Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#8057] Mathilde frå Namsos, fødd 1868??

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Gjertrud Olsdotter Foss, fødd i Sogndal i Sogn 10.11.1841, flytte i 1862 med foreldri Ole Olson og Martha Tøgersdotter Foss og fleire yngre søsken frå Hyllestad i Sogn til garden Vemundvik i Namsos, men utvandra derifrå til Dane Co., Wisconsin i 1872. Då hadde dei med seg ei lita jente MATHILDE, visstnok fødd i Namsos hausten 1868. Me trur Gjertrud var mori.Er det nokon med tilgang til kyrkjebøker frå Namsos som kan stadfesta desse opplysningane? Kven var faren og kva var den nøyaktige fødselsdatoen?På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Frå USA har eg motteke denne meldingi om Mathilde frå Namsos:Ho var fødd på Vemundvik i Namsos 8.3.1868 og døypt 19.7.1868 - ugifte foreldre Peter Paulson (Frosta?) og Gjertrud Olsdotter Vemundvik.No er spørsmålet: Kan nokon identifisera barnefaren, Peter Paulson (Frosta?)?Hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg ønskjer i kveld å blåsa litt støv av dette spørsmålet mitt frå i fjor.Folketeljingi 1865 syner ingen Peter Paulson i Namsos, medan det i Frosta er to personar, den eine er ein gift husmann, medan hin er:Petter Pauvlsen, 20 år, ugift tenestedreng i Mostagaten(!), fødd i Stjørdalen.FamilySearch syner ein Peter Paulson, fødd i Stjørdalen 10.9.1846, son av husmann Paul Ingebrigtson og kona Gunnhild Olsdotter på Dybvadsgjerdet under Dybvad austre. Denne Peter er sagt å vera avliden 29.12.1909. Kan dette vera barnefaren i Namsos? Og er det nokon som veit noko meir om denne Peter Paulson?På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×