Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

Gloppen, Sogn og Fjordane: Ei floke på Hope i Hyen.

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

Eg utfordrar Kjell Fredly og andre Hyen-spesialistar på mitt vesle problem i dag: Det er skifte i 1715 etter Hilarius / Lari / Lars Lar(i)sson Hope. Han har enkja Marte Knutdtr etter seg, og hennar lagverge er "svoger" Valdemar Larsson. Ordet svoger betyr på denne tida så vidt eg veit svigerson, og det kan stemme med at Valdemar Larsson Hope trulovar seg med Anne Lariedtr i 1703 og gifter seg seinare same året. Men den einaste arvinger som er nemnd i skiftet etter Lari er Lari og Marte sin "eene søn" Martinus Larison. (Denne Martinus Larison gifter seg i 1712 med Anne Markusdtr Aa). Det er ingen ting seinare i skiftet etter Lari som tyder på at der er arvingar etter Anne.

 

Valdemar Larsson Hope får mange born i perioden 1705 til 1718, men presten tykkjer ikkje namnet til mora er noko å spandere blekk på i denne tida. Han døyr i 1731, og etterlet seg enkja Anne MARTINSDTR. Og i 1733 døyr salig Valdemar Hopes enke Anne MARKUSDTR ca 54 år gammal.

 

På dette tidspunktet har eg forlengst falle av lasset og ber om hjelp til å kome på att. Har Valdemar Larsson Hope skifta kone? Eller er Anne Lari-dotter eigentleg ikkje dotter til Lari, men berre til Marte Knutdtr og ein Markus? Eller?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Har ikke kommet fram til noen svar, men her er for ordens skyld skiftet etter Waldemar Larsen Hope - Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 6 , 1727-1731 Skifte1731

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

I kirkeboka er enka etter Waldemar Hope innført som Ane Marcusdatter dødsfall1733

 

Men i skiftet heter hun Anne Martinusdatter og eldste nevnte barn/sønn, heter også Martinus - Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 7 , 1731-1734 Skifte1733

 

Men pussig hvis presten har "bommet" på farsnavnet til Waldemar Larsen Hopes kone som i skiftene heter Martinusdatter...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Her er vel skiftet etter Waldemar Larsens far i 1712 - Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 5a , 1711-1713 LarsKnudsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Norodd Hagenson

Slike saker er vanskelige. Det er åpenbart at et eller annet ikke stemmer. Skifter er nesten alltid korrekte, men bare nesten. Jeg har sett et skifte hvor tre barn manglet, og jeg har også sett et skifte med en arving som ikke skulle vært der.

 

Mer sannsynlig (etter min meninge) enn en utelatt arving er feil patronym, f.eks. at Anne er gitt patronym etter stefaren da hun giftet seg. Feil patronym, typisk etter stefar, har jeg sett eksempler på før.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Det er dessverre ikkje bevart skifteprotokollar for Nordfjord for m.a. det året Marte Knutsdtr døyr (1719). Eg finn ikkje teikn på at "Anne Laridtr" er død, heller ikkje på at Valdemar Larsson gifter seg med "Anne Markusdtr/Martindtr". Eldste dotter til Lars Larison heiter Marte, så det tyder i retning av at han er son til Marte Knutsdtr, men sikkert er det ikkje. Martinus Larsson sine to eldste døtre heiter derimot Magdeli og Ingeborg, så der er i alle fall ikkje Marte oppattkalla. (Ingeborg er etter mor hans).

 

 

Nei, dette er vel ei av dei gåtene eg ikkje får løyst. Svaret KAN ligge i eit skifte ein stad, men eg har vore gjennom dei fleste skifta i Nordfjord på denne tida. Hyarane har også mykje slekt i Sunnfjord, men eg kan ikkje akkurat leite på måfå i skifta der. Så eg takkar for alle innspel!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×