Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#10610] Peder Erikson Kvam, f. 1830, skulemeister frå Sogn: Bodø, Tromsø, Vardø og KOLA?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Peder Erikson Kvam, fødd i Hafslo (Luster) i Sogn 3.7.1830, flytte i 1851 til Nordland og gifte seg første gongen kring 1858 med:Hanna Kirstine Olsdotter, truleg fødd i Bodø 16.2.1837 som dotter av ein Ole Andreasson og kona Pernilla Svendsdotter (?)Peder og Hanna flytte snart til Vardø der Peder var lærar og skulemeister i mange år. Men i 1868 ser det ut til at dei flytte vidare til KOLA i Russland der Hanna må vera avlidi, og kring 1873 var i alle fall fire av dei fem døtrene attende i Vardø. Den eldste jenta vart konfirmert i Vardø i 1874 før ho 'forsvinn' på ny, medan dei tre andre i 1875 budde hjå fosterforeldre, to i Vardø og ei i Tromsøysundet.Faren Peder Erikson Kvam, er ikkje å sjå nokon stad i 1875, men dukkar brått opp i Bergen som matros der han 7.7.1878 gifte seg att med Christina Larsdotter Hjemdal frå Os ved Bergen. Ogso denne kona vart sporlaust borte(?), men i 1891 budde Peder Kvam som enkjemann på 'fattighuset' i Allehelgensgaten i Bergen der han døydde 23.11.1903.So var det dei fem døtrene som Peder Kvam fekk med første kona Hanna i Vardø:a) Cecilie Marie Pedersdotter Kvam, f. i Vardø 16.10.1859, fekk flytteattest til KOLA i 1868, men vart konfirmert i Vardø i 1874; seinare lagnad er ukjend!b) Hansine Hermine Pedersdotter Kvam, f. i Vardø 2.8.1861, levde i 1865, men er ikkje sidan attfunni.c) Oline Sofie Pedersdotter Kvam, f. i Vardø 10.10.1863, var i 1875 fosterdotter hjå ein gardbrukar på Nord-Helle i Tromsøysundet; seinare lagnad er ukjend.d) Ellerine Petrine Pederdotter Kvam, f. i Vardø 7.1.1866, var i 1875 fosterdotter hjå ein fiskar i Vardø der ho 19.8.1885 gifte seg med Elias Olai Samuelsen, fødd på Søveien i Salangen, Ibestad 19.4.1862. Elias var smed og maskinist, og i 1900 budde denne huslyden i Tromsø. Dei hadde då seks born heime som var fødde på seks ulike stader (Vardø, Bergen, Salangen, Vesterålen, Ålesund og Tromsø); seinare lagnad er ukjend.e) Thora Mathilde Pedersdotter Kvam, f. i Vardø 16.4.1868, voks opp som fosterdotter hjå ein snikkarmeister i Vardø, men flytte sidan til Bergen der ho 5.11.1893 gifte seg med Alfred Johan Pederson Helgesen, fødd i Bergen 4.11.1871. Alfred var fyrbøtar, og paret vart buande i Bergen levetidi ut. Dei fekk fem born.Er det nokon som har vore borti denne huslyden og som kan stadfesta opphavet til første kona Hanna Kirstine Olsdotter i Bodø? Vigsli frå kring 1858 må finst einkvan stad...?Eller er det nokon som veit noko om dei eldste døtrene i denne huslyden?Er det elles nokon som har kunnskapar om den norske kolonien på KOLA-halvøya på 1870-talet?Eg takkar på førehand for all hjelp eg kan få!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Astrid Ryen

For noen år siden var det en interessant serie (jeg mener å huske det var flere program)på NRK (TV) om den norske kolonien på Fiskerhalvøya på Kolahalvøya og deres harde skjebne i Stalintiden. Mange av dem ble deportert til ulike steder i Sovjetunionen. Du finner en del informasjon om du søker etter Fiskerhalvøya på Google.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Andreas Snildal

Det ble også utgitt en bok for ca. 1 år siden på Gyldendal, skrevet av Morten Jentoft, 'De som dro østover - Kola-nordmennenes historie'. Jeg har såvidt bladd i boken, og vil tro at den har en viss relevans for det du er ute etter.Mvh. Andreas Snildal

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest solfrid Kvam Hole

Endelig fikk jeg svar på noe jeg har lett etter Dette må være peder Erichsen kvam /qvam , min tipp oldefar som var skolelærer og fisker i Vardø i Vardø. Du finner han i digitalarkivet 1865 i vardø, Jeg ønsker å få mer opplysninger om han. Han fikk en sønn, Johan Edvard Kvam, bosatt i Vadsø.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hei Solfrid!Dette høyrest interessant ut. Eg har aldri høyrt at Peder Kvam hadde ein son i tillegg til dei fem døtrene. Var Johan Edvard òg son av Hanna Kirstine Olsdotter frå Bodø? Kan du fortelja meg meir om Johan Edvard?Peder Erikson Kvam var fødd utanfor ekteskap. Faren var Erik Arneson, ein husmannsson frå plassen Kalhagehaugen under garden Beim i Hafslo (1802- ), medan mori var gift husmannskone Cecilia Mathiasdotter på plassen Breingsnes under garden Kvam øvre i Hafslo (1799-1883). Kanskje ser me her 'konturane' av ein aldri so liten lokal 'skandale'?Elles kan eg leggja til at faren Erik Arneson alt i 1834 fekk flytteattest til Meløy i Nordland for å gjera teneste på garden Halsosa. Lagnaden hans er ukjend, men eg har ein teori som eg har teke med i ei eiga etterlysing her i Digitalarkivet sitt debattforum (s.d.).Om du ønskjer å ta kontakt direkte, so er e-mail adressa mi: loya@online.noMed venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest solfrid Kvam Hole

Hei Lars Tusen takk for at du kan bekrefte informasjon. Jeg har en rekke spørsmål vedr Peder Qvam. vet du hvorfor han havnet iBergen på Tvangsanstalt. Jeg har sendt forespørsel pr e-post til fattighusprosjektet, men ikke fått noe informasjon ennå.Johan Edvard (Persen)Kvam født 11.09 1871 (kirkebok nr 4 for Vadsø sokneprestembete 1854-1880.oppslag 102 nr.51. Mor Emelie Jonsdatter av TYBY(idag kalles KIBY i vadsø kommune)Hun var enke. Far : fisker Peder Qvam Johan edvard vokste opp med mor og en halvsøster mor hadde fra første ekteskap. Moren giftet seg med Ole Olsen Lynum fra Trondheim i flg opplysninger jeg har fra digitalarkivet 1875) Videre famile er så kjent. johan edvard fikk 6 barn (en av disse : min bestefar Johan emil Kvam) Jeg ønsker å vite om din tilknytning til historien og om hva du har opplysninger om bakover i tid. Videre tror jeg at jeg kan ha opplysninger om hvem Sidsilla giftet seg med. En HAns Erichsen Qvam - kan det være riktig? og at mens hun var gift fikk Peder. Dette er en spennende familehistorie som jeg ønsker vite mer om. Min epost Solfkvam@online.no

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Solfrid K Hole

Hei LarsJeg finner ekteskap mellom Sidsilla MAthisdatter (CISILLE) og HANS ERICHSEN QVAM 30 JUN 1818 Hafslo, Sogn Og Fjordane, Norway på http://www.familysearch. Tror du dette kan være mor til Peder ? Det står registrert flere Sidsilla , men jeg kan ut ifra geografi tenke meg at det er henne og at hennes mann angivelig er en del eldre enn henne og denne ungkaren hun fikk barn med. Har du noen tilgang til kirkebøker som kan bekrefte dette ? Videre finner jeg i folketelling 1865 Sicilie Mathisdatter født 1799 , losjerende enke på bosted Alme i Hafslo. Kan det være samme kvinne ? Hva ble hennes skjebne på Qvam? Jeg har en rekke andre spørsmål , men de kommer etterhvert. Med hilsen Solfrid Kvam Hole

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ottar Solberg

Du treng ikkje gå til Familysearch. Kyrkjebøkene til Hafslo prestegjeld finn du her på Digitalarkivet. Som du trur, var Hans Erichsen ein del eldre enn kona. Cicilia Mathisdtr. vart døypt 22 des 1799 og Hans Erichsen 13 aug 1786.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg takkar deg Solfrid for nye interessante opplysningar som er komne fram om huslyden til Peder Erikson Kvam og sonen Johan Edvard.Du har mange spørsmål, og eg er redd det ikkje er so mange eg kan svara på direkte.For det første; orsaki til at eg er interessert i denne ætti, heng saman med det forhold at eg i mange år har vore sysselsett med bygdebokskriving for Luster kommune. Eg har soleis som oppgåve å skriva om alle ætter som har butt i kommunen so langt attende som dei kan følgjast, dvs stort sett frå 1600, og likeins freister eg å følgja alle utflyttarar til og med første generasjon fødd etter utflytting. Difor er eg interessert i borni til Peder Erikson Kvam!Eg veit ikkje kvifor Peder Erikson Kvam var på fattighuset i Bergen, men finn du ut noko meir om dette, so ville eg setja pris på å få høyra om det!Når det gjeld opplysningar om Cecilia Mathiasdotter og mannen Hans Erikson, og òg om Erik Arneson, so held eg på med å setja denne soga saman, so eg lyt be deg om litt tålmod, so vil du få det heile, so langt som ætti kan sporast attende!Elles er det framleis ei gåte kva som skjedde med Peder Erikson Kvam si første kona Hanna. Ho må vera avlidi på Kola, men alt ved juletider 1870 må Peder vera attende i Vardø (eller Vadsø??). Dette er svært uklart for meg...Opplysningar som du måtte ha om dotteri Cecilia (Sidsilla) Kvam, ville òg vera svært so velkomne, likeins om Hansine og Oline...!Nok ein gong hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Lars - det er ingen grunn til å verta engsteleg sjølv om konene til denne Peder Erikson forsvann i tur og orden - eg har i alle fall funne att den eine av dei, kone nr 2:Gravlagde i Bergen 1881 - 191125606/311289/060190/Kristi Larsdtr./gift/1843[feil for 1834 - ombytte tal]/Os prgld. /Nøstegaden 22/1890/JKKristi var fødd 1834 på husmannsplasset Træ eller Træet under garden Gjemdal (Hjemdal) i Hegglandsdalen i Os sokn- og kommune, som dotter av av hgusmann- og kjøkmeister Lars Asbjørnsen Gjemdal, f. på ytre Haugland (1792 - 1871) og kona(Agata Samsonsdtr. Gjemdal (1794 - 1881).Denne Kristi var ugift då ho gifte seg med ekkjemannen Peder Erikson, men ho hadde ein vaksen son, Nils Larsson, f. 1860; frå før. Eg har meir om han, dersom ønskjeleg.Eine bror hennar, Lars Larsson Gjemdal, f. 1831; var handelsmann - og krambukar i Bergen og gifte seg med ei jente frå Luster (du 'jaktar' jo på folk derfrå etter det eg forstår); ei Gurina Larsdtr. Heltne, f. 1822. Paret vart gifte i Bergen:Vigde i Bergen 1816 - 1911:7060/Lars/Larsen Hjemdal/uk tjenestedreng/Os pr./180731/// Gurine/Larsdtr. Hiltne/pige/Lyster pr./210522/[gift] Mai 25/1856/KKI FT 1891 for Bergen er dette paret ført slik:8137/Lars/Lars. Hjemdal/M/SH/g/31/Os Sogn S. Bergenhus Amt/Handelsmand Bondehandel Colonial/// 8138/Gurine/Hjemdal f. Larsen/K/HU/g/22/Lysters Sogn/Helt af Handelsmand Bondehandel. Dei bur då i Sverresgt. 5 i Bergen.I 1900 er han (Lars Larsson) død, for då er Gurine ekkje på Solhaug under Store Midttun i Fana ifølgje FT 1900 for Fana.Eg kan - om du ønskjer det eller meiner det er påkravd - koma med meir utfyllande informasjon om slekta til Kristi og Lars frå husmannsplassen Træet under Hjemdal i Os.Mvh., Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg, Terje, for stadfesting av identiteten til Christi Larsdotter, andre kona hans Peder Erikson Kvam. Eg visste ho var frå Gjemdal, men har ikkje klart å 'kopla' ho til dødsfallet i Nøstegaten i 1889...!?Men kan du finna den nøyaktige fødselsdatoen til Christi i Os i 1834??Når det gjeld broren Lars Larsson Hjemdal (1831-1899), so er han omskriven under garden Heltne i band II av Gards- og Ættesoga for Luster der kona hans var ifrå.Derimot vil eg gjerne vita litt meir om Nils Larsson, sonen som Christi Larsdotter fekk før ho vart gift med Peder Erikson Kvam. Budde han òg i Bergen?Nok ein gong takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Solfrid Kvam Hole

Hei Lars! kan dette være datter til Peder Kvam? Det stemmer med fødested og fødselsår?Tellingsår: 1875 Kommune: Tranøy Kommunenummer: 1927 Navn på bosted: BjørgenMaria Secilie Pedersdatter Tyende ug Tjænestepige 1859

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Heisann Solfrid! Det ser jamen ut til at du har funne den rette Cecilia Marie - Maria Cecilie - Pedersdotter i 1875. Kjempebra!! Det kan ikkje vera tvil om at det er ho. Men kvar vart ho av etter 1875? Har du freista sjå i emigrantprotokollane over Trondheim?Elles har eg i ettermiddag leitt i 1900-teljingi etter desse søstrene, og kanskje har eg funne Oline Sofie?Dette paret var i 1900 leigebuarar i Bakkegata 11 i Christiania:16412 1 Alexander von Erdensowsky m b hf g Skræddermester 47 Warskou Polen n Katolsk16413 Sofhie von Erdensowsky k b hm g Hustru 63 VardøEtter 1865-teljingi er det berre to Sofie'r fødde i Vardø 1863, og hi heiter Anna Sophie Næss. Far hennar var Andreas Næss frå Verdalen. Han var rett nok skreddarmeister i Vardø i 1865, men vart sidan factor ved landhandelen i Gamvik i Tana der huslyden budde i 1900, dog utan Anna Sophie...!Eg vil ta denne saki opp som eige tema for å fanga merksemdi til nokon som har tilgang til kjeldemateriale i Christiania...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

2590/0701/1401/gardbrukar h.v., gift/ Nils/ Larsen Solbakken/0903 1860/Os/Haugland, Kalandseid/1944. (Han døydde altså 07 jan 1944).Kona hans døydde 24 jun 1947 på Milde i Fana, og er då ført som 'Enkje Brita Solbakken, f. 2206 1867 i Os'. Og dét er det eg veit om desse.Vonar dette var til hjelp.Mvh., Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

2590/0701/1401/gardbrukar h.v., gift/ Nils/ Larsen Solbakken/0903 1860/Os/Haugland, Kalandseid/1944. (Han døydde altså 07 jan 1944).Kona hans døydde 24 jun 1947 på Milde i Fana, og er då ført som 'Enkje Brita Solbakken, f. 2206 1867 i Os'. Og dét er det eg veit om desse.Vonar dette var til hjelp.Mvh., Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg Terje for fine opplysningar om huslyden til andre kona til Peder Erikson Kvam.Framleis manglar fødselsdatoen til Christi Larsdotter i 1834. Du har vel ikkje funne den?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

2590/0701/1401/gardbrukar h.v., gift/ Nils/ Larsen Solbakken/0903 1860/Os/Haugland, Kalandseid/1944. (Han døydde altså 07 jan 1944).Kona hans døydde 24 jun 1947 på Milde i Fana, og er då ført som 'Enkje Brita Solbakken, f. 2206 1867 i Os'. Og dét er det eg veit om desse.Vonar dette var til hjelp.Mvh., Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

No skulle heile innlegget ditt vera med... Eg fekk det fram i stad, men det vart borte 'på vegen'. Eg trur det er noko med at Digitalarkivet ikkje toler haketeikni!Med venleg helsing,Lars E. Øyane~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Terje Hatvik, Os, 12.02.2003 23:35 Det er/var noko gale her - berre den aller siste delen av innlegget mitt om sonen til Kristi Larsdtr. Gjemdal/Hjemdal, gift Kvam; kom med i stad. Det var eit lengre, detaljert innlegg, slik at det som no står der diverre heng i lause lufta. Men eg prøver igjen: Til Lars Øyane: Her kjem litt meir om Nils, denne sonen som Kristi Larsdtr. Gjemdal/Hjemdal fekk utanfor ekteskap. Men først litt om opphavet deira på husmannsplassen Træ under Gjemdal i Os. Eg siterer frå band III av bygdebøkene for Os m/mine kommentarer i klammer(): 'Lars Asbjørnsen ytre Haugland, f. 1792, fekk i 1827 bygsla eit stykke av av Gjemdal av verbroren og bygde her. Han hadde fyrr vore busett på Haugland i Os og på Nystølen under Sunnfjord i Strandvik. G. I 1818 Kari Jonsdtr. Midthus, f. 1794, d.p. barseng i 1818; g. II 1819 Agata Samsonsdtr. Gjemdal. f. 1794. Av 11 born vaks 5 opp. Kari, f. 1823, ug., (b. Gjemdal, d. 10. aug 1903 som 'pige' på Gjemdal). Asbjørn, f. 1825, gardbrukar, smed- og steinarbeidar. (Han overtok eitt av hovudbruka på Gjemdal etter ei bornlaus moster og mannen hennar i 1855. G. 1858 Anna Nilsdtr. Rolfsvåg frå Samnanger, f. 1835. Asbjørn d. 13. des 1905 som 'gift kaarmand' på Gjemdal). Jon, f. 1827, g.1853 Brita Eliasdtr. Gjemdal (frå nabobruket), gardbrukar (og 'tømmermand') på Ravnanger i Askøy. Jon og huslyden flytte til Askøy i 1857/58. Jon d. 08. juli 1899 på Askøy). 'Sonen Jon var so sterk at han bar ei heil tunna rug på ryggen frå Bergen heim til Gjemdal.' (NB: Gjemdal i Os er meir enn 35 km frå Bergen, noko kortare om ein tar ein snarveg gjennom mark- og myr. Ei tønne rug = 8 skjepper. Ei skjeppe = 17,4 l, dvs. at ei tunne = 139,2 l ~ 140 l rug. Vekta av sjølve tønna kjem i tillegg. Jon Larsson bar altså godt over 150 kg på ryggen gjennom ulendt terreng i godt over tre mil !) Lars, f. 1831, handelsmann, g. 1856 Gurina Larsdtr. Heltne frå Luster, b. Bergen. (Lars 'reiste til Bergen i 1850, stod som krambudkar nokre år, fekk borgarskap og tok til med kjellarhandel i Strandgata. Han var no osingane sin handelsmann i mange år' ifølgje bygdesoga for Os; 'Lars Gjemdal dreiv handelen til han var ein gamall mann'.) Kristi, f. 1834, g. 1878 sjømann Peder Erikson, e(kkjemann) Peder Erikson Kvam frå Hafslo, b. Bergen.' (Og Kristi d. 31 des. 1889 i Bergen). Eg siterer vidare frå bygdeboka: 'Lars (dvs. Asbjørnsen) dreiv med treskolaging og anna trearbeid, og var ein dugande kjøkmeister. Lars døydde i 1871 og Agata i 1881.' Vidare: Kari Larsdtr., f. 1823, budde framleis i Træ etter at foreldra fall frå. 'Systerson åt Kari (dvs. son til Kristi), Nils Larsson, f. 1860; som var uppfostra her var ogso busett på bruket. I 1888 brann huset her, og det vart ikkje bygt uppatt. Kari .... døydde på Gjemdal i 1903. Nils Larsson flutte til Raudlidi, der det er nemnt meir um han. Plassen fall attende til hovudbruket.' Far til Nils er ikkje nemnt, det 'faderlege opphavet' er difor ukjent. Men i FT 1860 for Os er Nils oppført som 'Nils Johan Larss., 6 aar, opfostringsbarn'. At Nils Johan verkeleg var fødd i 1860 vert stadfesta nedanfor, følg med: På husmannsplassen Raudlida under Friskogane i Os (Statens skogar) finn me følgjande: 'Nils (Johan) Larsson, f.1860, pakta bruket og busette seg her då fyremannen flutte til Bahus. G.I 1887 Ingeborg Andersdtr.,(d.??), g.II 1890? Brita Andersdtr. Hatlelid (i Os), f. 1867. Nils hadde bruket berre nokre få år då han flutte til Kalandseid i Fana og busette seg der. Bruket vart so liggjande øyde og fall attende til Statens Skogar.' Og under døde i Fana 1878 - 1961 finn du han att 2590/0701/1401/gardbrukar h.v., gift/ Nils/ Larsen Solbakken/0903 1860/Os/Haugland, Kalandseid/1944. (Han døydde altså 07 jan 1944). Kona hans døydde 24 jun 1947 på Milde i Fana, og er då ført som 'Enkje Brita Solbakken, f. 2206 1867 i Os'. Og dét er det eg veit om desse. Vonar dette var til hjelp. Mvh., Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Takk til Lars som gav kunnig assistanse til ein heller ukunnig. Jau, eg sleit nok litt med dette i går kveld. Og gav etter kvart opp ....Har i dag gått gjennom ymse korrespondanse mellom m.a. Nina Møller Nordby og Jan Oldervoll i Arkivforumet og merka meg også då dét som er skrive om haketeikn; altså større enn / mindre enn -teikna, og ikkje minst RETT bruk av desse.Konklusjon: Eg gjer ikkje denne feilen oppatt - eg lovar å gjera ein heilt NY feil neste gong ... ;-)Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Solfrid Kvam Hole

Kan dette være Hansine Hermine Pedersdatter? Hun er ikke oppført med etternavn ( det var alle de andre på listen) Tellingsår: 1875 Kommune: Vardø Kommunenummer: 2002 Gatenavn: Christian 4des gade Hansine Tjenestepige ug Tjenestepige 1860 VardøVidere finner jeg en Hansine ,Det er ikke oppført fødesred på noen. Emigrants from Trondheim 1867-1930. [140523721270 5 1880 126 36 3150 1 23.06.1880 24.06.1880 Hansine Peders. Pige k 18 Trondenæs Chicago Ill Amerikan Dampskib Tasso Bill. bet. i AmerikaMed hilsen Solfrid Kvam Hole

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Gode Solfrid!Eg har kikka litt på dei personane som du nemner som mogelege alternativ for Hansine Hermine Pedersdotter Kvam.Ho som i 1875 tente hjå Peter Axelsen i Vardø, er so absolutt ein mogeleg person, men umogeleg å prova utan farsnamn. Eg kan ikkje sjå at Hansine Hermine Pedersdotter vart konfirmert i Vardø, men ho kan sjølvsagt vera fari frå Vardø før ho nådde den alderen...Når det so gjeld Hansine Pedersdotter, f. kring 1862, som utvandra frå Trondenes i 1880, vil eg tru ho er identisk med ei Hansine Pedersdotter, f. 1862, som i 1865 var fosterdotter hjå Hans Jentoft Kristofersen på Berg i Trondenes...So førebels ser det ut til at spørsmålet om lagnaden til Hansine Hermine Pedersdotter Kvam står ope!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Solfrid Kvam Hole

Jeg fant en omtale av en bok om emigranter til Russland på hjemmeside Lenke'Russland via Vardø' skrevet av Laila og Thor Thorsen. Boka kom ut i 1991 på Skutvik forlag. Forlaget er visstnok opphørt, men forfatterne bor i Harstad. Boka omhandler norsk utflytting til Russland fra ca 1850 til perioden etter revolusjonen, og dreier seg særlig om norsk bosetting på Murmankysten. Boka viser også hvordan det har gått med noen av utflytterne. ISBN 82-91122-00-8 Kontakt forfatterne, tlf 77 01 75 87 Dersom noen har denne bok , kanskje det står noe om familen til Peder der ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Solfrid Kvam Hole

Kan Peder Kvam hatt enda en sønn ? Snakket med min tante(82 år) Hun mener at Edvard Johan Kvam hadde en halvbror. Navnet var angivelig Arthur Liland. Jeg kan ikke finne denne personen i digitalarkivet eller RH Tromsø. Men ved tilfeldige søk ser jeg en person som heter: Arthur Pedersen, ug Pleiesøn 1898 Bergen. Moren til Johan Edvard var gift Lynum - kan det vært dette etternavnet? Denne Arthur hadde angivelig vært på besøk en gang i Kiby der Johan Edv var bosatt.Liland, er ikke det et vestlandsnavn? Har desverre ikke mer informasjon foreløpig. Solfrid

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Solfrid Kvam Hole

Her har jeg sovet i timen. Men det er ikke så rart med alle de 'halvsøsken' som etterhvert dukker opp. Den Arthur jeg nevner i forrige innlegg er halvbror av Edvard Johan Kvam. Han heter Arthur Lynum. Far hans er ikke Peder Kvam, men Ole Martinius Olsen Lynum. Har forøvrig fått en kopi av et passbilde av Edvard J Kvam.Solfrid Kvam Hole

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Etter at dette tema i fleire år har lege i ''dvale'', vil eg i kveld gjerne få blåsa lite vetta ''støv'' av det. Det nærmar seg nemlig tid for å gjera ferdig denne delen av bygdebokarbeidet i Luster, og eg sit framleis utan fleire spor etter dei tre eldste borni til Peder Kvam og første kona Hanna!For å ''rekapitulera'':* Cecilie Marie Pedersdotter (Kvam), fødd i Vardø 16.10.1859, vart konfirmert i Vardø i 1874 og var i 1875 tenestejente under namnet Marie Sesilie Pedersdotter hjå ein fiskar på Bjørgen i Tranøy. Etter denne tidi ser me ikkje noko meir til ho.* Hansine Hermine Pedersdotter (Kvam), fødd i Vardø 2.8.1861, er ikkje funni korkje avlidi eller konfiormert i Vardø, men KAN vera identisk med ei Hansine utan etternamn, fødd i Vardø 1860, som i 1875 tente hjå Peter Axelsen i Vardø. Etter den tid ser me ikkje noko meir til ho heller.* Oline Sofie Pedersdotter (Kvam), fødd i Vardø 10.10.1863, var i 1875 fosterdotter hjå ein gardbrukar på Nord-Helle i Tromsøysundet, men eg kan ikkje sjå at ho vart konfirmert i Tromsøysundet. Kan henda er det ho som i 1900 dukkar opp i Christiania som gift med Alexander von Erdensowsky (sjå tema #12991), men noko prov for dette er enno ikkje funne...Dette er ei vanskeleg ætt å fina greie på, men eg lever i voni og takkar på ny for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.