Gå til innhold
Arkivverket

[#12933] Tolleiv Olson Vestvik fra Sveio f.1845, til USA 1879. Hvor ble han av?


Gjest Helga Kallevik,
 Del

Recommended Posts

Gjest Helga Kallevik

Her er eit søskebarn av Hans Olson Westvig. Ho var datter til Tollef's bror: (Info er frå Family bSearch, men det stemmer med det eg har frå slekta der).Ellen Andrina WESTVIG Birth: 9 May 1889 Brooten, Kandiyohi, Minnesota Death: 29 Dec 1960 Cooperstown, Griggs, North Dakota Burial: Glenfield, Foster, North Dakota

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Her er bror til Tollef Westvig med familie i Kandiyohi Co MN i 1900 census. Som sagt så visste ikkje etterkommerne her noko om Tollef eller familien hansWestvik, Ole Head, May 1840 60 M Norway 1887 Westvik, Ellen A. Wife June 1847 Norway 1887 Westvik, Johan, Son June 1873 Norway 1887 Westvik, Lars A.,Son Aug. 1881 18 S Norway 1887 Westvik,Ole A.,Son March 1884 16 S Norway 1887 Westvik,Siverin O. Son Feb. 1887 Minnesota Westvik, Ellen A. Daughter May 1889 Minnesota Westvik, Regine Daughter July 1891 Minnesota Norway Lenkemvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kurt Østbye

Det er litt vanskelig å lese denne listen fra Norway Lake, Kandiyohi, Minnesota. De interesante personene er:Vestvig, Tollev, 50 år, botid i Kandiyohi, 12 årVestvig, Helga, 53 årVestvig, Hans, 15 årErickson, Johannes, 30 år, botid i Kandiyohi, 4 årErickson, Olina, 20 årErickson, Henriette, 4 1/2 år, født i MinnesotaVestvig, Ole, 53 år, botid i Kandiyohi, 9 år (ev. 7 år)Vestvig, Antrina (Ellen ?), 48 årVestvig, Johan, 21 år, botid i Kandiyohi, 9 år (ev. 7 år)Siden Tollef og Helga ikke ble funnet i 1900 census (innlegg 52), så døde de kansje i tidsrommet 1895 - 1900, eler flyttet til Canada ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Tusen takk for hjelpa. Dette var kjempespennande, har aldri funne noko om denne familien i USA tidlegare. Har mykje slekt i USA på både far min og mor mi si side.Dette er mor mi si slekt, mormors onkel, tante og søskenbarn på mor hennar si side. Merkeleg i grunnen at eg aldri har høyrt noko meir frå denne greina. Mormor var veldig slektsinteressert, og hadde god kontakt med ein del anna slekt i Amerika, ma. søsken, tanter, onkler og søskenbarn i Iowa og Wisconsin. Men dei var på far hennar si side. Her har familiane framleis kontakt.Det artige opp i alt er at eg også har veldig mykje slekt på far min si side i områder rundt Norway Lake i Kandiyohi co. (Oldefar min hadde 4 brødre og ei søster som reiste til dette området. 3 av brødrene fekk 8-10 barn 2var, så det er blitt ein stor familie ettrkvart. eg var til og med over dit på besøk i 1999.Det at denne familien heldt til i det same området var jo ganske utrulig. Kanskje nokon av dei som driv med slektsgranskning i Kallevig familien i Willmar, Spicer, Norway Lake området, kan hjelpe meg her? Skal jammen prøve med ein E-post til fars slekta der borte.Tusen takk igjen til dåke som har hatt arbeid med å søke opp dette! Om nokon skulle komma over meir info her, så er eg glad for det. Ut frå at John (Johannes) Erickson er funnen att i ND som enkemann i 1910, vil eg tru at Oline må ha dødd tidleg. Kva med Henriette Erickson, 4 1/2 år, kan ho vere datter til Oline 20 år? Nå var vel Oline f. 20. juni 1874, så i ft. 1895 var ho nok nesten 21 år. Men likevel 16 1/2 år då ho fekk Henriette... Kan dette vera Johannes sitt 2. ekteskap? Og Henriette barn frå eit event. 1. ekteskap?mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei igjen!Det namnet verka kjendt. Ho var min oldefars tippoldemor. Mulig ho kjem inn i andre greiner også. Oldefar var Samuel Olson FAgerland (gift med MAlene Anfinsdatter Drange) Mor til Samuel var Alis Samuelsdatter FAgerland. Far hennar igjen var Samuel Johannesson FAgerland (1786-1843). Mor til Samuel var Alis Haldorsdatter Rød og mor hennar var altså Barbru Andersdatter Vestvik.Mormor mi kom frå Fagerland i Sveio. Mor hennar frå Drange, søster til Helga Anfinsdatter som denne tråden omhandler.I tillegg kom oldemor mi på fars sida frå Åsbu i Sveio og tippoldemor mi frå Kinn.mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kurt Østbye

Artig det Helga. Barbru Andersdtr. Vestvik er nok da en ane vi har felles.Min anerekke fra henne og nedover er fra hennes sønn Johannes Haldorsen Rød, hans sønn Ola Johannessen Rød, hans datter Ingeleiv Olsdtr. Apeland, og hennes datter Synnøve Larsdtr. Vaage, som var min mormor.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kurt Østbye

Artig det Helga. Barbru Andersdtr. Vestvik er nok da en ane vi har felles.Min anerekke fra henne og nedover er fra hennes sønn Johannes Haldorsen Rød, hans sønn Ola Johannessen Rød, hans datter Ingeleiv Olsdtr. Apeland, og hennes datter Synnøve Larsdtr. Vaage, som var min mormor.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Dette blir berre antagelser. Men sidan Henriette er 4,5 år i census 1895 og Johannes Ericksen har budd i Kandiyohi i 4 år, så er det vel sansynleg at ho er førdd ein annan stad i Minnesota. Kor kom Johannes Erickson frå før han kom til Kandiyohi ca. 1891? Var han gift med andre enn Oline Vestvig Erickson?Finn den andre delen av Vestvig slekta i census 1900: (Tollef sin bror). Westvik, Ole: Head 1840 60 Norway 1887 Farmer Westvik, Ellen A. Wife 1847 52 Norway 1887 Westvik, Johan Son 1873 26 Norway 1887 Farmer Westvik, Lars A. Son 1881 Norway 1887 Farmlaboror Westvik, Ole A. Son 1884 Norway 1887 Farmlaboror Westvik,Siverin O. Son 1887 Minnesota At school Westvik, Ellen A. Daughter 1889 Minnesota At school Westvik, Regine Daughter 1891 Minnesota At schoolReknar med at det er rett Hans Vestvig som er funne att i Renville co ND i 1910 sidan ein også finn ein John Erickson her i rett alder som svoger. Henriette Erickson som var 4,5 år i 1895, vil då vera 19,5 år. Ho kan event. opphalde seg ein annan stad då eller alt vere gift. Men i så fall vert spørsmålet også for henne: Kor var ho i 1900?Det same gjeld jo Hans Engel Tollefeson Vestvig og JOhn Erickson? Kor oppholdt dei seg mellom 1895 og 1910? Og flytta hans seinare til Canada. Er det same person eg har funne att der i Swift County Sask (innlegg 29)?mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei igjen!Trur no at eg har funne løysinga på denne Gertrude Thormoseth (takka vere Family search). Dette ser ut til å vere same dama som eg har funne i innlegg 29 som Gertrude Mugaas:'Ved søk rundt om på nettet finn eg ei dame ved namn Gjertrud Henriksdatter Mugaas frå Evanger, Voss. Ho er oppgitt til å vera f. 1866, utvandra frå Bergen 20.08.1891 (finn henne i emigrantprotokollen). Ho er då ugift tenestepike med ein son på 2 år.'På Family Search er Gertrude oppgitt til å vere gift Westvig ab. 1890, men årstalet her må vera feil sidan ho ikkje kom til USA før 1891.Men det eg no har funne om denne dama er at ho 3. mars 1893 vart gift med Esten Erickson Thormoseth: Han var (i flg. Fam. Searsch) f.03 MAR 1864 Eldale, Norway Han døse 17. juni 1904 Gift med Gjertru Or Gertrude Mugas Marriage: 03 MAR 1893, Barron, Wisconsin Altså i 1910 var Gertrude f. 1866, Mugaas gift Thormoseth allereie blitt enke. Bror hennar Nils Mugaas var nabo til Hans Vestvig i Renville county og Gjertrude har flytta dit.Sjå del av inlegg 30 over her: 'I BLM record for Renvill co ND, finn eg både Hans Vestvig og Nels Mugaas på 162N og 087 W . Hans registrert i 1906 og Nels Mugaas i 1907.'Finn både Hans Westvig og Nels Mugaas i Swift Co. Sask. Can. seinare. Det var også her søskenbarnet til Hans (Son til Ole Westvig som budde i MN oppholdt seg i nokre år).Så då vert spørsmålet kven Westvig var det Gertrude gifte seg med? Ho var jo 13 år eldre enn Hans Tollefson.mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Ser også at Mugaas familien kjem frå området rundt Voss og Thomoseth er frå Vik i Sogn (Indre Holmedal). Altså nesten same området i Norge. (Kanskje berre 'Vika-fjellet' som skil desse gardanae, så ikkje så unaturleg at dei hadde kontakt i USA. mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Ser også at Mugaas familien kjem frå området rundt Voss og Thomoseth er frå Vik i Sogn (Indre Holmedal). Altså nesten same området i Norge. (Kanskje berre 'Vika-fjellet' som skil desse gardanae, så ikkje så unaturleg at dei hadde kontakt i USA. mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Finn stadig nye halmstrå i denne etterlysinga:Databasesøk på Ancestry:Canadien Soldiers of Word War 1 1914-18: Name: Ewiart Albert Thormoset.Other: Gerthrude Westvig.Dette ser ut til å kunne vere Gertrude sin sønn fra første ekteskap. Det kan då også sjå ut som familien er busett i Canada i 1914-18. Kan nokon med ab. på Ancstry com. hjelpe meg å finne dei andre opplysningane som står i denne kjelda?mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Får også veldig mange treff på Thormoseth i tlf. katalogen for Canada, no i British ColumbiaMulig dette kan vera etterkommere av Gertrud og første mannen hennar. Ho har jo ein del barn i flg. oppslaget du gjorde i ft. 1910 ND. Kan jo då sjå ut som famuilien vart verande i Canada. Men skulle vore kjekt og visst kven Westvig Gjertrude gifte seg med. Det kan jo vera ein heilt anna familie, men litt underleg det også sidan ho budde i nærleiken av Hans i 1910.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Takk til både Mariann og Lars!Dette er vel endå ei stadfesting av at familen flytta til Saskatchewan i Canada, (Swift county ?). Då vert vel neste spørsmål om eg også kan finne spor etter Hans Engel Olson Westvig der.Veit ikkje kor mykje søkbare kilder det er i Canada. Men som nemt over finn eg ein Hans Westvig i 'Western Land Grant' i Canada: NW Sec12 Twp6 Range26 MeredianW3.Meinar dette er lokalisert til Swift Co. Saskatchewan.mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Finn også ein son av Gjertrude i nabolaget til HAns Westvig i 'Western Land Grant':Part Section Township Range Meridian NW 28 6 24 W3Einart Albert Thormoset

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Hanne Line Osberg Eide

Vet ikke om dette er til hjelp? Greier ikke å sette meg inn i dette omfattende temaet... :)Wisconsin State Censuses, 1895 and 1905Name: Gertrude Thormoseth Census Date: 1 Jun 1905 Residence County: Barron Residence State: Wisconsin Locality: Sumner Birth Location: Norway Marital Status: Widowed Gender: Female Estimated Birth Year: abt 1867 Race: White Relation: Head Line: 21 Roll: CSUSAWI1905_2Household Members: Name Age Gertrude Thormoseth 38 Gudve Thormoseth 15 Olina Thormoseth 11 Ernest Thormoseth 7 Gertie Thormoseth 5 Henry Thormoseth 3

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Også dattera Gertie Regina f. 24 des. 1899 vart gift 03 JUN 1921 i Robsart, Saskatchewan med Ole Paulson Wenaas.Takk også til Hanne Line for informasjon.mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Gjertrudes datter nr. 3 Oline gift 28 DEC 1915 i Robsart, Saskatchewan, med Olaf Bardo Teigen. Ho døde 28. okt. 1929. Så då ser det i allefall ut til at heile Gjertrude sin familie enda opp her.Men framleis har eg spørsmålet kven var det Gjertrude gifte seg med 2 gongen? Var det den 13 år yngre naboen frå Renville ND i 1910, Hans Westvig ?mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.