Gjest Jan Oldervoll Skrevet Oktober 21, 2002 Del Skrevet Oktober 21, 2002 DA var på Vestlandsrevyen tidlegare i kveld. Då dobla trafikken seg. Så ser det som om me må ha vore på Norge i dag seinare. No har trafikken eksplodert; på 20 minuttar var det over 1000 maskiner som prøvte logga seg på. Det har servaren vår problem med; det går noko haltande for tida. Men han gjer så godt han kan. Så det kjem seg nok om ein time eller to. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Gjest Jan Oldervoll Skrevet Oktober 22, 2002 Del Skrevet Oktober 22, 2002 Eg er lei for problema de hadde i går kveld. me hadde då tre gonger det normale som brukte Digitalarkivet, og det var heilt sikkert mange som ikkje kom inn i det heile. Også i dag er trafikken stor; det doble av det me er vane med.Me trur vel at me har fått ein god del nye brukarar og førebur oss på det. Det eg alt har gjort er å flytta debattforuma over på ein eigen maskin. Men gamle lenker vil framleis fungera, men då må nok i alle høve skriva inn namnet ditt ein gong til. I tillegg har me kjøpt nye musklar til servaren. Men det tek nok nokre dagar før dei er på plass. Eg er redd for at det kan bli litt server offline om kvelden i dagane framover. Me får sjå. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Gjest Aase R.Sæther Skrevet Oktober 22, 2002 Del Skrevet Oktober 22, 2002 Innslaget i Vestlandsrevyen var svært bra! Det var dessutan artig å få sjå 'tenarane' våre slik dei verkeleg ser ut, både den firkanta boksen under bordet og den tobeinte som held orden på han. Men for eit middels trena husmorauge kunne det sjå ut som den under bordet kunne trenge å bli tørka støv av - ? Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Gjest Jan Oldervoll Skrevet Oktober 22, 2002 Del Skrevet Oktober 22, 2002 Og eg som trudde eg hadde rydda så fint! Men eg innrømmer gjerne at eg aldri fekk utdelt noko husmorauga. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Gjest Aase R.Sæther Skrevet Oktober 22, 2002 Del Skrevet Oktober 22, 2002 Ryddinga var upåklageleg, men det var eit par luftespalter på 'den svarte boksen' som såg ut til å trenge ei avstøving, det var ikkje verre enn som så. No når vi er blitt så mange, kan vi ikkje risikere varmgang inni der, må vite. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Gjest Jan Oldervoll Skrevet Oktober 22, 2002 Del Skrevet Oktober 22, 2002 Eg skal sjå etter i morgon, og gå nennsomt over med støvkluten. For varmgang er eg redd for, nett no. Den tidlegare rekorden vår for søk på ein dag var 180.000. Dette talet passerte me alt før klokka åtte. Om me ikkje vert kjørte i senk vil me nok koma opp i bortimot 240.000 søk i dag. Meir enn det klarer han vanskeleg, før me har fått på plass meir minne og to nye prosessorar eg tinga i dag. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Gjest Tore Turøy Skrevet Oktober 25, 2002 Del Skrevet Oktober 25, 2002 Etter at debattforuma vart flytta til ein eigen maskin, fungerer ikkje menylina (Kjelder ordna etter:) frå desse sidene lengre. Det kjem berre fram ’Ukjent fil’. Det har vel med kommunikasjonen mellom dei to ’tenarane’ å gjera. Det er ikkje noko stort problem, men eg vil berre gjera merksam på det. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Gjest N B Macdonald Skrevet Oktober 26, 2002 Del Skrevet Oktober 26, 2002 Men du kan klikke deg vidare frå 'Ukjent fil'-sida, sant? Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Gjest Barbara Lose Skrevet Oktober 26, 2002 Del Skrevet Oktober 26, 2002 Men dersom man klikker seg tilbake til Framsida, er feltet for Meldingane blank. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Gjest Anette Skogseth Clausen Skrevet Oktober 28, 2002 Del Skrevet Oktober 28, 2002 Det blanke meldingsfeltet skyldes et ett-tall som på mystisk vis har sneket seg inn i adressen til framsiden og som kun Oldervoll kan fjerne.Klikker du på lenken Meldingar i den grå menyen, får du meldingsteksten på plass.Oldervoll er tilbake i neste uke og da håper vi at lenketrøbbelet skal bli ordnet. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts