Eg freistar å finna det norske opphavet til denne farmaren i Clay Co., SD:
Henrik Anfindson alias Henry Lewis:
FT1880 oppgjeven fødd i Noreg kring 1825: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYY8-3QRS
FT1900 oppgjeven fødd i Noreg desember 1823, utvandra 1870: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6PQ9-8D1
Dette utvandringsåret er feil, for kyrkjebøker frå Amerika syner at han alt kring 1860 (vigsli har eg aldri greidd å finna, men truleg var det i South Dakota!) gifte seg med enkja Kirsti Larsdotter, fødd i Luster 25.5.1822, som miste mann sin då dei våren 1860 var undervegs frå Wisconsin for å ta «homestead» i Clay Co., SD. Henrik og Kirsti fekk to born fødde i Clay Co., SD:
* Ragnhild Lewis, fødd 25.8.1861, døydde 11.2.1871
* Andrena Lewis, fødd 12.10.1864, gifte seg i 1879 med Guttorm Myron, men døydde alt kring 1884 (dato og stad ukjende).
Leiter me hjå FamilySearch, finn me i grunnen berre eitt godt alternativ for denne Henrik, og det er:
* Henrik, fødd 17.11.1824 og døypt 5.12.1824 i Nes, Hallingdal, av foreldri Anfind Henrikson og Ragnhild Halgrimsdotter, plassfolk i Ovestrudeiget: https://media.digitalarkivet.no/view/3053/27
Men so er spørsmålet: Let det seg gjera, til dømes gjennom den nye bygdeboki for Nes, å få stadfesta at denne Henrik Anfindson kan vera ein aktuell «kandidat»?
Og i so fall, kva heitte plassen under Ovestrud som dei budde på, og kvar var foreldri ifrå?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
PS: Om tillegget i emnetitelen om Hallgrim Olson Burtness, sjå innlegg #3 under!