Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#7972] Nils Olson - Hafslo - Bremanger - Sunnmøre??

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Nils Olson, son av Ole Ellefson og Susanna Hansdotter på Mo i Hafslo og døypt 24.6.1747, var i 1779 sagt å vera busett på Sunnmøre, men kan godt vera identisk med ein Nils Olson som med kona Orlaug Andersdotter fekk ei dotter Susanna døypt i Bremanger 10.10.1776 (kjelde FamilySearch). Kalla han opp mor si?Er det nokon med kunnskap om ættene i Bremanger som kan fortelja meg noko meir om Nils og Orlaug?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Susanna Nilsdotter synes vera eit heller uvanleg namn på desse kantar, og ymse kan tyda på at dotteri til Nils Olson og Orlaug Andersdotter, fødd i Bremanger 1776, kan vera identisk med den Susanna Nilsdotter, 27 år, som i 1801 tente på Vågsberget i Selje og som i 1804 gifte seg med Lars Jeremiasson, gardbrukar på Nordpollen i Selje. Denne Susanna døydde i 1844.Selje ligg mellom Bremanger og Sunnmøre. Er det nokon som har kjennskap til Susanna Nilsdotter på Nordpollen i Selje?Takkar hjarteleg for eventuelle oppklarande opplysningar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×