Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Bjørn Jonson Dale

[#12646] Kven var Finn - hustru Thyri (Soop) sin første mann?

Recommended Posts

Gjest Bjørn Jonson Dale

Hustru Thyri Anfinnsdatter av ætta Soop (Anfinn i Aurland sine ætlingar) var i siste ekteskapet gift med doktor Henrik Høyer, som kom til Bergen i 1590-åra, og som seinare var ombodsmann for det veldige Rosenkrantzgodset. Hustru Thyri skal ha hatt sonen Nils Finnson, fut i Nordfjord 1607-13, ikkje etterslekt. Kven var Finn, far til Nils og hustru Thyri sin første mann?Kan det tenkast at Finn Teiste, som omkom under fuglefangst 1570, då han var hos Jens skrivar på Giskegard, kan ha vore far til Nils Finnson? Eg finn (sic), etter lang tids leiting, ingen andre kandidatar. I så fall må Nils Finnson ha vore fødd utanom ekteskap.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnstein Rønning

Helge Stenseth skriv i 'Den gamle Undredalsætten': 'Med hensyn til hvem Tyris første mann var, har man få holdepunkter. Det kan ha vært Finn på Linde som nevnes i skattemantallet for Sogn 1563. Denne skattet av et jordegods på ca 28 lauper smør, og var den største jordeiende bonde i Sogn.'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jo Rune Ugulen

Og denne Finn på Lindane kan like gjerne ha vore identisk med Finn Jonsson Teiste:-)Men kvifor må evt. Nils Finnsson ha vore fødd utanfor ekteskap? Henrik Høyer vart ein gong etter 1596 gift med ei dotter av biskop Anders Foss, og kan dermed ikkje ha vorte gift med hustru Tyri før ei tid etter dette.Ein kandidat til hustru Tyris første mann er den Finn som er nemnt på Æri i Lærdal i 1603 og 1607. Han åtte omlag like mykje jord som det Tyri skattar av på sonen sine vegner ein del år seinare. Men helst må vi vel leita etter far til Nils Finnsson i Bergen, vel ein gong i 1570- eller 1580-åra.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Uff, eg var litt for kjapp då eg peikte ut Nils Finnson som uektefødd. Det eg meinte var: Dersom Nils var son av Finn (Jonson) Teiste, må han ha vore fødd utanom ekteskap, i og med at han ikkje er mellom arvingane til 'Teistegodset', som blei skifta 1622 (arven etter Anne Kruckow).Eg var ikkje klar over at Henrik Høyer først hadde vore gift med ei bispedatter. 'Høstru Tyre i Bergen' skatta 1629 av 29.5 mællag odelsgods på Sunnmøre (4 mællag = 1 våg fisk); godset ser ut til å ha lege i Vatne skipreide. Eg har ikkje funne ho nemnt som odelsskatteytar før 1624; ho er enno nemnt 1632-33, men ikkje året etter.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jo Rune Ugulen

Eg har funne ho nemnt som jordeigar så tidleg som 1615 (utnevnslistene på RA, Danske kansellis skåpsaker), og vidare utetter. Eg har ikkje tilgjenge til alt materialet mitt her eg er no, men eg har ein del om ho fram ti 1626 om det skulle vera interessant.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helge Bjerkevoll

Det jeg lurer litt på er, I Tomren, Vestnes er det i følge bygdebokforfatter en Ola Teiste i 1583, med barn Arne.Det snakkes om Teistegodset og teisteadel. Finnes litteratur (på nett)om denne lågadelslekta? Og kan Ola Teiste være fra en slik ætt?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore H Vigerust

Nei, knappest noe på internett, bortsatt fra en rekke debatttråder i dette Brukerforumet.Nei, ikke lavadel- men høyadelsslekt (min egen oppfatning).Ja, alle som het Teiste forventes å være av samme slekt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Av opppgaver over hustru Thyri sitt jordegods i Sogn som eg har fått fra Jo Rune, går det fram at hustru Thyri og Carsten Jonson Randall til Fyrde eigde jordegods i lag, gods som dei seinast 1623 hadde avhenda til Anders Lauritzen i Luster (jord i Saude, Høyeim, ''Øffrebye'' og Låe). Dette styrker ein hypotese om at far til Nils Finnson kan ha vore Finn Jonson Teiste, for Carsten Jonson Randall var gift med Finn Teiste si søsterdatter, Maren Jørgensdatter (datter av lagmann Jørgen Pederson og Gudrun Jonsdt Teiste).Hustru Thyri sitt jordegods på Sunnmøre har eg enno ikkje klart å identifisere.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Hustru Tyri i Bergen står som eigar av 2 pund fiskes leige av Allnes i Romsdallen i 1624 i følgje Stathaldararkivet, D IX, Odelsjordebøker Trondheim len 1624. Sjå også innlegg nr. 126 i debatten om Rike-Torstein. Her går det fram at 3 namngjevne personar i Romsdal (1601) også skjøter noko i Alnes.Den nære slektningen til Tyri, Zacharias Christoffersenn Holch, sokneprest i Veøy, eig i følgje same kjelda, 'udi Mochelbosta i Norfior 8 voger fiskes leige. Noch udi Rumsdall i Tollaas oc i Biørnness 2 1/2 voger 1 pund fiskes leige'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Eg er no sterkt tilbøyelig til å meine at hustru Thyri sin første ektemann var Finn Jonson Teiste. Dei hadde neppe fleire barn enn Nils Finnson, og då han døydde, trulig i 1613, arva mora jordegodset hans på Sunnmøre og i Romsdal. Sidan Teisteslekta hadde ei sterk tilknytting til Romsdal er det kanskje gammalt teistegods hustru Thyri satt med der og i det svært romsdalsnære sunnmørsskipreidet Vatne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×