Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#10241] Gjertrud Andersdt Sundby, f. 1715, gift Bergen med Knut Norenberg - kven var ho?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Gjertrud Andersdotter, som ved eitt høve har ættenamnet Sundby, var truleg fødd kring 1715, uvisst kvar. Ho dukker opp i Bergen der ho 14.6.1741 gifte seg første gongen med enkjemannen Knut Hansson Norenberg, opphavleg frå Nordfjordeid. Knut døydde i 1748, og Gjertrud gifte seg att i Bergen 24.1.1752 med Hans Jensson Bugge, fødd i Hafslo i Sogn i 1729. Gjertrud døydde i Bergen i august 1768 og har ei stor etterslekt frå første ekteskapet sitt.Er det nokon som har høyrt gjete denne Gjertrud Andersdotter Sundby og som sit inne med mogelege opplysningar om opphavet hennar, so vert dei mottekne med stor takk!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Heidi Tofterå Slettemoen

Kan hun ha vært datter av presten Sundby i Nordhordland (Lindås)? Garden Sundsbø i samme området er stadig skrevet Sundbye også... Men det er nå bare råtips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg Heidi for interessant 'råtips'!So vidt eg kan sjå, var det Otto Sundby, f. i Danmark kring 1701, som i 1720-åri kom som kapellan til Lindås og der gifte seg med ei dotter til sokneprest Schytte. Otto Sundby vart sidan sokneprest til Aurland i Sogn.Farsnamnet til Otto Sundby kjem ikkje fram nokon stad, men første kona til Knut Norenberg var dotter av borgar Isach Lemmichen på Nordfjordeid, so denne andre kona hans kan òg godt ha vore av 'høgare byrd'. Var Gjertrud kan henda ei søster eller ei brordotter av Otto?Fleire innspel vert mottekne med stor hugnad!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Bryn

Ettersom Gjertrud Andersdatter høyst sannsynlig er en av konas aner, har jeg også grublet på hvor hun eller hennes familie kan ha kommet fra. Kanskje dette sporet med Otto Sundby burde ransakes litt nærmere. Jeg har bare Lampes prestehistorie som kilde, men har kanskje funnet noe som er verdt å bruke videre.Først litt prestehistorie: Otto SUNDBY var født ca. 1701 og deponerte fra Ålborg skole i 1723. Det betyr vel kanskje at Sundby-navnet enten kommer fra Sundby sogn på Mors i Limfjorden eller kanskje fra Sundby like nord for Ålborg (Nørresundby eller vel i dag en del av Ålborg by). I 1733 kom han til Lindås der han først var pers. kap. for sogneprest Nils Eriksen SCHYTTE. Da sistnevnte døde i 1739 ble Torjus GRØGAARD ansatt som sogneprest. Grøgaard var en drukkenbolt og etter en rekke klager ble han fratatt flere av sine embedsoppgaver. Otto SUNDBY fungerte derfor delvis som sogneprest inntil det i 1744 ble ansatt en ny pers. kap. som het Jens Pedersen SCHREUDER (1713-1746). Han fikk tittelen av visepastor og overtok i realiteten som sogneprest (hvorfor ble Otto Sundby forbigått?). Nå døde også han og Jørgen Pedersen EGELSDORPH ble ansatt i stedet. Otto SUNDBY tjente altså i sin Lindås-tid under 4 forskjellige prester.Men så til saken: Det interessante sporet nå er at Jens Pedersen SCHREUDER i 1744 ble gift med Johanne Margrethe NORENBERG(!). Lampe har ikke skrevet noe om hennes opphav, men det er vel ikke så utenkelig at hun var fra Nordfjord som Gjertruds første mann med samme etternavn. Jens SCHREUDER var nemlig fra Nordfjord selv. Han var sønn av Peder Ottosen SCHREUDER, sogneprest til Gloppen. Dette kan selvsagt være en tilfeldighet, men det kunne kanskje være verdt å finne ut hvem denne Johanne Margrethe NORENBERG var datter av. Kanskje var hun en søster av Knut Hansen NORENBERG?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Bryn

Johanne Margrethe NORENBERG viser seg å være datter av Hans NORENBERG, '2den lectiehører' (ved Bergens skole?) og klokker ved Nykirken. Hun ble døpt i Bergen (Nykirken) 27. jan. 1715 og ble begravet fra Korskirken 27. mars 1788. Jeg vet ikke hvor Hans NORENBERG kom fra. Han skulle vel ikke mot formodning være far til Knut Hansen NORENBERG også?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takki til deg, Knut, for interessante innlegg i denne saki.Det er mange år sidan eg først arbeidde med spørsmålet om opphavet til Norenberg-ætti, og diverre har eg ikkje for handi alle dokumenti i denne saki, men noko hugsar eg, og andre ting finn me i Digitalarkivet.Hans Norenberg og kona Johanna Riborg Larsdotter fekk desse borni i Bergen:* Lars Andreas, døypt 15.6.1712* Johanna Margrethe, døypt 27.1.1715* Clara, døypt 22.4.1717* Michael Snog, døypt 30.3.1719* Hans Heitman, døypt 8.5.1721* Birgitte Marie, døypt 25.8.1723* Lyche Dorothea, døypt 1.2.1726Hans Norenberg vart gravlagd 19.7.1762, 75 år gamal, medan Johanna Margrethe Norenberg, då enkje etter Johan Whitte, vart gravlagd 27.3.1788, 72 år gamal.Kven var so Hans Norenberg? Eg er ikkje sikker, men eg trur han var av same ætt som denne karen:* Daniel Andersson Norenberg, sjømann, gift i Bergen 16.3.1698 med Ide Jørgensdotter Bruun.Når det so gjeld Knut Hansson Norenberg (som rett nok aldri nytta namnet sjølv; berre ved skiftet vert han kalla Nordberg, men so nyttar altso borni hans seinare namnet Norenberg!), so har eg tidlegare funne ut at han var son av gardbrukar Hans Knutson på Tippen i Eid, Nordfjord, som ved folketeljingi 1701 var 31 år gamal og då hadde ein son Ole Hansson, 2 år gamal.Knut Hansson (Norenberg) fekk desse borni, først med Bertha Lemmichen (vigde i Nordfjord):* Hans, døypt 30.12.1736og so med andre kona Gjertrud Andersdotter Sundby:* Bertha, døypt 11.3.1742* Martha Kirstine, døypt 13.9.1743* Andreas, døypt 9.7.1745* Knut, døypt 4.9.1746* Knut, døypt 1.9.1748Ser me so på desse namni, er Bertha openberrt kalla opp etter første kona, Bertha Lemmichen, men kven er so Martha Kirstine kalla opp etter? Denne namnekombinasjonen var uvanleg i Nordfjord på tidleg 1700-tal, so sjølv om me ikkje har namnet til mor hans Knut Hansson, so spørst det nok om ikkje me her har namnet til mor hennar Gjertrud??Anders Peterson gifte seg i Bergen 10.4.1719 med Martha Kirstine Olsdotter og fekk desse borni:* Maren, døypt 1.8.1719* Karen Sophie, døypt 26.9.1721* Serina, døypt 4.9.1724men akk ingen Gjertrud...!Fleire innspel er hjarteleg velkomne!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Bryn

Jeg har kommet over et annet pussig(?) sammentreff her. Kona til klokkeren Hans NORENBERG var visstnok datter av Margrethe Hansdatter BUGGE fra Fitjar som var av samme familie som Gjertruds annen mann, Hans Jensen BUGGE.Jeg vet ikke hva dette evt. skulle bety, men det fikk meg til å se i noen gamle notater om familien BUGGE som stort sett er basert på Bondesens bok. Her finner jeg at Gjertrud er kalt 'Gertrud Andersdatter Brucher'. Kan det være at hennes slektsnavn er litt vanskelig å lese sikkert i originalkilden?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hei Knut!Når du nemner Brucher, kjem eg i hug at eg òg fann det namnet ein gong for lenge sidan, men anten var eg den gongen ute av stand til å finna noki ætt med det namnet, eller eg greidde ikkje å finna 'plass' til 'vår' Gjertrud Andersdotter! Kanskje er det kome nye kjelder i mellomtidi som kan hjelpa oss?PS: Er det kan henda Bondesen som òg syner fleire mellomnamn for borni i huslyden til Knut Hansson (Norenberg) og kona Gjertrud? Eg meiner hugsa at både Bertha og Martha Kirstine hadde fått fleire 'tilleggsnamn'!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Etter lang tid i ''dvale'' vil eg gjerne få ta opp att dette spørsmålet om opphavet til Gjertrud Andersdotter Sundby i Bergen. Eg vonar at nye opplysningar kan vera komne til som kan bidra med å kasta ljos over dette gamle ''mysteriet''!!? Eller nye lesarar med nye idear?Hjarteleg takk for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Michael Moum

Er det noen som vet opphavet til Malene Andersdatter Norenberg, f omkr. 1701, død 1790, hun vart gift med Jens Christensen Schjelderup? Er hun kanskje i familie med Daniel Andersson Norenberg nevnt i innlegg 6. Mulig hun er av schjelderupslekta. Jeg sett henne ha Scheldrup som ett av hennes navn. Usikker på om dette stemmer da hun var gift med en av slekten Schjelderup.Mvh Michael

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Denne Malene Andersdotter Norenberg, som Michael nemner i innlegg #10.veit eg ikkje noko om. Og heller ikkje er det gjennom dei siste 7-8 åri kome fram fleire opplysningar om det opphavleg problemet, Gjertrud Andersdotter Syundby!Gjertrud skal snart innflettast i bygdebokmanuskriptet mitt, og difor ønskjer eg å kaste fram att dette problemet no. Kan henda er det komme til nye kjelder eller ny kunnskap om denne ætti (eventuelt om Norenberg eller Bugge) som kan hjelpa oss vidare?Eg krøker fingrer og tær og lever i voni...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg må berre slå fast at det ikkje er komme reaksjonar på innlegget mitt frå november i fjor om opphavet til Gjertrud Andersdotter Sundby, og kalla Gjertrud Andersdotter Brucher, ho som i 1741 vart andre kona til Knut Hansson Nordberg/Norenberg, opphavleg frå Tippen på Nordfjordeid, men busett i Bergen.Kanskje er dette eitt av dei spørsmåli som det rett og slett ikkje er mogeleg å løysa? Eg vil likevel ikkje gje opp...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Werner Pedersen

Gjertrud og Knud var ikke enkel. Har gravd i de kilder som ligger på nett for Bergen, Eid og Lindås som synes å være de mest aktuelle steder.(ennå mye ulest) Jeg finner en Hr. Anders Norenberg, fadder i 1722 Lenke som svært interessant. Kanskje felles innsats får fram noe her? Mvh Werner

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Werner Pedersen

Til #4 og 5 Lenke Fadderlista her er interessant bl.a. viser skiftet dat. 13/5 1750 etter Birthe Marie Norenberg, enkemann Johan Thode. Her er uten tvil sammenheng? Er denne Johanne Margrete Norenberg den samme som denne Johanne: 'Johanne Margar. Norenberg k 72 Johan Whittes enke 21-28 kl 12 slet paa Kke grden Mar 27 1788 KK'?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Werner Pedersen

#4 Her er gravleggelsen i Lindås av Jens Schreuder Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.