Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#10165] Nils Nilsson Sjøthun/Havnen, f. 1821, frå Hafslo til 'Nordland' i 1839 - lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Nils Nilsson, fødd 24.10.1821 på husmannsplassen Hamni (Havnen) under garden Sjøtun i Hafslo prestegjeld, Luster, fekk flytteattest i 1839 for å dra til Nordland og kom aldri att til Sogn!Far til Nils, Nils Lasseson, døydde i 1824, og mori Britha Olsdotter gifte seg att og utvandra med andre mannen sin til Amerika i 1855. Ho levde framleis i Dane Co., WI i 1880, 88 år gamal.Nils hadde to brør, Lasse Nilsson (1816-1905) og Ole Nilsson (1818-1854). Båe vart gifte i Hafslo, men utvandra med ektemakane til Amerika i 1853.Eg ser ikkje noko til Nils Nilsson i 1865-teljingi for nokon stad i landet, og eg har heller ikkje funne noko som tyder på at han utvandra til Amerika.Er det nokon der ute som kan hjelpa meg med opplysningar om denne unge mannen frå Sogn?? Eller er det fullstendig 'nåli i høystakken'?På førehand hjarteleg takk for alle forslag!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Hallo Lars. Den der kan se ut som en nøtt.Nils Nils. var ikke akkurat noe uvanlig navn på den tiden.Jeg fant fire kandidater på landsdekkende søk i 1865 med fødested Hafslo.Jeg antar du har sjekket de ut, men for ordens skyld tar jeg dem med her.Nils Nils. 49år, Uren i Hafslo gift med Kristi Ingebrigtsdtr. Nils Nils. 48år,Holsetein i Hafslo gift med Britha Vikingdtr. Niels Niels. 46år , Hillestad i Hafslo , gift med Luchris Thostensdtr. og Niels Niels. 49år ,ugift logerende jordarbeider på gården Nagløren i Sogndal. Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg er diverre merksam på at Nils Nilsson ikkje er noko uvanleg namn, korkje i Hafslo eller andre stader. Berre i Hafslo vart det mellom 1816 og 1821 døypt so mange som sju menn med namn Nils Nilsson, so ein lyt halda tunga 'beint'!Men ein eller annan stad må jo ogso denne Nils Nilsson Sjøthun/Havnen ha teke vegen. Eg lyt seia som Professor Gerhard Naeseth brukte gjera når det var noko han ikkje fann ut av: 'Det er berre om å gjera å leita på rette staden!'Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Det nærmar seg tid for publisering av manuskriptet som mellom anna omhandlar ætti til denne Nils Nilsson, og sidan han framleis er som ''sokken i jordi'', so freister eg på ny! Kanskje einkvar kan gje meg eit tips?Eg takkar igjen so mykje for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.