Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Valgjerd Nauta-Fredriksen

[#8266] Koppe-vaksinasjon

Recommended Posts

Gjest Valgjerd Nauta-Fredriksen

Når begynte vaksinasjonen mot kopper? Ble også voksne vaksinert?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Solås

Hei Valgjerd -Jeg 'sakser' følgende fra en nettside tilhørende Hjartdal historielag:Vaksinasjon mot kopper blei innført i 1801, i 1810 blei det påbode med vaksinasjon. I kyrkjebøkene frå 1814 kom det med ein ny rubrikk der vaksinasjonen blei innført. Det var ofte prestane som blei føregangsmenn på dette området. I Heddal byrja til dømes presten Johannes Crøger med koppevaksinasjon så tidleg som i 1803. Kukoppane, som borna blei innpoda med, likna på menneskekoppane. Innpodinga av desse gjorde at boma fekk ei lettare form og overlevde. Omkring 1850 var 82 prosent av alle borna vaksinera.Mvh. Arne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Valgjerd Nauta-Fredriksen

Tusen takk til dere begge for hjelpen.Hilsen Valgjerd.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon Harald Haug

Hvem pleide å attestere at koppevaksinasjon var utfört? Var det presten, legen eller annet helsepersonell?Mitt konkrete tilfelle er en konfirmasjonsoversikt (kirkebok) fra 1884, der det i rubrikken for vaksinasjon står en dato og et navn på en person som enten har utfört vaksinasjonen eller har bekreftet at den foregikk. Vaksinasjonen fant sted i 1876, muligens i Sverige (den som attesterte, het L. Edgren). Hvis det var en prest eller en lege, finnes det sikkert litteratur som kan före meg på sporet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sigbjørn Sandsmark

Der ble brukt en hel rekke hjelpevaksinatører,klokkere, lærere, jordmødre osv.Så det blir 'nåla i høystakken'om ikke sognet kjennes hvor den vaksinerte ble døpt/vokste opp.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Eg sit nettopp og les Jostein Nerbøvik sitt 4. band i Volda-soga, med eit kapittel om koppevaksinasjonen: Det vart gjort ein del forsøk seint på 1700-t (t.d. i 1784 ved Reknes hospital i Molde; altså nær 20 år før kjeldene i (2) og (3) vil ha det til). I 1802 vaksinerte distriktslækjaren på Sunnmøre ein person, og i 1803 111 personar. I 1810 vart vaksine obligatorisk for alle born. Ingen fekk konfirmere eller gifte seg utan vaksinasjonsattest (unnatak for dei som hadde hatt naturlege kukoppar - og dei som hadde overlevdekte koppar). Presten var ansvarleg - og biskopen førte tilsyn med praksisen. (Staten hadde knapt andre til å ta seg av slike ting - det var først fleire tiår seinare at det kom fast lækjar i dei fleste kommunene.)Det kunne tilsetjast hjelpevaksinatørar. Det kunne vere ein lensmann eller skulehaldar, eller ein forstandig og aktverdig bonde. Dei to som vart tilsette i Volda prg. (Volda og Ørsta sokn) i 1818 var bønder som begge sat i det første formannskapet - den eine (Sjur Halkjelsvik) som ordførar, seinare Stortingsmann. Altså av dei fremste i bygda. (Etterfølgjaren som tok over då Sjur kom på Stortinget, vart også Stortingsmann nokre år seinare.) Det var ein slik hjelpevaksinatør for kvart sokn eller prestegjeld. I eit par tilfelle (Herøy og Sande) var det den autoriserte jordmora som hadde dette vervet også.Etter innpodinga skulle den vaksinerte oppsøkje vaksinatøren etter 7-9 dagar for å vise fram sjukdomsutbrotet. Når det var i orden, skulle han skrive ut og signere ein 'Koekoppe-Indpodnings-Attest'. Så måtte attesten til soknepresten for at han også skulle godkjenne og skrive under.Attesten måtte den vaksinerte vise fram for presten for å verte konfirmert eller gift. Sjur Halkjelsvik skriv ein stad at 'Naar ingen Koppeepidemi truer, pleier jeg have vaccineret 1/3 af Sognet om Aaret...' - altså av dei barna som ikkje er vaksinerte frå før. Det ser ut til at dei iallfall vaksinerte barn ned til to år.Det var altså ikkje så umåteleg mange hjelpevaksinatørar. Mange av dei praktiserte i fleire tiår, og dermed mykje lenger enn det kvar sokneprest gjorde teneste i bygda. (Det kan naturlegvis vere annleis i andre delar av landet.) Det gjer at ein med litt hell kan heimfeste ein person ut frå vaksinatøren.Men - rimelegvis var det andre reglar i Sverike.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Dersom det vart utført koppe-'vaksinasjon' - og ikkje -'inokulasjon' - på Reknes i 1784, er det ein verdssensasjon! For elles i verda vart koppe-vaksinasjon introdusert av den britiske lækjaren E. Jennings i 1796. (Jfr. 'Store norske')

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sigbjørn Sandsmark

Er kukopper utryddet her i landet? Jeg har ikke sett utbrudd av kukopper siden en gang på 1940 tallet. Min kone har arr etter kukopper som hun ble smittet med i småbarnsalder,hennes foreldre hadde kyr-.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Til (8): 'Vaksinere' kjem av latin 'vacca', ku, og viser til at det vart brukt virus frå kukoppar (cowpox på engelsk). Både Nerbøvik og Britannica brukar 'vaksinere' og 'inokulasjon' som synonym. Meiner du dei inokulerte ekte koppar før 1796?Ja eg ser at Edward Jenner (Jenning?) sin demonstrasjon er tidfesta til 1796 både i Britannica og Store Norske (og publiseringa i 1798). Men det må vere det endelege resultatet frå fleire års prøving.Som kjelda oppgjev Nerbøvik Hans Strøm (1726-1797), sokneprest i Volda 1764-79, i Eiker 1779-97, heidra med professortittel og stort sett dei fleste utmerkingar ein norsk forskar kunne få på den tida. Dersom nokon i Noreg visste om Jenners arbeid, må det ha vore nettopp Hans Strøm.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Til (8) og (11): Med litt meir leiting finn eg at det faktisk var ekte koppar dei inokulerte med på 1770/80-talet. M.a. stadsfysikus i Trondheim 1749-81, Robert Henrichi, dreiv med dette. (Trondheims historie bd.2) Det kan ha vore det som vart freista på Reknes i 1784. Men likevel: Om nokon i Noreg visste om Jenner, ville nettopp Hans Strøm visst om det.Til (9) og (10): Spørsmålet (9) galdt kukoppar medan svaret (10) gjeld koppar -- og det vert to ulike ting. Kukoppar er neppe utrydda på anna måte enn at helsestellet i fjøset er så godt at ingen/svært få menneske vert smitta - og når det først skjer er det neppe værre enn influensa.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Om du går inn i lenka som det er vist til under innlegg 3, vil du sjå at Brochmann nyttar nettopp Strøm som kjelde:'Fra Vestlandet skriver Strøm (109) at chirurgus Lange ved Reknes hospital «fra tid til annen,» i tidsrummet 1768-78 har inokulert «på Sundmøre og Romsdalen 3-400 barn» så at kun 1 à 2 av 100 er døde, mens i de sedvanlige kopper dør hvert 5te eller 7de menneske.'Og heile Strøm si bok kan du lese her: http://home.online.no/~fndbred/hstrom1.htm

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Løberg

Strøm var nok tidlig ute, men Axel Christian Smith skrev bok om inokulering så tidlig som 1771. Han praktiserte også både i Vinger og Elverum på 1770-tallet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×