Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'øfrejde'.
Fant 1 resultat
-
Anders Øfrejde og kona hans Synneve Joensdatter i Nedstryn
HelgeHånes postet et emne i Brukernes eget forum
Dette innlegget er kanskje litt usamanhengande og med mykje informasjon som det ikkje er lett å få oversikt over, med eg vonar likevel at nokon som kjenner slektene i Stryn kan gje svar på nokon av spørsmåla eg stiller. Kven er Synneve Joensdatter, kona til Anders Kristenson Øfrejde? Ho er i BB for Øvre Eide i Nedstryn kalla Synneve Jakobsdatter (Stauri), d. 61 år gammal i 1795. Men for det fyrste finn eg ingen Jakob på Stauri som kan passe. For det andre er den Synnøve det her er vist til i dødsinnskrivinga i 1795 kalla Synnøve Rasmusdatter. Då har vi to andre mulige Synnøve: Synneve Jonsdatter og Synnøve Rasmusdatter. Er det rett det som står i BB, skal ho vere fødd i 1734. Men sonen Kristen er i fylgje BB fødd i 1748, og då var mora berre 14 år, så det kan ikkje vere rett. Det er inga kyrkjebok for Innvik frå før 1750, så dette kan ikkje sjekkast ut der. Det er heller ingen aktuelle folketeljingar eller manntal i denne perioden. Då står vi att med eventuelle skifteforretningar. Men eg har ikkje funne skifte verken for Anders Kristenson, faren Kristen Jetmundson, Synneve Jonsdatter eller Synnøve Rasmusdatter. Ei mogeleg løysing kan vere at Anders var gift to gonger, først med Synneve Jonsdatter, og seinare med Synnøve Rasmusdatter. Men eg finn ikkje innføring i gravferdslistene korkje for Anders Øfrejde eller for Synneve Jonsdatter. Veit nokon meir om dette? Så til andre spørsmål som har samanheng med det første: Kvifor er Jon Jetmundson Stauri kalla Støfrejde ved fødselen av sonen Jetmund, 13. januar 1755 ?https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640296 For slik eg forstår det er det her snakk om Jon Jetmundson Stauri og første kona hans Marte Rasmusdatter. Mellom fadrane er truleg broren, Hans Jetmundson Støfrejde og Anders Øfrejde. Er Stauri og Støfrejde same garden? I BB er det ingen gard i Innvik med namnet Støfrejde, men det er tydeleg at garden ligg ein stad i Nedstryn. Og kven er Ingebor Joensdatter Støfrejde, som er fadder på Joen, son til Anders Øfrejde og kona Synneve Joensdatter? https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640294 I første omgang verkar det ikkje så rart at det var fadrar frå Stauri og frå Tenden ved dåpen til Joen Andersson Øfrejde, sidan BB kan forståast slik at far til Anders, føremannen hans på garden, Kristen Jetmundson, var frå Stauri og mora , Marte Jonsdatter, var fødd Tenden. Det kunne då vere naturleg å spørje om Kristen Jetmundson Stauri var son til Jetmund Olson Stauri? Men så viser det seg at ved dåpsinnføringa av Anders og Synneve si dotter Maren, 23. mars 1750, er Anders kalla Christophersen Øfrejde og ikkje Christenson. Fadrane er no Absolon Rasmussen Giørven, Jens Joensson Støfrejde, Anne Didrichsdatter Settre, Anne Matthisdatter Tennen og Malene Joensdatter Støfrejde. Her ser vi det er fleire med etternamnet Støfrejde, og alle har patronymet Jonson/Jonsdatter. Kan denne Jens Jonsen Støfrejde vere den same som er nemnd i skiftet etter Peder Rasmussen Tonning i 1702? http://arkivverket.no/URN:sk_read/24217/28/ Men det er nok ikkje mogeleg, for det er skifte etter denne Jens Jonsen Støvereid i 1703: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24217/88/ Men kvar er denne Jens Jonsen Støvereid frå? Ifølgje folketeljinga for 1801 er det eit bruk i Innvik prestegjeld som har namnet Støvreid. Her finn eg ein Jens Jonsen Støvereid, 88 år gammal og inderst, enkemann og far til husbonden, Jon Jensen Støvreid. 8. august 1751 vert ein son av Jens Jonsen Støfrejde og Berte Jensdatter døypt. Her er fadrane m.a. Jetmund Støfrejde og Anders Øfrejde. https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640288 side 7, venstre del, innføring nr. 50. Ved dåpsinnføring nr. 10, s. 9 https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640290 for Jon, sonen til Hans Tenden og Mari Jonsdatter, ser vi at ein Lars Arneson Øfrejde, Synnøve Jonsdatter Øfrejde og Jon Jetmundson Støfrejde er fadrar. Ved innskrivinga av Jon, son til Jens Jonsen Støfrejde og Berte Jensdatter, side 10, venstre del, innføring 38 https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640291 finn vi desse som fadrar: Jon Jetmundson Støfrejde og Synnøve Jonsdatter Støfrejde. Ved innføringa av Anna, dotter til Lars Øfrejde og Brite Larsdatter , side 10, høgre del, innføring nr. 5 https://www.digitalarkivet.no/kb20070509640291 er Hans Tenden og Synnøve Jonsdatter Øfrejde mellom fadrane. Ved å samanlikne desse namna stiller eg meg spørsmålet: Er kona til Anders Øfrejde, Synneve Jonsdatter Øfrejde den same som Synneve Jonsdatter Støfrejde, og kven er forfedrene hennar? Og er Synneve Jonsdatter syster til Jens Jonsen Støfrejde, Malene Jonsdatter Støfrejde og Ingebor Jonsdatter Støfrejde? Og kva med Anders Øfrejde? Er patronymet hans Christenson eller Christopherson? Kven er så forfedrene hans?
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive