Dette er ei oppfølgjing av tema #7972 frå det gamle brukarforum:
https://forum.arkivverket.no/topic/93924-7972-nils-olson-hafslo-bremanger-sunnmøre/?tab=comments#comment-774656
og samstundes ein huslyd som Ivar Moe har mint meg om i eit anna innlegg og som eg svært gjerne vil henta fram att «frå gøymsli»!
Ole Ellefson (1709-1764) og kona Susanna Hansdotter (1715-1763) var i mange år gardbrukarar på Mo i Hafslo, men flytte i 1762 til Sogndal der dei vart gardbrukarar på garden Åberge. Dei hadde åtte born i lag, mellom anna sonen Hans Olson (1744-1779) som døydde ugift i Sogndal. Ved skiftet etter denne Hans dagsewtt 3.2.1779:
https://media.digitalarkivet.no/view/24141/221
kjem det fram interessante opplysningar om to av brørne hans:
* Nils Olson, døypt i Hafslo 24.6.1747 - var 1779 busett på Sunnmøre
* Halvor Olson, fødd i Hafslo kring 1750 - var 1779 busett i Danmark
I det gamle emnet frå 2002 er eg ute med eit forslag som gjeld denne Nils Olson. Dersom han kalla opp mor si, Susanna, KAN han vera identisk med ein Nils Olson Qvalstad som med Malene Pedersdotter Osen fekk ei dotter Susanna døypt i Bremanger 10.10.1776:
https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005054878
men denne Susanna syner seg vera fødd utanfor ekteskap, so kanskje det likevel ikkje er han?
FamilySearch syner forresten ei anna mor, Orlaug Andersdotter:
Name
Susanna Nilsen
Gender
Female
Christening Date
10 Oct 1776
Christening Place
, BREMANGER, SOGN OG FJORDANE, NORWAY
Father's Name
Niels Olsen
Mother's Name
Orloug Andersdr.
Denne Susanna kan vera identisk med den Susanna Nilsdotter, 27 år, som i 1801 tente på Vågsberget i Selje og som i 1804 gifte seg med Lars Jeremiasson, gardbrukar på Nordpollen i Selje. Denne Susanna døydde i 1844. Selje ligg mellom Bremanger og Sunnmøre...
Når det gjeld Halvor Olson, finn eg berre EIN god «kandidat» i vigselslistene hjå FamilySearch
Name
Halvor Olsen
Spouse's Name
Ane Margrethe Rasmusdr
Event Date
03 Aug 1785
Event Place
Garnisons Sogn, Kobenhavn, Kobenhavn, Denmark
Kan det vera han??
Det hadde vore kjempemoro om me greidde å spora opp både Nils og Halvor, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!