Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Kate Øren

[#6221] Torgeir Andersson Hopen, Kinn

Recommended Posts

Gjest Kate Øren

Eg har ikkje greid å finne foreldra til Torgeir Andersson Hopen, berre ei rekkje moglege kandidatar. Torgeir døydde i 1840, 89 år gamal. I den sjømilitære rullen er det opplyst at Torgeir skulle vere fødd i 1752, mens han i 1801 var 34 år.Torgeir gifta seg i 1792 med enka Guni Johannesdotter Hopen. Forlovarane heiter Lars Monsson Brandsøy og Anders Torsteinson Høydal.Torgeir finnast ikkje i registeret for døypte i Kinn 1730-1785, og det kan tyde på at Torgeir kom frå midtre eller indre Sunnfjord.Det finns nokre kandidatar: Anders Larsson Nordal g.m. Kari Torgeirsdotter Svarthumle, Anders Bårdson Andal g.m. Magli Torgeirsdotter. Er det nokon som har opplysningar som kan kaste lys over saka?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Hallo Kate.Jeg er klar over at Familysearch ikke er verdens beste kilde.Men ved søk der over fødte i Sogn og Fjordane 1760 +/- 20 år gav kun følgende kandidater.Torgier Andersson døpt 20.03.1746 i Jølster med far Anders og Torger Anderson døpt 06.06.1749 i Luster med Anders Torgerson og Kirsten Jensdtr. som foreldre . Det kunne kanskje være bryet verdt å se nærmere på disse kandidatene.Mvh. Rune

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kate Øren

Takk for opplysningane.Slik eg ser det, kan eg utelukke at Torgeir kom frå ytre Sunnfjord. Denne Torgeir som er fødd på Jølster er mest interessant. Ifølgje overformyndarprotokollane fins det ein Torgeir Andersson Løset som er 16 år i 1765, dvs. at han er fødd kring 1749.Kanskje nokon har kjennskap til familiane på Løset på midten av 1700-talet?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.