Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#9978] Samuel H. Jackson (1832-1904) frå Rogaland til Chicago - kven var han?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Samuel H. Jackson, oppgjeven å vera son av Henry og Helene Jackson, skal vera fødd i eller nær Stavanger i februar 1832, men utvandra i svært ung alder, kan henda i 1840-åri(?), til Amerika. Han gifte seg i Dane Co., WI 9.12.1859 med Johanna Larson, fødd i Luster 16.6.1839, utvandra i 1851. Dei busette seg i Chicago, IL der Samuel livnærte seg som snikkar. Johanna døydde i 1883, og Samuel gifte seg att i 1893 med enkja Inger Farland av ukjent opphav! Han døydde i Chicago, IL 22.5.1904 og let etter seg ein son, William. To andre born var avlidne før, Louise og Joseph.Er det nokon som kan hjelpa meg med å lokalisera det norske opphavet til Samuel Jackson??Eg takkar so mykje på førehand for alle tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg står framleis utan fleire spor etter denne rogalendingen som utvandra tidleg til Amerika.Eitkvart tips vert motteke med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg står framleis utan spor etter denne tidlege emigranten frå Stavanger-kanten og vonar at kanskje nye lesarar er komne til etter to år, som kan bidra med gode tips?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunleif Seldal

Jeg har et tips, men jeg kan ikke innestå for godheten.I håp om å finne mer sjekket jeg folketellingene for Chicago:1860: Samuel Jackson 28, carpenter, kona Joanna 21, og Julia Larsen 11 (søster til Joanna?), alle født i Norge.1870: Samuel Jackson 38, carpenter, eiendom $4500, kone Johanna 32, barna Louisa 9, og William 6/12. I tillegg tjeneren Marie Rasmussen 24 fra Danmark.1880: Samuel Jackson 48?, carpenter, kona Lena 42, begge født i Norge, samt barna Louisa 20, og William 10. Bosatt i Huron Street.1900: Solomon! Jackson 68, f. juli 1832 i Norge, gift i 8 år, immigrert 1860, ????m maker. Kona Inger 44, f. mai 1856 i Norge, gift i 8 år, født et barn, et barn i live. Dattera Anne 17, født mai 1883? i Illinois. Bosatt i Huron Street.Så her var det ikke mye nytt å gå på, annet enn at Samuel trolig forlot Norge i 1859.Det er rimelig å anta at etternavnet Jackson er en amerikansk versjon av Jacobsen. Hvis det er tilfelle, har vi denne kandidaten: Samuel Jacobsen født 11.02.1832. Foreldrene var Jacob Jacobsen og Hellena Gabrielsdatter. De var plassfolk under Nyegaard i Høyland sogn. Nygård var trolig et bruk utskilt fra Stangeland i dagens Sandnes, og dermed nær Stavanger.Er det sikkert at Samuel's far het Henry?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ketil Firing Hanssen

Jacob Jacobsen Lura (1799-1884) og Hellene Gabrielsdatter (1796-1870) får følgende barn (FS: VRI/IGI):Jacob (1823-), Rachel Maria (1826-1902), Sara (1828-), Gabriel (1829-1888), Samuel (1832-), Grethe Thalette (1835-1922) og Sara (1837-).Jeg finner ikke Samuel igjen i FT-1865. Mangel på dødsdato på denne oversikten kan jo tyde på at han har forlatt bygda: [url="http://www.familysearch.org/Eng/Search/IGI/family_group_record.asp?familyid=293328202&indi_id=100259843691&lds=1®ion=12&frompage=99>LenkeJacob, Hellene og sønnen Gabriel er her i 1865:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ketil Firing Hanssen

Nytt forsøk:Jeg finner ikke Samuel igjen i FT-1865. Mangel på dødsdato på denne oversikten kan jo tyde på at han har forlatt bygda: http://snipurl.com/aiaa

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gunleif og Ketil for svært so gledelege innlegg om Samuel Jackson. Etter so lang tid og fleire forsøk trudde eg denne var håplaus å finna svar på...! Eg må tilstå at det høyrest rimeleg sikkert ut at Samuel har vore frå Lura (eller Nygård?) i Høyland. Både fødselsdatoen og namnekombinasjonen stemmer, bortsett ifrå at eg har fått namngitt faren til Henry.Men for å vera heilt sikker, finst det ei bygdebok for Høyland som kan stadfesta emigrasjonen til Samuel, eller kva med utvandrarlistene i kyrkjebøkenbe for Høyland?Eg lurer forresten på ein detalj: Du Gunleif skriv at Samuel Jacobson var fødd på ein husmannsplass under Nygård, medan det går fram av FamilySearch og FT1865 at foreldri må ha butt på Lura som gardfolk. Er det kanskje slik at dei først var plassfolk under Nygård, for so å kjøpa seg gard på Lura?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunleif Seldal

Samuels far Jacob var trolig født på Øvre Trones i Soma sogn, annex til Høyland prestegjeld. Han finnes der i 1801, 2 år gammel, og hans far, Jacob Jacobsen var da 'strandsidder uden jord, lever af sine hænders arbeijde, er National Soldat'.Flere av Jacobs barn ble født 'under Nyegaard', bl. a. Gabriel og Samuel. På et eller annet tidspunkt flyttet familien til Lura der Jacob drev handel. Sønnen Gabriel kjøpte trolig selv bruket på Lura.Det finnes en bygdebok for Høyland, forfattet av Ola Aurenes. Her er familien beskrevet under Lura, men for Samuels vedkommende er kun fødselsdato nevnt. Aurenes nedla et omfattende arbeid med avskrift av kirkebøker i distriktet, så hvis Samuel hadde vært registrert som død, gift eller utflyttet, hadde nok det blitt nevnt i boka. (Jeg skal ta en sjekk ved anledning) Der finnes forøvrig en Samuel Jacobsen, f. i Høyland, som i 1865 er gardbruker på Jåttå i nabosognet Frue, Hetland. Oppgitt alder 36 år.Trones ligger mellom Lura i nord og Stangeland i sør. Se www.visveg.no.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ketil Firing Hanssen

Samuel på Jåttå er vel sønn av Jacob Larsen og Serina Olsdatter og født 5. mars 1829:Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Roger Thauland

If helpful, i can email the d/c's of Samuel and Johanna, they are in the same cemetery; he was age 72 years, 3 months, 10 days. Lived in Chicago 51 years. Roger. fyi...she is indexed in cyberdrive as Johana Jachson, age 49.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunleif Seldal

Ungkarl og Snedker Jacob Jacobsen Lure f. Stangeland, 26 1/6 år, er innført i Kyrkjeboka for Høyland den 16de April 1855 som utflytta til Nordamerika. (Høyland Mini A8 f.320 no.8) Eg trekkjer difor attende noko av skrytet eg gav om Ola Aurenes.I tillegg kan nemnast at faren kjøpte eit bruk på Lura og dreiv handel ved sida av.Eg vonar desse opplysningane kan vera til nytte.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gunleif, Ketil og Roger for nye innlegg om Samuel Jackson, og særleg til Gunleif for det aller siste. Men no er eg litt i stuss:Du seier at JACOB Jacobson Lura utvandra i 1855 i ein alder av 26 1/6 år. Men Jacob var seks år eldre, medan SAMUEL, som eg etterlyser, var tre år yngre. Alderen høver derimot godt med GABRIEL, men han utvandra vel ikkje...?So, eitt eller anna ser ut til ikkje å stemma, og eg vonar at du Gunleif kan klara opp i dette for meg?Nok ein gong hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunleif Seldal

Eg kom i skade for å misskriva 'Jacob' sin oppgjevne alder, den skal vera 23 1/6 år, og høver då godt med Samuel sin alder. Så det som skulle skapa meir klårhet enda i motsett lei. Eldstesonen Jacob gifta seg den 12. april 1855 og sette seg til som husmann på Smeheia der dei fekk fyrste barnet i 1856. Gabriel gifta seg 8. april 1856 og vart brukar på Lura.Mi meining er at presten (eller den som førte kyrkjeboka) har teke i miss av førenamnet som skulle ha vore Samuel i staden for Jacob. Det ville ikkje ha vore fyrste gongen slikt hendte. Og der er ingen andre frå Lura som høver til resten av opplysningane.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gunleif for ei endeleg oppklaring av dette spørsmålet. Eg er samd i at det må vera Samuel som utvandra i 1855!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.