Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Bernt R. Sørensen

[#6692] Hvor er Elvebakken i Os/Hordaland?

Recommended Posts

Gjest Bernt R. Sørensen

Jeg søker info om Andreas Martin Grung f. 1827 i Bergen. I den forbindelse har jeg støtt på gården Elvebakken i folketellingen fra 1865. Jeg finner her den som jeg antar er enken etter ham, samt hans/hennes 5 år gamle sønn. Ved oppslag i bygdebøkene fra Os finner jeg ikke denne gården, og jeg tviler derfor på om den eksisterer. Jeg finner den heller ikke i Rygh's gårdsfortegnelse. Ut fra nummerrekkefølgen i folketellingen bør stedet ligge ved gårdene Bjånes og Hatvik. Er det noen som vet noe om dette?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Eg trudde Elvebakken var rett før du kjem inn til Øsøyri frå Bergen - om lag der tettstaden no tek til, like attmed elva. Meiner der er/var ein kafé der. Men det kan godt hende eg tek feil.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Heidi Tofterå Slettemoen

På mitt framifrå vestlandskart er heller ikkje Elvebakken merka, men verdt å nemna er at Harvik og Bjånes ligg like austom Osøyro ved rv. 552, slik at det Davidsen seier kan vere ganske rett...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest eva mostika

jobber med saken, kjenner fam.Grung samt endel eldre mennesker som kan ha forbindelse til gården Elvebakken. sender mer seinere i kveld.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Går du inn i 1900-tellinga, vil du finne Elvebakken saman med Stegen. Stegen ligg like nordom sentrum i Os, på vestsida av vegen. Gardsnummeret som truleg har med Elvebakken å gjere, er det same som for Prestegarden. Eg vil difor tru at dette er eit bruk på austsida av vegen ned mot elva og nordom Prestegarden - på høgde med Stegen. Men eg finn ikkje namnet Elvebakken på Maponweb - og noko betre kart for området har eg heller ikkje. Likevel trur eg vi er i nærleiken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Astrid Anmarkrud

Elvebakken finnes i dag,rett nord for sentrum. Det hadde vert en hjelp å få navn på enke og barn. Videre er det en plass i nærheten som ble kalt Grunkeplass OS 6 s.426 i Os Soga.Det var et stykke av prestegården festet av Petter Jakobus Grung fra Bergen.f.1800 Sunnmøre. Han har bl.et barn Andreas f.1836.g.1857 Kari Orrebakken Mvh Astrid

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bernt R. Sørensen

Årsaken til at jeg trodde Elvebakken lå ved Bjådal/Hatvik var at den i FT1865 fulgte i kronologisk rekkefølge etter Bjånes. Og registreringen følger gårdnumrene.Men jeg har også fått hint om at Elvebakken ligger nord for Os sentrum på østsiden av E39. Jeg har imidlertid ikke klart å finne de aktuelle personene i dette området når jeg har lett i bygdeboken. Disse personene er forøvrig (som jeg glemte å si i mitt første innlegg) enke Kari Andersdtr. (36 år) og sønn Ananias Andreasson (5 år).Petter Jacobus Grung på Grunkeplass er min tipptipp-oldefar. Jeg har funnet 9 barn etter ham og Ane Johanne Andersdtr. Blant disse er Andreas f.1836 i Fusa(?)og Andreas Martin f.1827 i Bergen. Det er sistnevnte som jeg mener giftet seg i 1857 med Kari Andersdtr.Forøvrig satt Andreas Martin i fengsel 1851 i flg Fenselsprestens kopibok, uten at jeg har klart å tyde hva han satt inne for. Er det noen som er flink i skrifttyding?(Lenke, dersom denne linken virker)Jeg samler forøvrig på Grung'er. Alle av denne sorten stammer så vidt jeg har funnet ut, fra Frans Diderich Grung f. ca. 1700.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jo Rune Ugulen

Dersom du ser på personnummera har folka på Elvebakken nummer 18-20. Posten framanføre (på Bjånes) har 14-17, og posten etter (også Bjånes) har 21+. Dermed skulle det vera nokså tvillaust at det her er snakk om namnet på ein plass under Bjånes.Den andre Elvebakken det har vorte referert til her, ligg under garden Kuven (trur eg), alternativt under Sveo eller Os prestegard. Om det er namnet på ein gammal husmannsplass veit eg ikkje, men i det minste var det namnet på ein kafé som låg der tidlegare. I dag er det ein fotograf som held til der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jo Rune Ugulen

At du ikkje finn plassen i bygdeboka er ikkje overraskande. I likskap med dei aller fleste bygdebøkene frå denne tida, handsamar også Os-bøkene i hovudsak _gardbrukarane_ sine ætter, og har med svært lite husmannsfolk. Ta kontakt med stadnamnarkivet på Nordisk institutt ved Universitetet i Bergen. Dei kan nok tvillaust hjelpa deg med å få stadfest om det finnest/fantest ein husmannsplass under Bjånes med dette namnet. Ellers vil kan henda pantebøkene på Statsarkivet gje svaret.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Her må det visst litt klårgjering til:1. Elvebakken finst ikkje på Bjånes eller mellom Bjånes (-Bjonæs i FT 1865) og Hatvik, mest truleg avdi det ikkje er noko elv i nett det området som kunne gje opphav til eit slikt namn.2. Derimot finst Elvebakken i Os i allefall to stader: A) Ein gamal husmannsplass som låg på grense/utmarka mellom gardane Kuven (gnr. 54 no) og Os (gnr. 55); altså prestegarden). I meir moderne tid har det - som påpeikt av herrane Davidsen og Ugulen - vore kafè der (fire meter frå riksvegen), og no er det ein fotograf der. Det renn ei lita elv framom, ikkje stort meir enn ein bekk men likevel stor nok til å vera opphavet til eit stadnamn. (Bekken kjem frå Banktjørna og renn saman med Mobergselva/Baronselva og munnar ut i Oselva nede på Osøyro).B) Elvebakken under garden Hauge (gnr. 63 no); grannegard til Os. Elva som skil desse gardane er Oselva. Denne plassen heiter i daglegtale Orrebakken - eit namn i allefall Ugulen kjenner, og i seinare folketeljingar er det dèt stadnamnet som vert brukt. Prefixet Orre- kan koma av treslaget Or /Older .... Men mest truleg av av ei åre, då dette fra gamalt av var lendingsplassen for dei som kom i båt til Os-kyrkja, altså roande. Orrebakken (-Elvebakken) ligg aust om Oselva og rett ovanfor Os kyrkje og Osøyro.3. Plasseringa av Orrebakken/Elvebakken og postane 1846 - 1848 i FT 1865 mellom Bjånes og Hatvik er openberrt er feilføring gjort av vedkomande manntallsførar. Dei skulle, som nemnt, vore under garden Hauge.4. Det første Elvebakken gjekk i daglegtale under namnet "Grunkeplass" etter opphavsmannen Petter Jakobus Grung. Han og kona finn ein som postane 1527 og -28 i FT 1865, under "Udgjærde", som var ein husmannsplass under prestegarden.5. Os prestegard hadde i si tid desse husmannsplassane: Sveo (Sveen), Utgjerdet, Grunkeplass, Osgrinden "Grinno", Nedre Osgrind, Stølen (altså Os-stølen) og i tillegg Klokkargarden. Alle desse namna eksisterer i dag og er bebygde - unnateke Grunkeplass/Elvebakken som vart nedlagt og "fusjonerte" med Nedre Osgrind.6. Namna Osgrinden og Nedre Osgrinden kjem av at skiftet mellom prestegarden og garden Kuven gjekk der i gamal tid. Desse to plassane festa noko av jorda si av Kuven og noko (mesteparten?)av Os, men vart rekna inn under Os. Og sidan Os-kyrkja eigde både Os og Kuven vart det vel eigentleg ikkje så nøye kvar feste- og bygslemennene vart oppførde .... Som eit kuriøst à propos kan eg nemna at dei einaste osingane som i dag nyttar etternamnet Os er dei som kjem frå "Grinno".7. I følgje Os-soga (Nils Tveit, Gards- og ættesoga for Os, 1932-1941) festa Petter Jakobus Grung, "eit stykke av prestegarden og busette seg her i 1838. Han kom til Os ikr. 1830, men flutte straks etter til Fusa og var der til 1838". (Band III, s. 426-27). Petter som var skomakar var fødd på Sunnmøre ca. 1800 og døydde i Os i 1881. Kona Anna Johanne Andersdtr. var fødd i Fjell i 1798 og døydde også i Os, i 1878. Os-soga nemner 6 born, men ikkje den Andreas Martin som Bernt R. Sørensen søkjer. Derimot ein Petter Jakobus jr. "f. 1841, g.b. i Nordland", så kanskje Bernt Sørensen må søkja i Nordland også ??8. Nils Tveit skriv at den Andreas som vart gift med Kari Andersdtr. Elvebakken (- Orrebakken) under Hauge "f. på prestegarden 1836", altså medan foreldra heldt til i Fusa. Men det kan godt henda at skomakar Petter Jakobus hadde eitt og anna ærend der eller at han "bearbeidde" Os-presten, slik at han fekk festa eit jordstykke to år seinare; jfr. det eg skreiv ovanfor.Andreas Orrebakken døyr allereie i 1861, sonen Annanias vart bakar i Austevoll (ein annan son, Andreas jr, "f. 1859, d.ug." ifølgje Tveit, truleg før FT 1865; sidan vi ikkje finn han att der. Mora Kari Andersdtr. gifte seg oppatt med ein ny mann i 1868. Sonen deira fekk namnet Karl Andreas. Andreas-namnet vart såleis ført vidare slik skikken då var -. (band III, s. 548-49).Og med dette reknar eg mysteriet som oppklart, og håpar at Bernt R. Sørensen fann dette rimeleg klårgjerande.Med vennleg helsing, Terje Hatvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Her må det visst litt klårgjering til:1. Elvebakken finst ikkje på Bjånes eller mellom Bjånes (-Bjonæs i FT 1865) og Hatvik, mest truleg avdi det ikkje er noko elv i nett det området som kunne gje opphav til eit slikt namn.2. Derimot finst Elvebakken i Os i allefall to stader: A) Ein gamal husmannsplass som låg på grense/utmarka mellom gardane Kuven (gnr. 54 no) og Os (gnr. 55); altså prestegarden). I meir moderne tid har det - som påpeikt av herrane Davidsen og Ugulen - vore kafè der (fire meter frå riksvegen), og no er det ein fotograf der. Det renn ei lita elv framom, ikkje stort meir enn ein bekk men likevel stor nok til å vera opphavet til eit stadnamn. (Bekken kjem frå Banktjørna og renn saman med Mobergselva/Baronselva og munnar ut i Oselva nede på Osøyro).B) Elvebakken under garden Hauge (gnr. 63 no); grannegard til Os. Elva som skil desse gardane er Oselva. Denne plassen heiter i daglegtale Orrebakken - eit namn i allefall Ugulen kjenner, og i seinare folketeljingar er det dèt stadnamnet som vert brukt. Prefixet Orre- kan koma av treslaget Or /Older .... Men mest truleg av av ei åre, då dette fra gamalt av var lendingsplassen for dei som kom i båt til Os-kyrkja, altså roande. Orrebakken (-Elvebakken) ligg aust om Oselva og rett ovanfor Os kyrkje og Osøyro.3. Plasseringa av Orrebakken/Elvebakken og postane 1846 - 1848 i FT 1865 mellom Bjånes og Hatvik er openberrt er feilføring gjort av vedkomande manntallsførar. Dei skulle, som nemnt, vore under garden Hauge.4. Det første Elvebakken gjekk i daglegtale under namnet "Grunkeplass" etter opphavsmannen Petter Jakobus Grung. Han og kona finn ein som postane 1527 og -28 i FT 1865, under "Udgjærde", som var ein husmannsplass under prestegarden.5. Os prestegard hadde i si tid desse husmannsplassane: Sveo (Sveen), Utgjerdet, Grunkeplass, Osgrinden "Grinno", Nedre Osgrind, Stølen (altså Os-stølen) og i tillegg Klokkargarden. Alle desse namna eksisterer i dag og er bebygde - unnateke Grunkeplass/Elvebakken som vart nedlagt og "fusjonerte" med Nedre Osgrind.6. Namna Osgrinden og Nedre Osgrinden kjem av at skiftet mellom prestegarden og garden Kuven gjekk der i gamal tid. Desse to plassane festa noko av jorda si av Kuven og noko (mesteparten?)av Os, men vart rekna inn under Os. Og sidan Os-kyrkja eigde både Os og Kuven vart det vel eigentleg ikkje så nøye kvar feste- og bygslemennene vart oppførde .... Som eit kuriøst à propos kan eg nemna at dei einaste osingane som i dag nyttar etternamnet Os er dei som kjem frå "Grinno".7. I følgje Os-soga (Nils Tveit, Gards- og ættesoga for Os, 1932-1941) festa Petter Jakobus Grung, "eit stykke av prestegarden og busette seg her i 1838. Han kom til Os ikr. 1830, men flutte straks etter til Fusa og var der til 1838". (Band III, s. 426-27). Petter som var skomakar var fødd på Sunnmøre ca. 1800 og døydde i Os i 1881. Kona Anna Johanne Andersdtr. var fødd i Fjell i 1798 og døydde også i Os, i 1878. Os-soga nemner 6 born, men IKKJE den Andreas Martin som Bernt R. Sørensen søkjer. Derimot fin eg ein Petter Jakobus jr. "f. 1841, g.b. i Nordland", så kanskje Bernt Sørensen må søkja i Nordland også ??8. Nils Tveit skriv at den Andreas som vart gift med Kari Andersdtr. Elvebakken (- Orrebakken) under Hauge var "f. på prestegarden 1836", altså medan foreldra heldt til i Fusa. Men det kan godt henda at skomakar Petter Jakobus hadde eitt og anna ærend der eller at han "bearbeidde" Os-presten, slik at han fekk festa det omtala jordstykket sitt to år seinare; jfr. det eg skreiv ovanfor.9. Andreas Orrebakken døyr allereie i 1861, sonen Annanias vart bakar i Austevoll (ein annan son, Andreas jr, "f. 1859, d.ug." ifølgje Tveit, truleg før FT 1865; sidan vi ikkje finn han att der. Mora Kari Andersdtr. gifte seg oppatt med ein ny mann i 1868. Sonen deira fekk namnet Karl Andreas. Andreas-namnet vart såleis ført vidare slik skikken då var -. (band III, s. 548-49).Og med dette reknar eg mysteriet som oppklart, og håpar at Bernt R. Sørensen fann dette rimeleg klårgjerande.Med vennleg helsing, Terje Hatvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bernt R. Sørensen

Takk til Terje Hatvik for utførlig tilbakemelding og oppklaring av stedsnavnet Elvebakken. Jeg var faktisk kommet i tanker om at Elvebakken i den aktuelle sammenheng var det samme som Orrebakken (bruk nr. 4. på Hauge). Jeg hadde nemlig ikke oppdaget at de opplysningene som jeg fant på FT1865, gjaldt allerede registrete opplysninger om Andreas på Orrebakken og som er nevnt i bygdeboken. Dette var altså en glipp.Men fortsatt har jeg ikke funnet ut av Andreas Martin som er født Bergen 1827. Hverken han eller broren Frantz Diderick f.1825 er nevnt i bygdeboken for Os. Den førstefødte med navn Peter Jacobius er antakelig død ung. Man kan undres over at det er 2 barn som er gitt samme navn, Andreas. Andreas Martin regner jeg i hvert fall som sikker. Som nevnt tidligere har jeg også funnet ham i fengselsprestens kopibok fra 1851. Jeg har en utfordring her skjønner jeg.Både Peter Jacobus og broren Edvard har jeg funnet på Borge i Lofoten. De etablerte seg begge i det området. Sønn til Andreas Orrebakken Annanias har jeg funnet som gift på Haugland i Austevoll. Jeg har ikke funnet barn etter ham i bygdeboken derfra.Avslutningsvis et spørsmål til Terje Hatvik: Er det mulig å få en kort beskrivelse av hvor Grunkeplassen ligger/lå? På forhånd takk.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Til Bernt: Grunkeplasset må, - meiner eg - litt omtrentleg ha lagt i hellinga bak den før omtalte kafèen / fotoatelièet på Elvebakken, på venstre side av vegen når ein kjem frå Bergen mot Osøyro. Enkelt sagt ein eller annan stad på venstre sida i det som i dag blir kalla "Jordmorsvingen" (ja, det heiter faktisk det offisielt også). Og Elvebakken er ca. 1 km før du kjem til Osøyro & Os sentrum.Elles kan eg legga til at ein større del av denne husmannsplassen i 1875 vart lagt til den før omtalte Klokkargarden som tilleggsjord til klokkaren, som også var lærar på Os skule. [altså i tillegg til at resten av bruket vart slege saman med eit anna grannebruk, Osgrinden; sjå tidl. innlegg ovanfor]. Os kommunestyre gjorde vedtak om å kjøpa denne tilleggsjorda av Os-kyrkja (NB: Petter Jacobus hadde berre festa jorda i 1838, han var aldri eigar), då Grunkeplass grensa opp til skulen og "såleis høvde godt som klokkargard".Bygdebokforfattaren Nils Tveit skriv at grunnen til at kommunestyret valde Grunkeplasset som skulejord/tilleggsjord for klokkaren, er at bruket var "falt", dvs. ledig; i 1871.Slik eg forstår det tyder det enten at: A) Petter Jacobus Grung døyr allereie i 1871, og at årstalet 1881 i Os-soga er feil (det er jo ikkje usannsynleg); eller at: B) Petter Jacobus - av ulike årsaker - sa opp festekontrakten sin då og tok "kår", men at han kanskje levde fram til 1881.I allefall vart stova til P. J. Grung overteke av ein annan kar i 1881 - borna var jo forlengst etablerte andre stader enn i Os.Dei to husmannsplassane Osgrinden og Nedre Osgrind har sjølvsagt fått namna sine etter grindene som før i tida stod i skiftet / gjerdet mellom Os og Kuven; jamfør det eg skreiv sist om dette. Desse to plassane ligg oppanfor dagens kafè Elvebakken, berre litt høgare opp i bakken. Og når eg så legg til at husmannsplassen Nedre Osgrind også vart kalla Grindbakken så har eg vel nevnt det meste; både relevant og irrelevant.Resten får du lese deg til i bygdebøker, skifteregister, kyrkjebøker etc., osv.,Med vennleg helsing, Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Eit lite tips til Bernt R. Sørensen:Ei mogleg årsak til at dei to-tre eldste borna til "skomager" P. J. Grung ikkje er nemnt i Os-soga KAN vera at dei:1) Er fødde FØR fam. Grung kjem til Os (altså FØR ca. 1830, som Nils Tveit nemner), og difor heller ikkje finst i kyrkjeboka si oversikt over døypte i Os & Fusa. 2) Heller ikkje vart konfirmerte i Os eller i Fusa, men andre stader? (- eksempelvis Bergen).Med såpass stor familie på ein liten husmannsplass var det nok ikkje like lett for skomakar Grung å forsørga alle. Det er vel difor svært sannsynleg at dei eldste borna måtte tidleg ut i arbeide, ut å søkja teneste. Bergen by er i den samanhengen eit svært nærliggjande alternativ -.Dersom skomakaren hadde slekt i Bergen er det sjølvsagt nærliggjande å tru at eitt eller fleire born vart sendt til byen for oppfostring- og arbeidsteneste der.Dette er naturlegvis berre ein teori frå mi side, men så heilt urimeleg er den vel kanskje ikkje ?Og til sist: Nils Tveit skreiv Os-soga over 50 år etter at skomakaren var død. Han har nok fått opplysningar om kva borna til Petter Jacobus heitte- og kvar dei heldt til ved å studera arveskifte og/eller andre offentlege protokollar. Dersom nokre av borna hans døydde FØR foreldra og UTAN eigne born, vil dei mest truleg ikkje bli nemnde i eit arveskifte ....Eg trur difor det kan vera lurt å studera arveskifta etter Petter Jacobus- og kona -.Good Luck! & Mvh., Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Til Bernt R-. Sørensen:Eg har funne dødsdatoen- og staden for skomakar Petter Jakobus Grung. Han døydde på ein husmannsplass under garden Ådland i Fana den 30. august 1883.Ådland er ikkje langt frå flyplassen(Flesland), og er nabogard til Liland og Espeland.Som tidlegare nemnd er skomakar Grung oppført med 1881 som dødsår i bygdebøkene for Os.I den nyss utlagte oversynet over døde i Fana 1878-1964 fann eg:236/4/3008[d.dato]/0409[begr.dato]/fattiglem, enkemand/Petter Jakobus/Grunk/1800/Os prgj./Odland/1883[årstal]Som før nemnd vart husmannsplassen hans i Os, Grunkeplass, ekspropriert av Os kommune i 1871, men at det var mogleg at Petter Jakobus vart byuande der som kårmann. Han er ikkje å finna i Fana i FT for 1875.Derimot finn eg ei dame på den ovanfor nemnde garden 'Odland' som etter alt å døma er dotra hans.Folketeljinga for 1249 Fana: Grn. 327,329, Odland; L. Eriksens plads 3661/Lars/Eriksen/Husbond/g/Husmand med jord, Læilending/1827/Fana/b[usett]3662/Marthe Elisabeth/Pedersdtr./kone/g/-/1833/Os S. og prgj./b[usett]I Os-soga band III står det følgjande om henne: 'Marta Elisabet, f. 1834, g. b. Tysnes,' Kanskje ho og mannen (Lars Eriksen) budde på Tysnes før dei kom til Fana? Ikkje veit eg -.Slik eg forstår det flytter i alle høve gamle skomakar Grung til dottera og svigersonen i Fana ein gong etter 1875, og døyr der 30. august 1883.Mvh., Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Til Bernt R-. Sørensen:Eg har funne dødsdatoen- og staden for skomakar Petter Jakobus Grung. Han døydde på ein husmannsplass under garden Ådland i Fana den 30. august 1883. Ådland er ikkje langt frå flyplassen(Flesland), og er nabogard til Liland og Espeland.Som tidlegare nemnd er skomakar Grung oppført med 1881 som dødsår i bygdebøkene for Os. Men i det nyss utlagte oversynet over døde i Fana 1878-1964 fann eg dette:236/4/3008[d.dato]/0409[begr.]/fattiglem, enkemand/Petter Jakobus/Grunk/1800/Os prgj./Odland/1883Som før nemnd vart husmannsplassen hans i Os, Grunkeplass; 'ekspropriert' av Os kommune i 1871, men at det var mogleg at Petter Jakobus vart byuande der som kårmann. Han er ikkje å finna i Fana i FT for 1875.Derimot finn eg ei dame på den ovanfor nemnde garden 'Odland' som etter alt å døma er dottera hans.Folketeljinga for 1249 Fana: Grn. 327,329, Odland; L. Eriksens plads 3661/Lars/Eriksen/Husbond/g/Husmand med jord, Læilending/1827/Fana/b[usett]3662/Marthe Elisabeth/Pedersdtr./kone/g/-/1833/Os S. og prgj./b[usett]I Os-soga band III står det følgjande om henne: 'Marta Elisabet, f. 1834, g. b. Tysnes,' Kanskje ho og mannen (Lars Eriksen) budde på Tysnes før dei kom til Fana? Ikkje veit eg -.Slik eg forstår det flytter i alle høve gamle skomakar Grung til dottera og svigersonen i Fana ein gong etter 1875, og døyr der 30. august 1883.Mvh., Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Vidar Flesland

Marta og Lars var på Ådland ved FT1865 og:3358/Lars/Eriksen/hf/Gaardbruger, Selveier/g/39/Fana3359/Martha/Pedersdatter/Hans Kone/g/30/Os Præsteg.3360/Lina/Monsdatter/Deres Pleiebarn/ug/8/Fana mvh Vidar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bernt R. Sørensen

Til Terje og Vidar. Takk for respons så lang tid etter mitt siste innlegg i oktober.Noe av dette har jeg allerede funnet. Dette gjelder blant annet Marta Elisabeth Grung med ektefelle. Jeg kom første gang på sporet i ved søk i FT1865 og har fått ytterligere opplysninger i FT1875, FT1900 samt bygdebok for både Os og Fana. Det er nok helt sikkert den riktige Marta Elisabeth. Det kan imidlertid se ut til at de ikke har egne barn. I 1875 har de et nytt fosterbarn, Alfred Olsen.Også jeg kastet meg over databasen 'Døde i Fana 1878-1964' da den ble lagt ut, og jeg fant igjen Marta E. og Lars Eriksen. Men, takk til deg Terje som fant min tipptippoldefar Petter Jacobus. Så fikk jeg svaret på den saken. Takk for hjelpen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Eg viser til innlegg (12) og (13) i denne tråden, der ein Andreas Orrebakken (1836 - 1861) i Os, son av skomakar Petter Jacobus Grung og gift med Kari Andersdtr., er omtalt:I følgje kyrkjeboka heitte denne Andreas'n også Andreas Marthin Grung. Og sonen Annanias som flytta til Austevoll heitte Annanias Marthin Grung.Han var fødd 19. sept 1861, døypt 24. okt 1861 i Os. Fadrane hans var 'propritær' Johan Leganger på Moldegaard (Leganger var då ordførar i Os), Rasmus Pedersen Houge, Mons Larssen Lyssand, Christine Hansdtr. Lyssand og Sophie Nielsen. Sistnemnde var kona til bakar Jon Nielsen på Osøyro, dei andre var naboar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.