Gå til innhold
Arkivverket

[#9746] Skrivekar Peder Harboe, Bodin 1749


Gjest Erling Utne
 Del

Recommended Posts

Gjest Erling Utne

I bydebøkene for Bodin II.3, s. 722 står det at han fekk dottera Rakel med Kjersten Guttormsdatter. Bygdeboka er sparsom med opplysningane, han er oppført som 'skrivekar' og han 'forlot bygden'.Eg har brukt litt tid på søk på nettet i ymse fora etter han, men har så langt ikkje lukkast å finna noko meir om opphavet hans. Eg ser at i bygdebok for Karlsøy del 7 (eller var det 5?) er Peter Harboe Holst, skrivar på Karlsøy i 1795-97 nemnd, men han verkar å vera vel gammal til å vera den Peder eg leitar etter. Elles har eg kjørt meg fast på denne karen.Er det nokon som har opplysningar eller som kan tipsa meg kvar eg bør leite?mvhErling Utne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Erling Utne

Er det nokon som kjenner til fogden Niels Myhre som budde på Jensvoll, Bodin i 1740 åra? Den ovannemde Peder Harboe var truleg i teneste hos han. Ein kandidat, aldersmessig til kven denne Peder kan vera, er sonen til Johannes Harboe, Peder fødd 1730 ( Johan F. Lampe: Bergens Stifts biskoper og præster efter reformationen, Kri. 1895, bd.1, s.11).Ein anna kandidat, også ut frå alder, er ”potetpresten” Peder Harboe Hertzberg (1728-1802). Hans slekt skulle vel vera vel dokumentert. Er det nokon med kjennskap til denne slekta som veit om Peder hadde tilhald i Bodin i åra før han i 1749 vart klokkar til Finnås? (Lenke)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.