Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Helga Kallevik,

[#12933] Tolleiv Olson Vestvik fra Sveio f.1845, til USA 1879. Hvor ble han av?

Recommended Posts

Gjest Helga Kallevik,

Søkjer informasjon om Tolleiv (Tollef ?)Olson Vestvik f.ca.1845 og kona Helga Anfinsdatter Drange f.ca.1841, begge frå Sveio, Hordaland.I følge bygdebok for for Sveio utvandra dei i 1879 til USA. Dei hadde då borna: 1) Oline f. 1874 og 2)Hans Engjel f. 1879. I gamle Sunhordlandsslekter står det også at sonen busette seg i North Dakota. Eg meinar då at det må vera denne sonen Hans Engjel eg finn att i BLM for Reville County ND som Hans E. Olson Westvig 19.09.1906.Eg har også funne ein familie i 1880-teljinga for Fillmore co. MN: Tollif Olson 30 år, Mary Olson 29 år, Olava Olson 7 år (kan dette vera Oline?), Engwel Olson 5 år (Hans Engel?). Her stemmer ikkje fødselsåra heilt, men er det innanfor feilmarginane ? Bygdeboka for Sveio kan vel også ha feil her, det har eg ikkje sjekka ut. Eg finn heller ikkje betre kandidatar. Det er ein viss mulighet for at kona heitte Helga Marie som dermed kan ha blitt Mary i USA. (Veit at mormor mi Hanna Marie var oppkalla etter denne dama).mvh Helga Marie Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik,

Beklager, men ved å ny gjennomgong av Sveio bøkene finn eg at Tolleif Olsen Vestvik reiste til Amerika i 1882. Det kan difor ikkje vera han eg finn i 1880 teljinga dersom informasjonen i bygdeboka er korrekt. Hugsar ikkje kor eg tidlegare har funne 1879. Tolleiv var også brukar på Haukås i Sveio frå 1875-1882 då han drog til Amerika.I Sunnhordlandsslekter er det oppgitt at Helga Anfinsdatter Drange vargit med Tollef Olsen Vestvik i Amerika og at dattera Olina døde i Amerika og ein son Hans T. Vestvik gift i Nord Dakota. Reknar då med at dette er Hans Engel Tollefson Vestvik som i BLM record nyttar faren sitt mellomnamn Olson.Helga

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga kallevik

Takk for hjelpa. Ved å søke på den addressa du viser til finn eg Hans T. Westvig. Eg la også inn ett nytt søk her og fekk opp fylgjande: Westing, Hans E Olson Norway February 23, 1906 2nd Ward F-30 133. Kan dette også vera same personen (i flg. bygdeboka heitte han Hans Engel), og med ein liten skrivefeil i etternamnet? På rootsweb får eg også opp Hans E. Olson Westvig med issue Date: 9/09/1906. Altså 3 ulike treff i Nord Dakota på same årstal og omtrent same namn. Det kan jo sjå ut som dette er same person. Eg søkte også på Tollif Olson her og fekk opp eit treff med årstal 1879, men så lenge ikkje etternamnet Westvig er med er det vanskeleg å sei om her er ein samanheng.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila N. Christiansen

Ja, det er bare å bla i census-filene :o) Laila

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila N. Christiansen

Vel, den Tollif du fant i ND kan jo ikke være samme hvis han emigrerte i 1882? Vel, dvs. Jeg fant ham ikke som emigrant fra Bergen, har du funnet ham noe sted? Laila

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei !Nei, eg har ikkje funne han eller familien i emigrantprotokollane. Informasjonen om at familien emigrerte har eg frå bygdebøkene frå området. Bygdebok for Sveio og 'Gamle Sunhordlandsslekter'. I Sveiobøkene står det at fam. emigrerte i 1882, og namna på to barn.(Eg hadde først notert 1879, men hugsar ikkje kor eg event. hadde den opplysninga frå). I 'gamle Sunnhordlands slekter' er det nemnt at eine sonen slo seg ned i Nord Dakota. Grunnen til at eg ikkje finn dei i emigrantprotokollane kan vera at dei mest sansynleg reiste over Stavanger (budde nær Haugesund), og at protokollane her ikkje er heilt intakte. (Eg har forstått det slik at det var brann i arkiva i stavanger ein eller anna gong for mange år sidan ?). Elles meinar eg å hugse at mormor mi snakka om denne tanta som heitte Helga og som ho var oppkalla etter som reiste til Amerika. (Mormor døydde for mange år sidan, så det er for seint å spørje henne meir om dette).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Har funne Hans E Olson Westvig på 162-N 87-W og 5th PM meredian i BLM record (Land Patent Details) for Renville County ND.Er det nokon som veit om der er ein enkel måte å finne ut kva township dette er i. Td ei oversikt over Township med tilhøyrande lengde og breddegrader?Det hadde vore enklare å bla gjennom censusen dersom eg visste namnet på township også.Mvh Helga

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Har no funne ein Hans Vestvig (skriven med enkel V slik slekta i Norge gjer) på 1910 Censusen for Renville county ND i Rockford TWP, alder 31 år. Dette stemmer med mine notater som seier at han var fødd i 1879. Det andre er vanskeleg å lese, men det ser ikkje ut som det er oppført kone og barn her. Får sjå på 1920 census også, litt enklare når eg har funne township og slepp leite gjennom heile countyet (om han ikkje har flytta då). Lengde og breddegrad eg fann for Hans E Olson Westvig i BLM record stemmer også med Rockford TWP, så dette er nok same person, og truleg den Hans E.Vestvig son til Tollef Vestvik som eg leitar etter. Så gjenstår det å finne ut om han har etterkommere.Helga

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Har no leita gjennom Rockford twp på 1920 censusen, men greier ikkje å få auge på Hans E. Westvig der. Er det nokon som har forslag til kor eg kan leite vidare for å finne ut meir om denne Hans ?Mvh Helga K.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Eg leitar framleis etter spor av denne Hans E Olson Vestvig. Det kan også sjå ut som han har fått seg jord i Ward County ND i 1906 same året som i Renville co. Er det nokon søkbare censusar for desse Countyane td. 1930?1920 cencusen for desse countya inneheld uendeleg mange sider å bla gjennom og var også veldig utydelege (iallehøve så langt eg er kommen til no). Som nevnt fann eg han i 1910 Rockford twp, Renville county, 31 år. dette stemmer også med opplysningane frå Norge om at han er født i 1879.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Prøver framleis også å finna Tolleiv (Tollef) Olson Vestvik (Far til Hans). Eg har no fått vita at han var fødd 12.januar 1845 i Sveio, og utvandra altså rundt 1882 saman med sonen Hans Engel, dottera Oline og kona Hanna.Gjer det leitinga i USA enklare no når eg har fødselsdatoen hans ?mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Beklager at det gjekk litt for raskt i stad, namnet på kona til Tollef skal vera Helga slik det står i fyrste innlegget mitt her på sida.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Har enno ikkje komme vidare i jakta på etterkommere etter denne slektsgreina i USA. Eg lurer no på om denne Hans E. Vestvik kan ha forflytta seg nordover til Canada. Renville county i North Dakota grensar til Canada i nord etter det er forstår. Ved søk her fann eg ein Hans Westvig i Canada, men fekk ikkje fram noko årstal der. Her var også ein Olav Westvig (Dette var også eit namn som dukka opp på BLM record i ND då eg søkte etter Hans Westvig. Eg veit ikkje kven denne Olav var, kanskje dei var i slekt? .Er det nokon som har idear korleis eg kan komma vidare?mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Under Hans Westvig i Canada står fylgjande: NW Sec12 Twp6 Range26 MeredianW3.Er det nokon som veit korleis eg kann finna ut kvar i Canada dette er? Kan ein lokalisera provins ut frå desse opplysningane?mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Eg leitar framleis etter etterkommere av Tolleiv Olson Vestvik (eller Westvig) og kona Helga som dro til USA i 1882.Har funne ut at det er 'Swift COunty' i Canada denne siste 'Land record' for sonen Hans E. Olson Westvig viser til.Elles har eg no funne ut at bror til Tollef, Ole Olson Westvig også reiste over (i 1886 eller 87). Eg har funne både han og kona og barna (nokre født i Norge andre i USA). Dei busette seg i Kandiyohi County MN, i 1900 teljinga bur dei i 'Norway Lake' Twp. Dei skriv etternamnet Westvig. Eg har også fått kontakt med ei som granskar slekta til denne broren, men ho veit ikkje noko så langt tilbake.Eg har prøvd å leite litt i Minnesota i nærleiken der broren budde, tenkte kanskje dei slo seg ned i nærleiken av kvarandre, men har ikkje hatt lukka med meg til no.Helga

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne D. Tveit

Hei,Jeg gjorde et vilt søk på nettet etter Westvig Norway Lake, og fikk følgende treff på noe som het ancestry.com: ID: I523798469 Name: Ellen Andrina WESTVIG Given Name: Ellen Andrina Surname: Westvig Sex: F Birth: 9 May 1889 in Brooten, Kandiyohi, Minnesota Death: 29 Dec 1960 in Cooperstown, Griggs, North Dakota Burial: 2 Jan 1961 Glenfield, Foster, North Dakota Change Date: 7 Jun 1998 1 Note: Ancestral File Number: DJGG-T6Marriage 1 Hans(Henry) Louis WALEN b: 8 Apr 1886 in Norway Lake Twn, Kandiyohi, MinnesotaMarried: 9 Jul 1915 in Brooten, Kandiyohi, MinnesotaNote: _UID956CEBBD736D5E4AAF4458E1F9FD1D8CFCDAChildren [Redaktøren har fjernet opplysninger om nålevende personer.]Håper det er til hjelp arne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei !Ja, desse har eg også funne. Ellen er også med i 'Death certificate' for Minnesota. Etter det eg no har funne ut er ho datter av Ole Olson Westvig, bror til Tolleiv som reiste over i 1886 eller 87. Denne Ole Olson Westvig hadde mange barn, og dei fleste slo seg ned i, eller rundt Kandiyohi county i MN. Kona til Ole Olson heitte også Ellen (eller Eli i Norge). Eg har kontakt med etterkommer etter ei yngre søster til Ellen Andrine Westvig Walen. denne søstera heitte Regina Westvig (Hystad). Ole Olson Westvig hadde 6 barn f. i Norge og minst to født i Minnesota.Det eg håpa på var at Ole Olsen Westvig reiste over til sin bror sin Tolleiv Olsen Westvig (emigrert i 1882), slik at eg kanskje kunne finne hans slekt i nærleiken av broren. I alle høve tusen takk for hjelpa.Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Eg prøver framleis å finne spor av Tollef Olson vestvik i USA. Under St.Louis Co. MN finn eg fylgjande: WESTWICK, HELGA MARGARET død 9/22/1928 http://www.rootsweb.com/~mnstloui/192549w2.htmEr det mulig å finne ut om dette kan vera Helga kona til Tollef td. ved oppslag i census 1920?mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila N. Christiansen

Helga, bestill dødsattesten da vel? Koster 8$, det er det verdt om det er rett person. Laila

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila N. Christiansen

Denne Helga var gift med den Lars som står rett under. De bodde sammen i St.Louis i 1920. Helga var enten 23 eller 33 år (mest sannsynlig 23), så jeg tviler på om dette er din.... Laila

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Tusen takk skal du ha Laila. Så kan eg i alle høve utelukke henne som aktuell kandidat.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Leitar framleis etter etterkommere til denne slekta i USA. Har ikkje bestilt den dødsattesten sida det var lite sansynleg at denne Helga hadde noko med 'mi2 slekt ågjera. mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jean Marthaler

Hi, I was checking the entries on the Digitalarkivet and the name Vestvik caught my eye. My aunt was married to Raymond Knutson in Kandiyohi county, Minnesota and Tolleiv Olson Vestvik born in 1845 was his great uncle. Raymond's mother was Sigrid Vestvig(born 1874) (Sigrid spelled it Vestvig) who was the daughter of Ole Olson Vestvik (born 1840) and Eli Andrine Andersdatter(born 1847). Raymond has died but but my aunt is still living. Several years ago I did an ancestry search on Raymond's family and have filled in a number of generations going back into Norway. I do not understand all the Norwegian conversation in the search on Tolleiv so I am not sure exactly what you are looking for or what has been found, but let me know if there is anything I can do to help fill in some of the information being searched for. Jean Marthaler, St. Joseph, Minnesota

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hello!This was very interesting. I have almost given up this research. (I will try to translate some of it, please excuse my English, it is not so good).I live on Bomlo, Hordaland (earlier Finaas parish). This is close to Sveio where you also find the Vestvik farm. My grandmother (on my mother's site) came from Fagerland, Sveio which was a 'neighbour farm' of Vetsvik. Her mother (my great-grandmother) came from a farm called Drange and her name was Malene Anfinsdatter. Malene was the sister of Helga Anfinsdatter who married Tolleif Olson Vestvik and emigrated to America around 1880.Tolleif Olson Vestvik's wife, Helga, was then the aunt of my grandmother. My grandmother's name was Hanna Marie, and she got her name after her aunt Helga. I found this inetersting because I then got my name after my grandmother (the first letter 'H').I am now wondering if Tolleif and Helga had any descendants in USA or Canada. I know they had a little boy named Hans Engel when they emigrated from Norway, and that he lived in North Dakota for some time. Do you know if he married or got any children? Do you know if Tolleiv and Helga had other children?Sincerely Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×