Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#10998] Enge i Romsdalen


Recommended Posts

Gjest Arne Solli

I Stranda bygdebok III er Sjur Hallkjellsen Skarbø oppgitt til å vere fødd i 1748. Reknar med at kjelda er kyrkjeboka. Er kjeldene til fødselsår uavhengige skulle 1748 og 53 år i 1801 stemme 100%, så då kan dette vere rett Sjur om der ikkje finst andre kandidatar i Romsdal.

Gjest Tor Myklebust

Takk for god hjelp!Namn og alder tyder på at dette er rett mann.Sjur Halkjellsen hadde ein son utanfor ekteskap med Kari Jonsdtr Gjerde i Norddal: Anders Sjursen født 1790. Eg har problem med å finne ut kvar Anders S. var i 1801. Einaste kandidat hittil er eit fader og moderløst barn i Norddal. Men no viser det seg altså at begge foreldra hans er i live. Ein Anders Sjursen får i 1816 eit barn med Brite Knudsdtr Isflå og dei giftar seg i 1818. Om han heiter det i 1816 at han er frå Enge i Romsdalen men har opphalde seg her (på indre Sunnmøre) i over 10 år.

Gjest Jon Samseth

Harkjeld-namnet er seldsynt i Romsdal. Eg kjenner litt til dei lokale tilhøva i indre Romsdal. Sjur Harkjeldson vart i 1802 gift på Valved i Innfjorden. Han hadde då mange barn utanom ekteskap. Valved ligg ikkje så langt frå garden Engen. I bygdebok for Voll står det at han levde 1736-1816. Han hadde truleg ein bror Rasmus som budde på garden Lien ein periode. Lien er nabogarden til Stokke. I tillegg var det truleg ein bror, Harkjeld, på Sylte i Valldal.

Gjest Tor Myklebust

Takk til Jon Samseth!I skiftet etter Halkjell Halkjellsen på Sylte i Valldal i 1795 heiter det at han hadde to halvbrør Sjur Halkjellsen Enge i Romsdalen og Rasmus Halkjellsen Stokke i Romsdalen.Anders Sjursen som kjem frå Enge til Indre Sunnmøre ein gong før 1806 døyr på Holmhalsen i Stordal i 1841 51 år gammal. Om han er den tidlegare nemde sonen til Sjur Halkjellsen Enge, må han ha bodd ei stund hos faren i Romsdal. Men han er ikkje hos han i 1801.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.