Gjest Jorunn Hjelle Skrevet September 2, 2002 Del Skrevet September 2, 2002 Kva fins av kjelder/opplysningar om Hardbogætta? Tilbake på 1600-talet i Nordfjord støyter eg stadig på personar som høyrer til denne slekta. Eg har lese det J. Aaland skriv i si bygdebok om garden Hopland. Han fortel at det i samband med ein eigedomstvist vart rekna opp 6 ætteledd bakover frå 1560-talet - tilbake til Oluf Hardbog, som han då rekna med var fødd før år 1400. Kvar kjem namnet Hardbog frå? Stemmer det at det var ein gard i Bergen? H. Nørve skriv 'Slekta eide Hardboggarden i Bergen'. (I det ekspl. av H.N.s bok eg lånte frå M&Rs fylkesbibliotek blir lesarane på tittelbladet åtvara med at 'det i denne boka finnes en del feil og unøyaktigheter i teksten', så eg veit ikkje kva eg kan feste lit til der!) Mvh. Jorunn Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Gjest Tor Kvien Skrevet September 23, 2002 Del Skrevet September 23, 2002 Jeg håper noen har kunnskaper om dette og svarer på det du egentlig spør om. Ellers har jeg oppfattet Hardbog som en egenskap til denne Oluf 'hard bog', liksom 'hårfagre' uten sammenligning forøvrig. Så vidt jeg vet heter det lokale idrettslaget på steded Hardbagg.mvh Tor Kvien Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Gjest Aase R.Sæther Skrevet September 25, 2002 Del Skrevet September 25, 2002 'Alle' nordfjordingar kjem før eller sidan tilbake til Oluf Hardbog på fleire sider, og til ekteparet Jon og Elin Rand som levde litt seinare på resten av sidene, for å seie det litt flåsete.Eg trur faktisk ikkje der er så svært mykje opplysningar å hente om nokon av dei, fordi dei opptrer i historia på same måte som svært mange andre på den tida, nemleg i form av eit ettermæle, og som hovud- eller biperson i eitt eller nokre svært få bevarte dokument. Dokumentet som viser 6 ættled bak til Oluf Hardbog er nødvendigvis skrive nokså lang tid etter hans død, og etter som eg forstår Jacob Aaland, er der ikkje eldre dokument som nemner Oluf. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Gjest Jorunn Hjelle Skrevet September 26, 2002 Del Skrevet September 26, 2002 Takk for svar, Tor og Aase!Eg må vel berre forsone meg med at det ikkje er meir å finne om Oluf. Men kva med Hardboggarden i Bergen?Mvh. Jorunn Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Gjest Bjørn Davidsen Skrevet September 27, 2002 Del Skrevet September 27, 2002 Ein slik 'gard' var nok ingen bondegard, men ein handels-/forretningsgard langs Stranden eller på Bryggesida. Men eg har ikkje funne ut kor den låg, for den er ikkje nemnd i dei kjeldene eg har for Bergen. Det ein derimot meiner å vite, er at i alle høve ein stormann med tilknyting til Sunnfjord og Nordfjord, hadde eigen 'gard' på Stranden, nemleg Audun Hugleiksson (Audunargarden). Den fanst heilt til brannen i 1916 sletta den or kartet. Den låg omlag der Wallendahl har bygget sitt i dag. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Gjest Knut Fjogstad Skrevet September 20, 2003 Del Skrevet September 20, 2003 Kanskje er det en sammenheng med slektene her?http://home19.inet.tele.dk/harbou/default.htmMvh Knut Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Gjest Aase R Sæther Skrevet September 20, 2003 Del Skrevet September 20, 2003 Tanken har streifa meg og, at der skulle vere samanheng med Hardbog og Harbo(e), men akkurat denne danske slekta er etter det innehavaren av sida opplyser, ei brevadelsslekt som 'berre' skriv seg tilbake til 1440. På den tida bør Oluf ha vore godt etablert i Nordfjord. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts