Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#11905] Christen Jørgensen (1837-1886) frå Hafslo i Sogn - røyrleggjar i Stavanger...

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Christen Jørgensen, fødd på Hauge i Hafslo (Luster) i Sogn 27.9.1837, men dels oppvaksen på Leikanger, gifte seg i Stavanger Domkyrkje 6.2.1870 med Inger Dorthea Hansen, fødd i Hetland 11.3.1852. Christen Jørgensen var mekanikar og sidan røyrleggjar, og han og Inger vart buande i Stavanger der Christen døydde (St. Petri) 22.12.1886. Lagnaden til kona Inger er ukjend. Frå folketeljingi 1875 kjenner me til to born:* Elisa Fredrike (Christensen) Jørgensen, fødd i Stavanger kring 1870* Rakel Hansine (Christensen) Jørgensen, fødd i Stavanger kring 1873Eg ville verta svært so glad for tilleggsopplysningar om denne huslyden og vonar at nokon dreg kjensel på dei...?På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg står framleis heilt fast når det gjeld lagnaden til Christen Jørgensen og huslyden hans i Stavanger.Kanskje er det kome til nye brukarar i Digitalarkivet som kan hjelpa meg på veg?Hjarteleg takk på førehand!Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tove Tjøstheim Eek

Her kommer det noen opplysninger om denne familien, Lise Fredike f 29-9-1870, dpt i St.Petri Rakel Hansine f 15-1-1874 , dpt i St.Petri og en bror Thomas Fredrik Hess f 27-7-1877. Når barna blir døpt er faren kalt mekanikus Kristen Jørgensen . Første vigsel 6 -2-1870 Stavanger Domkirke , ung, mekanikus Christen Jørgensen Hauge f 1837 og pige Inger Dorthea Hansen f 1852 . Vitner Jørgen Fredrik Hauge og Hans Hansen Inger Dorthea Hansdatter f 15-3 1852 i Stavanger som datter av tømmermann Hans Hansen og hustru Rachel Riis , 1865 telling i Stavanger ,Klevens rode ,far , Hans Andreas Hansen , datter : Inger Daarta 14 år . I følge en telling 1885 er Kristen Jørgensen enkemann og bor i Salvagergt 4 sammen med sønnen Thomas . Enkemann mekanikus Kristen Jørgensen f 1836 i Hafslo og enke Else Karlsdatter f 1846 i Gjesdal blir viet i St.Petri 4 -10-1886. vitner gbr Jørgen Fredrik Hess ( sannsynlig den samme som er et av vitnene ved 1 ekteskap-Jørgen Fredrik Hauge )og gbr. Karl Simonsen Lima . Hadde bare tilgang på avskrift av kirkebøker i dag , orginalene kan ha mer opplysninger . Fant ikke de to døtrene i 1885 tellingen , bare manuel leting . Med hilsen Tove .

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Tove, for fine nye opplysningar om huslyden til Christen Jørgensen!Eg ser me har nokre avvik i opplysningane når det gjeld første kona hans. Frå originalvigsli i St. Petri har eg fått ein fødselsdato på 11.3.1852 i Hetland prestegjeld, medan du seier ho er fødd i Stavanger 15.3.1852...?Elles ser eg at sonen Thomas Fredrik Hess i 1900 var busett i Zetlitz gate 1 i Christiania der han arbeidde som forretningsførar for eit vekeblad.Er det mogeleg å finna ut noko meir om andre kona til Christen Jørgensen, Else Carlsdotter?Nok ein gong hjarteleg takk for god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tove Tjøstheim Eek

Fra Gjesdal bygdebok forfatter Søren Arneson ; gården Ytre Lima , side 145 ,som foreldre ; Karl Simonsen Ytre Lima f 1881-1856 og Marta Gurie Svensdatter Eidland 1818-1897, viet 17-4 1843; Elsa Karlsdatter f 1850 gift 3 ganger I 1 juli 1875 m snikkar Jon Torgersen Taksdal f 1846 ( her skriv forfatteren at han ikkje veit kven dei to andre ektemennene er ) Inger Dorthea Hansdatter konfirmert i Stavanger domkirke i april 1866 ( Inga Dorthea ) foreldre arb. Hans Aaaensen og Rakel Constantinsdatter Fannt ett barn til slik at de hadde to døtre med samme navn; Rakel Hansine f 15 -1 -1874, dør 2-6-1877, grl 7 -6 1877, i merknader ;fåt hoveded knust under en pa land opsat baad. Rakel Hansine f 29-2-1880, dpt 29-3-1880 , død 20-6-1880, grl 25 -6 1880. Jeg harlett etter Lisa Fredrikke både i dødslister og i konfirmant lister , men fant ikke noe , fremdeles håp om å finne noe mer .Tove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg har visst gløymt å takka deg, Tove, for siste innlegget ditt om huslyden til røyrleggjar Christen Jørgensen i Stavanger, men betre seint enn aldri! Hjarteleg takk!Eg ser av FT 1900 at Else då er attgift med røyrleggjar Enok Enoksen, fødd i Stavanger 1865. Dei bur i Stavanger.Eg er framleis på jakt etter fleire opplysningar om denne huslyden, som til dømes:* Dato og stad for dødsfallet til Inger Dorthea Jørgensen, f. Hansen?* Dato og stad for dødsfallet til Else Enoksen, f. Carlsdotter?* Stadfesting av fødestad (Hetland eller Stavanger?) og fødselsdato (11.3.1852 eller 15.3.1852?) til Inger Dorthea?* Lagnaden til dei to borni, Lisa Fredrikke og Thomas Fredrik Hess?Nok ein gong hjarteleg takk for hjelpi med denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tove Tjøstheim Eek

Etter å ha tatt en titt i orginal kirkeboka for Stavanger domkirke så er Inger Dorthea f 15 ,03 1852 døpt der .I kirkebok for Petri ; dødsfall ; Else Fredrikke død 9 oktober 1884, begr 15 oktober , dødsårsak ; tæringAdressebok for Stavanger ; rørlegger Enok Enoksen, Stiftelse gaten 22 både i 1910 og 1922Men jeg kunne ikke finne Inger Dorthea død ( i Petri ) eller Else Enoksen . Men dersom du ikke har bråhast med å avslutte prosjektet ditt kan jeg lete mer en annen gang.Tove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Tove, for nytt interessant innlegg om huslyden til Christen Jørgensen!Det kan, etter kva du fortel, sjå ut som om Inger Dorthea likevel godt kan ha vore fødd (eller i alle fall døypt) i Hetland prestegjeld. Elles reknar eg med det skal vera Lise Fredrikke (og ikkje Else Fredrikke) som døydde i 1884...?Eg har ikkje ''bråhast'' med å få desse bitene på plass, so om du har høve til å leita meir ein annan gong, so set eg stor pris på det!Nok ein gong, hjarteleg takk for flott innsats!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tove Tjøstheim Eek

Ett lite drypp av informasjon, Christen Jørgensen dør av slag, begraves 29 12 1886. Datteren f i 1870 heter Lise Fredrikke ved dåp og når hun dør i 1884 kalles hun Else Fredrikke . Og i dag fannt jeg ett nytt barn ; Elise Fredrikke f 25 august 1886, utenfor ekteskap Foreldre ; enke Else Karlsdatter -46 og enkemann mekanikus Kristen Jørgensen -36 , dette barnet dør 5 nov 1886 og begraves 8 november 1886- dødsårsak Hjerneblødelse Jeg har til nå ikke klart å finne Inger Dorthea død , men hun må jo ha dødd i tidsrommet 1877 -1885 , har ikke gitt opp ennå . Tove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Tove, for nye interessante detaljar! Alle opplysningar har like stor verdi for meg!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.