Gå til innhold
Arkivverket

[#10610] Peder Erikson Kvam, f. 1830, skulemeister frå Sogn: Bodø, Tromsø, Vardø og KOLA?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Oline Sofie var altso gift med Alexander von Erdensowsky i Christiania, men dei to eldste søstrene (Cecilie Marie 1859 og Hansine Hermine 1861 - sjå innlegg #25) ser det ikkje ut til at me nokon gong skal klara finna att...!?Men eit anna spørsmål som me vel aldri har fått svar på:* Er det nokon som har ei meining om KVAR PÅ KOLA denne huslyden kan ha butt mellom 1868 og kring 1871? Med andre ord: Kvar var det (eller dei) norske settlement(i)?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Alvin Andreassen

Det finnes en god del litteratur nå som tar for seg 'Kola-nordmennenes historie'. Den siste var vel Morten Jentofts: 'De som dro østover' i 2005. Boka gir en rekke kildehenvisninger, og langt tilbake i tid. Som f.eks.'Finnmarkposten' 6.11.1869, og 'Vardøposten' 9.12.1883 og 20.4.1884. De første reiste østover i 1862, men spesielt fra 1868 og årene deretter var det mange som slo seg ned på Kolakysten. De aller fleste nordmennene slo seg ned på Fiskerhalvøya. Det største stedet der var Tsypnovolok, som vel var helt norsk. Det var dessuten en 4-5 mindre plasser hvor det bare bodde en eller to familier. I ovennevnte bok nevnes ikke Peder Eriksen Kvam og hans familie. Årsaken er vel at Peder bare oppholdt seg få år på Kola, Det muntlige materialet til boka er samlet i 1990-årene da det bare var få gamle igjen av nordmmennene. De norske settlerne fikk en ublid skjebne. Under russifiseringen og Stalins terrorvelde ble de arrestert. Mange ble uten videre skutt som 'folkefiender' mens andre ble deportert, og få av disse kom tilbake. Da tøværet langsomt kom, prøvde en del av dem som hadde overlevd, noen av disse var faktisk født i Norge, å få vende tilbake til sitt hjemland Norge. Men de ble til de grader stoppet av det norske byråkrati. En trist historie.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Alvin for nytt og avklarande innlegg. Det er jo tydeleg vanskeleg å finna handfaste kjelder på Kola, men no har me i det minste sett eit lokalt namn på kvar denne huslyden høgst truleg hadde bustaden deira!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Solfrid Kvam Hole

Cecilie Marie Pedersdatter Kvam finner vi under Fattigmanntal for Bergen 1864-1895. Under merknader står det at hun Lider af Nedfaldssyge. Død den 25/4-85 . Mulig kan hun ha reist etter faren til Bergen.Peder og kona Kristine står også registrert. Peder er også registrert i fattigmantalet frem til sin død.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alvin Andreassen

Interessant Solfrid. Nå kan vi vel si at 'ringen' er sluttet for denne familien, eller hva sier du Lars.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Til innlegga (10), (11), (17) og (18):No når denne tråden er henta fram frå gløymsla igjen vil eg gjerne få leggja til fødselsdata på den andre kona til Peder Erikson Kvam, - Kristi (Christi) Larsdtr. Hjemdal:Ho var fødd 1. mai 1834, døypt 4. mai 1834 i Os kyrkje. Som ovanfor nemnt var ho dottar at husmann og kjøkmeister Lars Asbjørnson Hjemdal, f. på ytre Haugland i Os i 1792, d. på Hjemdal i Os i 1871; og kona Agata Samsonsdtr. Gjemdal, 1794 - 1881, f. og d. på Hjemdal i Os.Christi Larsdtr. d. som før nemnt i Bergen den 31. desember 1889, gravlagt frå JK, Bergen; den 6. januar 1890.Den sonen som Kristi/Christi fekk utanfor ekteskap, Nils Johan Larsen, har desse fødselsdata:Niels Johan, uægte, f. 9. mars 1860 på Hjemdal i Os, døypt 18. mars i 1860 i Os kyrkje. Foreldre: pige Christi Larsdtr. Hjemdal og tjenestedreng Lars Svendsen Sælen, begge heimehøyrande i Os. Dei vart som kjent _ikkje_ gifte.Som allereie omtalt i innlegg (18) døydde gardbrukar Nils Johan Larsen Solbakken i Fana sokn den 7. januar 1944, gravlagt frå Fana kyrkje den 14. januar 1944.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

For ordens skuld:Christi/Kristi Larsdtr. Hjemdal var òg fødd der ho vaks opp, på Gjemdal/Hjemdal i Os. Så er dét òg nemnt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Solfrid, Alvin og Terje for spennande og svært interessante tilleggsopplysningar om denne huslyden.Funnet av Cecilie i Berfgen er eineståande!Om ringen er ''slutta'', som du Alvin seier, er eg ikkje so sikker på; framleis saknar me ei av døtrene:* Hansine Hermine Pedersdotter Kvam, fødd i Vardø 2.8.1861. Ho er nemnd med foreldri i 1865, men etter den tid ser me ikkje noko meir til ho!Når Hansine er funni, er eg viljug til å seia at ''rinegn er slutta''...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Solfrid Kvam Hole

For ordens skyld tilfører jeg disse opplysningene: Johan Edvard Kvam er født 11.09.1871 i Kiby, Nord-Varanger i Finnmark. Fiskeværet Kiby ligger på nordsiden av Varangerfjorden, fire kilometer øst for Vadsø. Av etterslekten omtales Johan Edvard bare som ”Kvambestefar”. Han var født utenfor ekteskapet av foreldrene Emelie Johnsdatter fra Saltjern i Finnmark og Peder Eriksen Qvam fra Hafslo i Sogn og Fjordane. Han og søsteren Anna Josephine Andreasdatter (f 1864) vokste opp med moren Emelie, som var blitt enke etter fiskeren Andreas Andersen fra Kiby. Johan Edvard bodde i Kiby nesten hele sitt liv med unntak den tiden han bodde med mor og stefar Ole Olsen Lynum i Esbensens gård, Vadsø. 16 år gammel, den 20.02.1887, stod han til konfirmasjon i Vadsø kirke, og presten noterte i konfirmasjonsprotokollen; kristendomskunnskap, flid og forhold godt. Johan Edvard Kvam døde 13. 08. 1946 og ble begravet 17. 08.1947. Gravstøtten hans finnes ennå på kirkegården i Vadsø. Han giftet seg med Emelie Halstensdatter den 27.06.1893 i Vadsø og sammen fikk de seks barn; Halfdan Arthur, Olga Elerine, Johan Emil, Hans Kristoffer, Kathrine Barbara og Edith Hilldborg. Som en kuriositet kan opplyses at søsteren Anna Josephine Andreasdatter giftet seg for andre gang 14.01.1898 i Skjervøy kirke, Kvænangen i Skjervøy med Peder Aslaksen Hætta f 5. juni 1850 i Kautokeino. Peder er sønn av Marit Persdatter Kurrack, f. 24.07.1826 og Aslak Jacobsen Hetta, f. 24.01.1824 i Kautokeino. Aslak var forøvrig markante lederen av Kautokeino opprøret i 1852. Anna og Peder fikk trolig 5 barn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Såvidt eg forstår vil Lars gjerne ha korrekte og detaljerte data også på tidlegare born av ektefellar av folk frå Hafslo/Jostedal/ Luster, og då skal han sjølvsagt få det.Eg har brukt litt tid på å 'røkja etter' huslyden til Kristi Larsdtr. Hjemdal sin uekte son:Nils Johan Larsson, f. på Gjemdal i Os 9. mars 1860, døypt 18. mars 1860 i Os kyrkje; 'uægte' son av 'pige' Christi Larsdtr Hjemdal, f. på Gjemdal i Os 1. mai 1834, d. som gift kone i Bergen 31. desember 1889, gravlagt frå JK, Bergen den 6. januar 1890; og dåverande 'tienestedreng', seinare gardbrukar og skogsarbeidar Lars Svendsen Sælen, f. 1835 på Sælen i Os, d. same staden i 1904.Han vaks opp på husmannsplassen 'Træ' under Gjemdal og vart oppfostra av morfaren Lars Asbjørnson Hjemdal (1792 - 1871)og av ei ugift morsyster, Kari Larsdtr. Hjemdal (1823 - 1903), farbroren Asbjørn Larsson (1825 - 1905) gardbrukar smed og steinarbeidar hadde éitt av hovudbruka på Gjemdal. Stovehuset i Træ brann opp i 1888, og vart ikkje oppattbygt.Ungkaren Nils Johan Larsen, b. Gjemdal (Gjemdalstræ) i Os; gifte seg i Fana kyrkje den 13. februar 1888 med 'pige' Ingeborg Andersdotter Lundekvam, f. 1854 på Lundekvam i Indre Holmedal, men då b. Lyngbø i Fana.Nils Johan Larsson bygsla den då ledige husmannsplassen Raudlio i Friskogane (Søftelandsgrenda) i Os i 1889 og budde der til 1891 som husmann og treskoarbeidar. I 1891 flytta han mellombels attende til Gjemdal, som inderst hjå farbroren Asbjørn; og var der til 1893 då han vart 'inderst og træskoarbeidar' på Bergstø under Søfteland i Os. I 1895/96 kryssa Nils Johan og huslyden heradsgrensa og slo seg ned på Kalandseidet i Fana, der dei sidan vart verande.Born:a. Larsine Kristine, f. 8. juni 1890 på Raudlio under Friskogane i Os. Truleg d. før 1900.b. Anna Berta Karoline, f. 26. januar 1892 på Gjemdal i Os.c. Synnøve Ingeborg Nilsine, f. 17. november 1893 på Bergstø under Søfteland i Os.d. Lars Martin, f. 24. juli 1896 på Kalandseidet i Fana, han d. same staden 8. juli 1900. Kona Ingeborg Andersdtr., f. Lundekvam i 1854, d. 23. august 1903 på Kalandseidet i Fana, gravlagt 29. august 1903 frå Fana kyrkje.Enkjemann 'husmand og løsarbeider' Nils Johan Larsen gifte seg då oppatt den 29. juni 1904 i Fana kyrkje med 'pige' Berta (Brita) Andersdtr. Hatlelien, f. 22. juni 1867 på husmannsplassen Hatleli under Friskogane i Os (som òg er naboplassen til ovanfor nemnde Raudlio).Brita var dotter av husmann, jegar- og skogsarbeidar Anders Nilsson Hatleli, f. i Øvredalen i Os i 1838, d. 1892 i Hatleli i Os; og kona Marta Olsdtr. Gåssand, f. på Gåssand i Os i 1835, d. i Hatleli i 1869. Dei vart gifte i 1860. Anders Nilsson var bureisningsmann - det var nemleg han som rydja Hatlelio inne i Friskogane i 1862.Nils Johan Larsen fekk desse borna med Brita Andersdotter:e. Lars Ingvald Andreas, f. 2 oktober 1904 på Kalandseidet.f. Anders Nikolai, f. 2. november 1907 på Kalandseidet.g. Nils Bertin, f. 12. juli 1910 på Kalandseidet.h. Olai Martin, f. 6. januar 1912 på Kalandseidet i Fana.Kona Brita Andersdtr. Hatleli hadde med seg ei dotter inn i ekteskapet med Nils Johan, nemleg:i. Berta Marie, 'uægte', f. 31. desember 1898 på Kalandseidet i Fana. Brita Andersdtr. var då 'pige og skrædderske' og barnefaren var 'ug. gaardmandssøn' Mikal Monsen Midttun, f. 1872, frå Midttun i Fana.Som tidlegare nemnt d. gardbrukar Nils Johan Larsen Solbakken på Kalandseid i Fana den 7. januar 1944. Enkja Brita Andersdtr. Solbakken d. på Milde i Fana den 24. juni 1947.Mvh., Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Retting til (35):Når eg i all hast skreiv farbroren Asbjørn Larsson etc. så meinte eg naturlegvis _morbroren_ Asbjørn osv.. Kan elles leggja til at Nils Johan Larsen si slekt både på fars- og morsida var fadrar på fleire av borna hans.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.