Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Olav Gatland

[#6538] Arbeidsanstalten 18-6 Bergen.

Recommended Posts

Gjest Olav Gatland

Kan noen der ute forklare hvordan ei enke "Almisseenke" kunne dø på arbeidsanstalten i Bergen 87 år gammel.Er dette også ett fengsel? I 1865 bor det også mange straffanger. Enkas navn er Elen Karine Jakobsdtr. død 1886. Hennes mand Rasmus Knutsen Sæle døde 1844 hadde også adr.18-6 (Allehelgensgte.nr.3 i dag?)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Dette huset var det som i min ungdom var politikammer i Bergen. Det låg der Bergen byrarkiv ligg no, etter det eg veit, rett bak Manufakturhuset - og rett overfor dagens politihus. Det var ikkje noko fengsel, men heller ein stad der arbeidslause kunne arbeide for føde, friviljug eller sett der av styresmaktene. Det finst nokre artiklar om Arbeidsanstalten. Frode Ulvund ved hist/uib har ein del på internett, meiner eg.På Arbeidsanstalten finn du alle slags folk, frå prostituerte, drankarar, fatigfolk av ymse slag til kjeltringar og avdanka tenestemenn. Felles for dei var nok at dei anten ikkje kunne fø seg sjølve eller at dei eller andre hadde trong for å vere/få dei - ut av deira vante miljø for ei tid.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Frode Ulvund

Arbeidsanstalten hadde to avdelingar; ein fattigavdeling og ein tvangsavdeling. På fattigavdelinga finn ein gamle og uføre, dei meir klassiske fattig/almisselemmane, som Elen Karine er eit døme på. På tvangsarbeidsanstalten (som også ein del av fattiglemmane kunne ha bakgrunn frå), finn ein derimot det øvrigheita oppfatta som byens mest uverdige fattige og anna "utskot". Mellom dei kvinnelege tvangslemmane var dei fleste prostituerte, og dei fleste var også ganske så unge. Mennene var ein del eldre, men heller ikkje desse spesielt gamle, omlag 2/3 av mennene var under 50 år i tida 1850-75. Den typiske mannlege tvangslemmen var ein drankar og småkriminell. Tvangsarbeidsanstalten var ikkje noko fengsel eller straffeanstalt formelt, men fungerte i praksis som det. I motsetnad til innsetjing i straffeanstaltane som krevde dom, kunne innsetjing i tvangsarbeidsanstalten skje etter administrativt vedtak av politiet (tvangsarbeid fekk ein inntil seks månader).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Frode Ulvund

Som Bjørn skriv, låg både arbeidsanstalten og tvangsarbeidsanstalten rett bak manufakturhuset. Arbeidsanstalten (ferdig 1864) låg akkurat der Byarkivet ligg i dag, medan tvangsarbeidsanstalten (og den gamle arbeidsanstalten) låg på det som i dag er ein parkeringsplass. Eit kart og nokre bilete frå desse to husa finn ein her.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Olav Gatland

Takker for god informasjon. Olav.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×