Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#10451] Anders Thorson Florvaag 'Valborg-Anders' (1808-1890), omstreifar på Vestlandet?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Anders Thorson Florvaag, til dagleg kjend som 'Valborg-Anders', var fødd i Bergen 19.3.1808 som son av ugifte foreldre Valborg Andersdotter og 'bondekarl' Thor Olson Biydlund. Anders streifa ikring i lag med mori Valborg og stefaren Tollef Johnson. I dette følgjet vart sidan oppteke ei då ukonfirmert ung jente:Anna Malene Nilsdotter, oppgjevi fødd i Hafslo (Luster) i Sogn kring 1817, men ikkje innført som døypt i kyrkjebøkene!Anders og Anna Malene fekk fem born i lag:* Valivan Andreas Lindquist Andersson, fødd i Ølen (Fjelberg) 21.10.1835* Nils Andersson, fødd i Selje 2.5.1841* Ragnhild Marie Andersdotter, fødd i Ølen (Fjelberg) 20.6.1844* Karen Valine Andersdotter, fødd i Ølen (Fjelberg) 24.3.1850* Anna Malene Andersdotter, fødd i Ølen (Fjelberg) 7.9.1861Anders Thorson og Anna Malene Nilsdotter gifte seg endeleg i Ølen (Fjelberg) 8.5.1862, og då heiter det om Anders at han var 'forhenværende omstreifer' busett på Nereim i Ølen. Anna Malene vert sagt å vera fødd i Hafslo og at far hennar var Nils Marcusson, eit namn me ikkje finn i Hafslo i det heile! Anders og Anna Malene vart sidan buande fast på Nereim i Ølen der Anders døydde 1.5.1890. Anna Malene Nilsdotter døydde same staden 2.2.1896. I rubrikken for fødestaden hennar har presten skrive 'Fantestien' attåt årstalet 1817.Problemet mitt er å identifisera Anna Malene Nilsdotter. Kven var foreldri hennar? Er det nokon der ute som kan hjelpa meg??Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Hallo Lars. I følge 1801 tellingen for Sogn og Fjordane finner jeg to kandidater til Anna Malenes far.På gården Berge i Wiigs prestegjeld finner du Niels Marcusen 7år og foreldrene Marcus Johannessen 52år og Guri Nielsdtr. 50 år.På gården Tryttie også i Wiigs prestegjeld finner du Niels Marcusen 15år, tjenestegutt.Den 14.06.1817 dør en Niels Marcusen på Wiigøren.Det er oppgitt at han var født i 1785,trolig den samme Niels som var på Tryttie i 1801.Han kan selvsagt ha rukket å bli far til Anna Malene før han døde. Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg Rune for interessant innlegg!Eg fann òg dei to 'kandidatane' i 1801-teljingi, men var ute av stand til å knyta nokon av dei til Anna Malene Nilsdotter. Eg hadde ikkje tenkt på å studera dødsfalli... Den Nils Marcusson, som døydde på Vikøyri i 1817, ville 'passa' svært so godt som barnefar, men er det mogeleg å prova dette? Kan henda lyt me studera tingbøkene for å finna svaret!?Nok ein gong takk for hjelpi!Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg freister nok ein gong å komma fram med denne 'omstreifarsaki' med tilknytting til Ølen og Indre Sogn. Eg vonar at einkvan kan ha vore 'borti' desse folki?På førehand hjarteleg takk!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kai Larsen

Anders Thoresen (Lange-Anders, Valborg-Anders). reiste med kjæresten Anne. De fikke barnet: *Volman Andreas Lindquist, er til oppfostring hos en gaardbruger Sognet.Jeg har hentet denne infoen. fra Fantefortegnelsen 1845. (s.39, nr.497-499).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eit problem som framleis ikkje har funne løysing, er spørsmålet om opphavet til Anna Malene Nilsdotter. Far hennar er sikkert nok Nils Marcusson frå Vikøyri i Vik, men kven var mor hennar? Arnvid Lillehammer meiner det skal ha vore ei Svendsdotter, og i so fall er det spørsmål om det kan ha vore Gunnhild Svendsdotter, dotter av hesteskjerar og omstreifar Svend Svendson på Skildeimsslottet i Luster og andre kona Ragnhild Pedersdotter. Eldste dotteri til Anna Malene heitte jo òg Ragnhild Marie!Gunnhild Svendsdotter vart døypt i Luster 17.3.1786 og fekk først ein son Svend Jonasson døypt i Vik 18.12.1811; barnefaren var Jonas Larsson på Vikøyri i Vik. Frå 1818 vart so Gunnhild ''i lag'' med brorson sin, Axel Christopherson (1799-1871), og dei fekk minst fire born i lag; den eldste var Ragnhild Axelsdotter, døypt i Vik 3.4.1819.Anna Malene skal vera fødd kring 1817, kanskje eitt eller to år før, og i so fall ''høver'' ho svært so godt som ei dotter av Gunnhild Svendsdotter! Men Gunnhild hadde òg ei søster Anna Svendsdotter, fødd 9.9.1784 og døypt i Årdal. Denne Anna levde framleis i 1801, men er elles heilt ukjend!Det er ikkje alltid so lett å finna ut av desse omstreifarættene, men kanskje er det andre som har vore borti desse folki og som kan ha eit tips?Eg takkar nok ein gong for all hjelp i denne saki!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Nina Berg

Jeg undrer meg på navnet Lindqvist.Det er mange svenske reisende som har det etternavnet.Hvor tok de det fra tro.Valivan kan da heller ikke være så vanlig.Kan det komme fra valentin? Finnes ingen spor blandt faddere på hennes barn?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

''Den som leiter, han finn...''Kyrkjeboki for Årstad sokn i Bergen syner under konfirmantar mellom anna denne posten:* Anna Malene Nilsdotter på tukthuset, 20 år, fødd i Marifjøra av foreldri Nils Marcusson og MARIE Svendsdotter, vart konfirmert i 1837.So har me fått ei stadfesting av at mor til Anna Malene verkeleg var ei Svendsdotter, men so er spørsmålet; kven var Marie Svendsdotter? Ei til no ukjend dotter av Svend Svendson??Eg er framleis takksam for gode forslag!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Med henvising til føregåande innlegg, so er eg framleis på leiting etter opphavet til Maria Svendsdotter. Mest truleg er ho dotter til Svend Svendson på Skildeimsslottet i Luster og andre kona hans, men ho er ikkje nemnd i nokon andre kjelder frå Luster, so kven var ho eigentleg, og kvar vart ho av?Gode forslag vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kai S Gurrik Larsen

Er det funnet ut noe mere om denne slekten?Hvem var foreldre av Valborg Andersdatter?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg er ganske so overtydd om at Valborg var fødd i Sogn som Waldborg Andersdotter, døypt i Leikanger 27.9.1788 av foreldri Anders Andersson og Sophia Fredriksdotter. Det står at barnet er ektefødt, men eg finn ikkje nokon bustad nemnd eller andre referansar til foreldri hennar!MEN, i 1768 var det ei interessant sak oppe på tinget i Sogndal i Sogn ''vedrørende løsgjengere fra Woss'', og der er m.a. nemnd ei Dorothea Svendsdotter (som må ha vore ei søster av hesteskjærar og omstreifar Svend Svendson på Skildeimsslottet i Luster og ogso brørne Daniel Svendson og Elias Svendson, som båe farta i Sogn!). Dorothea var fødd i Sogn der foreldri budde til kring 1743. Kring 1744 fór Dorothea austafjells der ho vart gift med Ole Olson hesteskjærar. Dei flytte til Voss kring 1751 og hadde vore huseigarar på Voss i sju år, men mannen døydde året før, og no var Dorothea komi til Sogndal med fem born som ''ble igjen hos lensmann Lars Westrem av mangel på klær''!! Ole Olson hadde forresten òg periodevis vore busett på Tysnes og i Nordhordland. Attåt Dorothea er nemnd ein som truleg òg var son hennar:Anders Andersson, 26 år, hesteskjærar, kjeleflikkar og kammakar, ''bodde hos sine foreldre paa Woss i 17 aar''!! So er det eit spørsmål om ikkje dette er same Anders Andersson som me finn att som far til Valborg i 1788??Eg høyrer gjerne synspunkt på dette...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Kvale

Jeg kan dessverre ikke gi deg synspunkter på saken om Valborgs far, dette er snarere et 'rop om hjelp'.Etter å ha lest dine innlegg her, forstår jeg at du har arbeidet lenge og grundig med saken. Jeg har også en omstreifer/tater som jeg finner første gang som konfirmant på Fjelberg i 1774. Hun heter Stine Pedersdtr. Hallen, og det er dette navnet/stedet Hallen som jeg ikke finner ut av.( Stines eneste datter het Dorte - ikke etter svigermor )Har du støtt på dette navnet/stedet i ditt arbeid med dine omstreifere?Mvh Harald

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg seier meg lei for seint svar, Harald, men eg var borte eit par veker og har sidan m.a. gått og tenkt på namnet som du nemner, Stine Pedersdotter Hallen, men diverre, eg dreg ikkje kjensel på denne personen og kan førebels ikkje hjelpa deg, sorry!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aud Marion Røen

HaraldTema 39899 omtaler familien Hallen - kanskje samme familie ?mvh Aud M

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Kvale

Etter en tids venting hadde jeg gitt opp å få svar. Sjekket nettopp nå 'for løye', derfor dette forsinkede takk til Lars og Aud.Mvh Harald

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×