Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Helga Kallevik

[#9875] Inger Marie Reiersdatter Åsbu, Sveio

Recommended Posts

Gjest Helga Kallevik

Ynskjer informasjon om Inger Marie Reiersdatter Åsbu, Sveio (Sunnhordland), født 21.10.1857. Inger Marie var søster til mi oldemor. I følge bygdebok frå Sveio gifte ho seg med Ole Eileivson Fjon f. 1860. Dei fekk sonen Ole Martin Olsen f. 28.04.1883. Ole Eileivson døydde i 1884 og Inger Marie vart gift oppatt i 1890 med Johan Larsen Stenbro, Skåre, Haugesund. Johan var fødd i Skjold utanfor Haugesund. Eg er interessert i meir informasjon om Inger Marie og Johan Stenbro og om dei hadde etterkommere. Eg er også interessert i event. informasjon om Ole Martin Olson, i følge bygdebok for Sveio emigrerte han til USA.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Liv Fiveland

Hei! I følge Tysvær bygdebok nr. 5-Grinde side 121 Bodde Johan Larsen Stenbro med sine foreldre på gården Steinbru som husmenn i en periode. Senere flyttet hele familien til Fiskå i Avaldsnes og senere flyttet hele familien til Haugesund.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei og takk for opplysningane! Eg har også funne att Johan Larsen Stenbro i Folketelling 1865 9 år Avaldsnes Karmøy, og Ft. 1875 i Haugesund. Som nevnt har eg også opplysninger frå kyrkjeboka i Skåre, der han gifte seg med Inger Marie Reidarsdatter Åsbu 28.05.1890. Men kva skjedde så med desse to ? Eg kan ikkje finna dei i Ft. 1900. Har begge to døydd ganske tidleg, eller kan dei ha emigrert til USA ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bengt Kvammen

Hei Der er en Johan Larsen Stenbro som er gravlagt 7/6-1938 på Vår frelsers gravlund i Haugesund. Finner også en Inger Marie Stenbro gravlagt 10/2-1940 samme sted. Kan det være de rette folka.mvh Bengtbekvamme@online.no

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei og takk for svar! Dette er heilt nye opplysninger for meg, og det er mykje mulig at dette kan vera søster til oldemor som eg har prøvd å finna informasjon om. Lite truleg at det skulle vera fleire med samme namnet i Haugesund. Går det an å finna ut kva tid desse var født for å vera heilt sikker ? Som før nemnt var Inger Marie født 21.10.1857 på Åsbu i Sveio, Johan Larsen Stenbro var født 1856 eller 57. Er det nokon som veit korleis eg kan finna ut om desse hadde etterkommere ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest bengt kvammen

hei igjenpå begge to står det alder ved død 81 år.mvhbengt

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei !Ja, då stemmer iallefall alderen for Johan Larsen Stenbro født 1857. Inger Marie skulle ifølge dei opplysningane eg har fått også vera født i oktober 1857. Dersom det er henne som er oppgitt gravlagt februar 1940, er der ein feilmargin på 1 1/2 år. Det er vel ikkje heilt utenkjeleg. Kan ikkje tru anna enn at dette er dei rette personane du har funne. Er det nokon stad ein kan finna ut om desse har etterkommere ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest bengt kvammen

Hei igjenPrøv biblioteket i HaugesundDe har Hgsd. avis på microfilm.Du finner nok dødsannonsen der noen dager før begravelsen. Lykke til videre.mvh bengt

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Tusen takk for tipset! Det var ein god ide, lyt nok ein tur innom biblioteket neste gong eg er i Haugesund. Helga K.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Har no funne dødsannonsene til både Inger Marie (kalla Marie) og Johan Stenbro: Marie Stenbro død 83 år gammal 6/2-40, (dette stemmer med f. år 1857). Annonsa har overskrift 'Vår inderlig kjære mor; bestemor og oldemor', altså må ho ha etterkommere. Under står Jenny Skjoldal f.Stenbro, Under der igjen står: Ole og Oscar, USA. Det kan difor sjå ut som om Inger Marie hadde to barn med Johan Stenbro, Jenny og Oskar. I Johan si dødsannonse står det berre Marie Stenbro under, men han er også omtala som far, bestefar og oldefar.Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Hans Gangstø

Fra gravstedsregisteret i Haugesund: Id Fornavn Etternavn Født år Født dato Død år Død dato Gravlagt år Gravlagt dato Merknad Kirkegård 4230 Jenny Emilie Skjoldal 1890 0101 1957 1508 1957 2208 Vår Frelser

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Lurer framleis på kvifor ikkje Johan og Inger Marie Steinbru er å finna i ft. 1900, og om dei heile tida budde i Haugesund. er det foresten mulig å finna ut noko meir om denne Oscar som er oppgitt saman med Ole i dødsannonsa. Truleg må Oscar ha vore ein son som har reist over til USA. Kanskje til den eldre halvbroren Ole Martin ?Eg har prøvd å finna informasjon om Inger Marie sin son Ole Martin i USA, men utan hell til no. Kanskje om eg fann ut meir om denne Oscar at det kunne vera til hjelp. Er det nokon som har idear om korleis eg kan få tak i meir informasjon her ?mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Eg står framleis fast her. Finn ingen informasjon om Oscar og Ole i USA. Korleis kan eg finna ut om Inger Marie og Johan Stenbro hadde ein son med namnet Oscar og kva tid var han event. fødd? Finn ikkje desse personane i ft. 1900 av ein eller anna grunn. Eg er også usikker på kva etternamn Oscar og Ole kan har brukt i USA. Kanskje Oscar brukte Stenbro? Gode forslag til korleis eg kan komma vidare her mottas med takk.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Eg ynskje fortsatt hjelp til å finna Inger Marie og familien hennar i ft. 1900.Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Prøver meg enno ein gong med ei oppfrisking her. Eg har ikkje komme vidare i leitinga etter Ole (Martin) og Oscar i USA.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei igjen!Kan det event. finnast skifteprotokollar etter Johan Steinbro? Kan desse i så fall gi informasjon om han hadde ein son Oscar i USA (Ole Martin var son til kona, så det er vel tvilsomt om han er nemd der uansett).mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Leitar framleis etter Inger Marie Reiersdatter Aasbu og ektemann Johan Larsen Stenbro i ft. 1900.Hadde håpa at dersom eg fann desse ville eg også fått informasjon om dei hadde ein son Oscar, event fødselsåret hans. Dersom han seinare drog til USA, ville det vera lettare å finna han dersom eg har fødselsår.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon Torp

Jeg finner ingen passende i USA.Jeg synes du skulle henvende deg til Statsarkivet i Stavanger for å få vite hva dødsfallsprotokollen / dødsfallsmeldingene sier når Johan og (Inger) Marie dør i henholdsvis 1938 og i 1940. Opplysningene har 60 års sperrefrist og skulle således være greie å få innsyn i.Dødsfallsprotokollen gir opplysniger etterlatte barn. Har du flaks er de etterlatte oppgitt med adresse.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Tusen takk for tipset!mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Har sjekka dødsfallprotokollen (statsarkivet i Stavanger):'Inger Marie Steinbro, f. 1857, døde 6/2-1940 i Haugesund. Som arving oppgis: En myndig datter, fru murer? Skjoldal, her. Intet å skifte.' Sønnene Ole og Oscar står likevel oppført i dødsannonsa. Kan dette bety at ingen visste kor desse sønnene befant seg i 1940 , om dei var i live og om dei hadde etterkommere? Sidan der ikkje var arv var det kanskje heller ikkje nødvendig å kontakte dei?Veit ikkje kva som var praksis i slike tilfelle. Desse sønnene var også fra tidligere ekteskap/forhold. Ser ut som det berre er Jenny som er i live i 1940 fra ekteskapet med Johan Larsen Stenbromvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Løfter denne fram igjen i tilfelle nye brukarar kan ha tips eller idear som kan hjelpe meg å finne event. etterkommere til Inger Marie i USA. Har i løpet av dei siste mnd. fått kontakt med etterkommer etter Inger Marie sin bror Reier Reierson Aasbu som utvandra til USA. Han tok namnet Reinert Ryerson i USA.Gift i Madison, Dane county USA med Gertrude Olson (Josie). Dette forklarte også opphavet for nokre ca. 100 år gamle familieportrett tatt i Madison USA som eg fann i mine besteforeldre sitt hus. Her budde også oldemor Bertha Oline Reiersdatter som var søster til Reier (Reinert) og Inger Marie.Grunnen til at eg nemner denne Reier er at Inger Marie sin son Ole mest sansynleg vaks opp hjå betseforeldra på Åsbu og difor nok har hatt god kontakt med 'Onkel Reier/Reinert'. Bileta stadfestar også at dei har behalde kontakten til USA. Kan Ole Olson som mest sansynleg nytta mora sitt jentenamn Aasbu ha reist til denne onkelen då han emigrerte ein gong etter 1901?mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.