teiste til Fet er son til Jon Teiste Andersson som igjen var son til Anne Kruckow. Jon Teiste Andersson var gift med ei Øllegård Pedersdotter som vi ikkje kjenner opphavet til. Far til Samson Ingebrigtsson heitte Ingebrigt Pedersson. Det er ei tenkbar løysing her, sjølv om det trengst mykje meir arbeid for å stadfesta (eller avkrefta) den.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leiv Magne Apelseth

Kan ikkje Bru(a)voll like greit vera grd 33 'Bruaruollum' i Olden i Nordfjord då? Lenke .

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jo Rune Ugulen

Kvifor skulle det vera det?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Karin Romstad

Til Jo RuneEr det flere samtidige personer ved navn Ingebrigt Pederson, eller kan han være den samme som opptrer på vegne av Ingrid Ormsdatter vedk. gods i Onarheim? Vet du hvilken Opheimsgard han eier i på Voss?Mvh Karin

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Kan hende misforstår eg Jo Rune Ugulen her, men eg forstår det slik at han ikkje ser det som naudsynt at det var noko slags samband mellom Kruckow og Olav Aslaksson. Korleis tolkar han då dei opplysningane som Arne Kvitrud kjem med i sin artikkel om Kruckow. Eg la inn ein kopi av dette avsnittet i den andre debatten, men kan gjenta essensen her:'I 1505 ga Oluf Aslaksen som kom fra Vik i Sogn tre løpsbol i Høgi til sin “fencke” (kvinnlig slektning) hustru Adeludtz Eriksdatter (NHD 17.7.1604 side 56). Høgi var senere eid av Benkestok-familien. Det tyder på at Kruckow-ætten hadde røtter i Sogn tilbake til 1400-tallet. Oluf Aslaksen har vært i slekt enten med Kruckow eller Smør-ættene. Vi ser i 1520 at Lasse Kruckow da betaler inn en bot for Oluf Aslaksen. Oluf og Adelutz har nok likevel ikke vært nærmere i slekt enn søskenbarn, da de da ville ha brukt et annet ord enn frenke'.Dette kan vel neppe kallast noko prov på at det var slektsskap mellom Olav og Kruckow, men eit sterkt indisium må det vel vera.Takk elles for utgreiinga i innlegg (20).Trass i at eg har leita ein del etter Olav A. i rekneskapsbøkene for Bergenhus, så har eg ikkje klart å finna Olav nemnd fleire gonger enn då han sende med Lasse Kruckow pengar for å betala ei bot for knivstikking.Jordeboka til erkebiskop Olav Engelbrigtsson viser at erkestolen rådde over ganske mykje gods nettopp i Vik. Heile 7 gardar hadde dei inntekta av i Vik prestegjeld. Desse var:Ffillien 1 1/2 laup smør 1 hudSkerffwen 1 laup smør 1 hudSøby 8 marc smør i engeleieSeem 1/2 laup smør i engeleieTwnøll 1 laup smør 1 hudWang 1/2 laup smør 1 geitskindWangnes 1 laup smørVi ser at også Tenål er blant dei gardane erkebiskopen har inntekt av kring 1533 (?).Sidan tyngda av godset til erkebiskopen i Sogn låg nettopp i Vik, så kan det ikkje vera utenkjeleg at Olav Aslaksson kom til Vik som ombodsmann for erkebiskopen?Elles har eg problem med å finna ut kva for kjelder det er som knyter Olav til Vik. Her må det vel finnast kjelder som så langt ikkje er nemnd i debatten, (kanskje fordi det er ved sida av temaet?)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leiv Magne Apelseth

22. Ikkje anna enn at eg hadde satt nokre spørsmålsteikn rundt denne garden Bruvoll i Olden, og Tunål i Oppstryn i samband med noko arbeid eg ein gang gjorde med Margareta Vigfusdatter sine norske eigedomar. Tanta Ragna og onkelen Jon eigde jord kring Emblem innanfor Ålesund. Eg har vel då kopla Tunål i Oppstryn til dette. Koplinga mot Bruvoll i Olden er eg litt usikker på, men eg var gjennom ein del eldre ting av Steinnes, N. Stene og nokre bygdebøker i dette arbeidet. Truleg har eg opplysninga kring Bruvoll i Olden der i frå. Heile dette arbeidet var vel for å sjekke om det kunne vera konsentrasjonar av jordegods utover i mellomalderen som kunne sporast attover til gardane i Henrik Høyers 'gamle etleg'. Og då desse to gardane og jordegodset til Ragna og Jon var i kjerneområdet til dei øvrige etleg-gardane, har eg vel merka ut desse to gardane som interessante.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.