Gå til innhold
Arkivverket

[#5971] Samson Ingebrigtsøn Widekiær


Gjest Marianne Vestli
 Del

Recommended Posts

Gjest Jo Rune Ugulen

(25) Det var dette med å gå over bekken etter vatn, då Leiv Magne:-) Du har tydeleg ikkje lese brevet. Der går det veldig greitt fram kvar både Bruavoll og Tenål ligg. Og det er ikkje i Nordfjord.(24) Ein kan seia mykje positivt om Arne Kvitrud og innsamlingsarbeidet hans. Det er til dømes nyttig å ha så mykje stoff samla på ein stad. Men det er også massevis av feil, misskrivingar og mistydingar. Difor bør ein nytta det som ligg ute på sidene hans, med stor varsemd. Lat oss taka koplinga til Vik først. Det finst ikkje noko som helst direkte prov som knyter Olav Aslaksson til Vik, like lite som det finst noko som knyter han til Fet i Hafslo. Opplysningar frå 1600-tals våpenbøker er notorisk upålitelege, og sjølv om skjoldet hans skulle ha vore på Fet, treng ikkje han ha budd der sjølv. Kvitrud slår til dømes fast at Olav Aslaksson budde på Stadeim/Staim i Vik. Det er det ikkje belegg for. Så der er vi samde - at det ikkje finst noko dokumentasjon på at han var frå eller budde i Vik. Men det er jo heller ikkje noko som dokumenterer at han budde andre stader. Ombudsmenn vart gjerne rekrutterte lokalt, og det er ikkje urimeleg å rekna med at han i det minste var frå Sogn.Så til Olav Aslaksson og Kruckowane. Eg har kommentert koplinga mellom Samson Ingebrigtsson og Kruckowane (dvs eigentleg Teiste), det trudde eg var klårt i oppklaringa mi i innlegg 14. _Det_ sambandet treng slett ikkje gå gjennom Olav Aslaksson. Eg trur at den koplinga er enkel og liketil, nemleg at far til Samson og mor til Hans Teiste var søsken. Samson har dermed sak med søskenbarnet om Fet i 1585. Korleis Fet har enda opp den vegen, er ei anna sak, og ikkje heilt enkel å svara på. Det krevst meir arbeid, og det er eit lite persongalleri å handtera også her. At Olav Aslaksson også kan ha ei kopling til Kruckow, vil eg ikkje utelukka. Korleis den er vil eg ikkje drista meg til å gissa på.(23) Nei, eg trur ikkje det er same mann, Karin. Begge namna, Ingebrigt og Peder, er så vanlege på Vestlandet at det vil heller ikkje vera særskilt oppsiktsvekkjande at det ikkje er same mann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Eg kan jo samstundes ta med ein regest av det mykje omtalte 1561-brevet her. Kjelda er ei avskrift frå 1680-åra (eller deromkring) i den såkalla Iver Legangers jordebok (UB Bergen ms 83, ikkje 81 som eg kom i skade for å skriva tidlegare. Regesten er gjort av meg, og er ikkje korrekturlesen på noko vis, og den inneheld kommentarar som eg gjorde til meg sjølv då eg regesterte brevet. Brevet er interessant på fleire måtar, ikkje minst det at forskjellige teigar ser ut til å ha vore i eiga til forskjellige kloster, og at også teignamna har preg av dette:Kunngjering frå Lodin Andersson på 85 år, Ola Arnesson på 78 år, og Simon Olsson på 57 år og lensmann i Vik skipreide, alle lagrettemenn i Vik skipreide, og mange av oss yngre den tid våre salige foreldre døydde en seks og tjue år (sic), og alle så vel som våre foreldre og forfolk kunnige bekjente i Viks bygdelag både til fjells og fjære, kunngjer vi med dette vårt åpne brev at anno 1561 den 7. mars i vår vanlege tingstove på Hopperstad i Vik, i nærvære av ærleg og velbyrdig mann Olav, då kongeleg befalingsmann i Sogn, som på same tid sendte oss dit, til å svara og vitna prov og vitnesbyrd om kor vidt og breidt Øvstedal (Vik 13) i Vik med sine merker, og særskilt den odel og eigedom som har vore salig Olav Atlessons [feil for Aslaksson?] odel og no er komen arveleg og lovleg til Samson Ingebrigtsson med sin far Ingebrigt Pedersson, som no er til stades. Øvstedal som ligg i Tenål kyrkjesokn har følgjande merker: Først frå Raudegrov ('Rødegroff') nest heiman for Røyrset (vel Vik 11 Grønsberg) som er Apostelgods, ligg ein teig som kallast Bruvoll (Vik 14), og er av Olav Atlessons gods som no er arveleg tilfallen Ingebrigt Pedersson med sine kjære barn, strekkjer seg frå elva i fjellet. Dinest ein teig som kallast Mørkeskog (Vik 14) med same utstrekning og eigedom. Dinest ein teig som kallast Munkelivteig, som er ein engeteig opp under hamrane og skal vera gjeven av same odel under klosteret. Dinest ein Hjelmengeteig ('Hielm-Engeteig') som no vert brukt til ein øydegardsteig av eigaren, førnemnte Ingebrigt, og har alltid vore brukt under Tenål (Vik 4) til ein slåtteteig. Dinest ein teig som kallast 'H.....teig' som strekkjer seg over elva og opp i 'Blom.....' som vert kalla 'Sethebacke', og er salig Olav Atlessons odel og eigedom, og no følgjer Ingebrigt med sine kjære barn. Nok ein engeteig som kallast Lyseteig (Vik 13), som alltid avgår 1 laup i landskyld til Lyse Kloster, som odelsmennene har skjenka til klosteret, og framleis til denne dag følgjer og strekkjer seg heim i merke med Turrvoll (Vik 12) som er Apostelgods. Vi veit ikkje anna rettare mellom Gud og oss at førnemnte Øvstedal både er og har vore Samson Ingebrigtssons rette arv og odel, ettersom han no med sin kjære far har hevd og følgjer den.Til Karin (23): Eg har tenkt litt meir på om det likevel ikkje kan vera same Ingebrigt Pedersson, og må revurdera utsegna mi noko. Det kan tenkjast at det kan vera same mann:-) Lenger enn det vil eg ikkje gå no.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Takk til Jo Rune for ymse utgreiingar.Det må vel vera ein annan artikkel av Kvitrud om Olav Aslaksson som du viser til enn den som eg lenkjar til om Kruckow?Når eg meiner koplinga mellom Krukow og Olav A. er uproblematisk, så er det nettopp den kjelda som Kvitrud viser til der Olav kallar Adalis Eriksdotter (Kruckow) for frenka si. Dette er vel så nær ei samtidskjelde som det kan vera. Men dette har naturlegvis likevel som føresetnad at ein aksepterer Adalis som ein Kruckow. Når Olav tiltrur Lasse Kruckow å betala bota han er skuldig til Bergenhus så peikar naturlegvis også dette i same retning.Eg seier ikkje dermed at ein finn årsaka til det nemnde odelskravet i denne koplinga.Eg skjønar at det heller ikkje er heilt avgjort at Olav Aslesson i brevet frå 1561 er identisk med Olav Aslaksson.Det einaste som verkar å vera rimeleg sikkert kva gjeld desse tilhøva er at det framleis er mange lause trådar å nysta på.Til slutt vil eg gjerne spørja om kvifor Olav Aslaksson vert tillagt å vera av Aspa- og Brattslekt? Kva er bakgrunnen for ein slik påstand?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Til (26)Det viser seg likevel at det er ei kjelde som kan tyda på at Olav Aslaksson er knytt til Vik i Sogn. I NRJ BIII s. 407 (1522) er nemnd ein Olav Aslaksson i Vik, utan nærare stadfesting til gard. Han må ut med 2 mark i pengar og 4 lodd sølv i tiendeskatt. Det betyr vel eigentleg at Olav skattar så mykje, kanskje for jordegods i Vik, utan at han treng å bu der?Olav Aslaksson som er nemnd under Vik er, så vidt eg kan sjå, den einaste med det namnet som er nemnd i Sogn i desse skattelistene frå 1520-åra.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

I 1521 ser det ut som om Olav Aslaksson har vore i teneste hos Nils Henriksson (på Austråt). Han har da betalt inn eit ganske stort beløp frå Sogn på ein skatt som er kalla 2-marksskatten. Det var Jens Skrivar som hadde teke mot desse pengane og betalt dei vidare til Bergenhus. På den same lista står oppført mindre beløp både frå Fosen, Edøy, Stjørdal og Selbu, samt Romsdal. Beløpet frå Sogn var om lag dobbelt så stort som dei andre beløpa tilsaman. Eg er litt usikker på korleis dette skal tolkast. Kan hende at den gode Nils Henriksson hadde tyngda av jordegodset sitt i Sogn? Det er også berre i Sogn at namnet på oppkrevjaren er oppgjeve.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.