Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#10677] Nils Johannessen (Øvrebø), f. Luster 1786 - til Bergen og til Drammen - lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Nils Johannesson Øvrebø, døypt i Luster 1.2.1786 som son av husmann Johannes Christenson og kona Abelona Knutsdotter på plassen Kyrkjeteigen under Øvrebø, tok over heimeplassen etter foreldri sine i 1807, men var i 1808 soldat med bustad Bergen. So ser me ikkje meir til han før han i 1824 fekk flytteattest hjå soknepresten i Luster for utflytting til Drammen!Det har førebels ikkje vore mogeleg å finna att Nils Johannessen i Drammen, men kanskje er det nokon som kan hjelpa meg? Eg vil gissa på at han hadde butt i Drammen ei tid før 1824, men kanskje skulle han gifta seg på den tidi, og då laut han syna fram attest heimefrå!?På førehand hjarteleg takk for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg trur eg har funne att Nils på Bragernes ved Drammen der kyrkjebøkene mellom anna syner at:Nils Johannesson (29) og Ingeborg Christophersdotter (25), båe på Ribansbakken, gifte seg på Bragernes 30.4.1815. Dette paret fekk i alle fell desse borni på Bragernes:* Abelone Nilsdotter, f. 22.1.1816* Christopher Nilsson, f. 6.1.1818* Christopher Nilsson, f. 3.9.1822, vart konfirmert på Bragernes i 1838* Johannes Nilsson, f. 4.3.1825* Nils Christian Nilsson, f. 31.5.1828* Nils Christian Nilsson, f. 4.7.1830, vart konfirmert på Bragernes i 1846I 1830 vart faren Nils Johanneson nemnd som høker i Ore-Sund på Bragernes.Med eit slikt unikt namn på eldste dotteri og dessutan ein heilt 'perfekt' alder på faren Nils ved vigsli i 1815, kan det vel ikkje vera mykje tvil om at dette verkeleg er Nils Johannesson frå Luster i Sogn. Men då vert spørsmåli:- Kvar er Ribansbakken og Ore-Sund på Bragernes?- Kven var kona Ingeborg Christophersdotter?- Kvar vart det av desse folki? Kan nokon hjelpa meg vidare på Bragernes?På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Ei 'speiding' i folketeljingi 1865 avslører denne huslyden på strandstaden Hougsund i Øvre Eiker:~~~~~~~~~~Jørgen Jørgensen ug Stationsholder Selveier 1841 DrammenAbelone Jørgensen Husmoder e 1816 DrammenEmilie Jørgensen hendes Datter ug 1851 DrammenAnton Jørgensen hendes Søn ug 1856 Drammen~~~~~~~~~~Abelone Nilsdotter gifte seg på Bragernes 26.11.1837 med Knut Jørgensen, so dette må vel vera eldste barnet til Nils og Ingeborg? FamilySearch syner at Knut og Abelone hadde minst åtte born fødde på Bragernes, inklusive dei tre nemnde ovanfor!Kan nokon supplera med fleire opplysningar om denne huslyden? Som til dømes dødsdatoar til Abelone og Knut?Med hjarteleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Det er dags å henta fram att denne ''gamle'' saki frå i fjor, som diverre ikkje har fått noki løysing so langt. No vonar eg at det kan vera komne til nye lesarar som kan hjelpa meg finna ut meir om lagnaden til denne huslyden i nedre Buskerud?Hjarteleg takk for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Kamsvaag Berntsen

Jeg er ingen ekspert på Bragernes, men:Jørgen, født 23.02.1841, døpt 25.04.1841, sønn av Skomager Knud Jørgensen og Abelone Nielsdatter i Kirkegaden (Bragernes Mini II 1 1830-1847 3/15 f.90 no.20)Dette skulle styrke din teori.Tilsvarende for Emilie Ottilie, f. 29.03.1851, døpt 03.08.1851, Skomagermester Knud Jørgensen og Abelone Nielsen, Aassiden (Bragernes Mini II 2 1848-1859 6/15 f.175 no.60)Noen Anton i 1856 så jeg ikke i farte. Jeg så bare på de oppgitte navn/årstall.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.