Gå til innhold
Arkivverket

[#8199] Even Ellingson & Haldis Gautesdtr - Fræna??


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Haugianar og fargar Even Ellingson frå Tufto i Hol, Hallingdal, fødd 1805, og Haldis Gautesdotter frå Jørandrud i Uvdal, fødd 1818, gifte seg i Romsdalen, truleg i Fræna(?), kring 1845. Dei flytte 1846 attende til Hol i Hallingdal, men i 1850-åri tok dei bustad i Sogn der born er fødde i Hafslo, Balestrand og Vik.Er det nokon som kan hjelpa meg med å finna denne vigsli i Romsdalen (Fræna)?Hjarteleg takk!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Reidar Sande

Eg vart merksam på dette innlegget akkurat i skrivande stund. Eg finn Even Ellingsen, 39 år, i protokoll for udflyttede frå Fræna i juni 1847. Det er og ei pige Ane Evensdtr, 2 aar som flytter frå garden Nøsen i Fræna til Hallingdal. Berre desse to er notert. Kan dei vere gifte tidlegare? Eg skal sjå etter dette. mvh Knut R Sande

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Reidar Sande

Eg vart merksam på dette innlegget akkurat i skrivande stund. Eg finn Even Ellingsen, 39 år, i protokoll for udflyttede frå Fræna i juni 1847. Det er og ei pige Ane Evensdtr, 2 aar som flytter frå garden Nøsen i Fræna til Hallingdal. Berre desse to er notert. Kan dei vere gifte tidlegare? Eg skal sjå etter dette. mvh Knut R Sande

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg takkar Knut Reidar Sande for interessant innlegg. Eg har ikkje vore klar over at Even og Haldis ogso hadde ei dotter Anna. Denne Anna må i so fall vera fødd i Fræna, og eg er sjølvsagt interessert i ein eventuell fødselsdato for ho.Haldis Gautesdotter fekk flytteattest frå Uvdal (den gongen Rollag prestegjeld) i 1841 og var ugift på den tidi. Far hennar var Gaute Tollefson frå Ramberg i Uvdal, som òg flytte til Fræna og skal ha ei stor etterslekt der oppe (jamfør diverse Gautessøner og -døtrer i Fræna 1865!)Eg gler meg til eventuelt å motta fleire opplysninmgar om denne huslyden.Med hjarteleg takk!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Reidar Sande

Anne Evensdtr er f 30.7 1845, ektefødd pige. Ein skulle då tru at foreldra var gifte. Eg finn ikkje vigsla korkje i Fræna, Bud eller Aukra, som er det mest nærliggande. Det er stor etterslekt etter dei folka desse tilhøyrer. Eg viser til ei bok given ut i desember 2001, tittel Gard og slekt i Fræna, av Anne Holen Helset, epostadresse anh-hel@online.no. Ho skriv mellom anna om garden Nøsen, der mange av desse var innom. Ho kan kanskje kjenne fleire detaljar. Hilsen Knut R Sande

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg takkar nok ein gong Knut Reidar Sande for interessante tilleggsopplysningar.Eg er forundra over at ekteskapet til Even Ellingson og Haldis Gautesdotter ikkje finst korkje i Fræna, Bud eller Aukra, men når me veit at desse folki var ihuga haugianarar, er det truleg vel verdt å leita ein stad til: GRYTTEN? Er det nokon som har tilgjenge på kyrkjebøkene derifrå (vigde 1841-1845)?Elles er eg forundra over førenamnet Anna. Det høyrer ikkje til i denne ætti, so eg lurer på om kanskje Even Ellingson har vore gift ein gong før med ei Anna, som so er vorti oppattkalla? Even var jo tross alt mange år eldre enn Haldis!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Reidar Sande

Det kan ikkje lesast på annan måte enn at Anne Evensdtr er f 30.7 1845 av foreldre Even Ellingson og Haldis Gautesdtr., kyrkjebok for Fræna 1845-1871.Eg har ikkje funne vigsler i Fræna i perioden okt 1844 til juni 1845. Eg vil underdersøke om dette er det faktiske forholdet, eller om eg har hol i mine papirer. Dette paret kan ha blitt vigde i denne perioden. mvh Knut R Sande

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg ber om orsaking om eg uttrykte meg uklårt. Eg meinte at Even Ellingson godt kan ha vore gift ein gong før han gifte seg med Haldis Gautesdotter og at denne første kona hans var ei Anna som han so kalla oppatt etter han gifte seg med Haldis!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.