Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#11824] Ny funksjon


Gjest Jan Oldervoll

Recommended Posts

Gjest Jan Oldervoll

Det er komen ein ny funksjon. I folketeljingane kan du no søkja på tvers av garden, eller for nesteperson. Lat oss sei at du veit om ei dame som heiter Anna at ho har ein son som heiter Johannes og at dei truleg budde i Bergen i 1801. Då søkjer du første etter Anna i Bergen 1801, og finn at det 669 av dei. Søkjer du så etter Johannes, og kryssar av for Alle på garden/huset, finn du at det berre er 61. Mykje raskare å finna ut av.Men så veit du kanskje at Johannes er ca. 10 år. Du finn du første alle Johannes t.d. 8-12 år og så søkjer du etter Anna i same huset og finn 3. Dei er det fort å kontrollera. Ingen av dei er mor og son. Bom, men så veit du det.Du kan også leita etter Anna og Johannes som gifte, bur i Bergen og det er dei einaste du veit. Søk første etter Johannes, dinest kan du, om du vil, finna alle dei gifte (leit etter sivilstand, og vel Alle, og marker dei du vil ha). Deretter søkjer du etter Anna, men kryssar av for Neste person. Då får du alle gifte Johannesar der neste person er Anna; totalt 11 par.

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/97716-11824-ny-funksjon/
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.