Me finn denne vigsli i Krosskyrkja i Bergen 5.4.1858:
Ingebrigt Sjurson Bergsnes, fødd i Strandebarm 4.8.1832, smedsvein, og Christi Andersdotter (Qvale), fødd i Luster 1822
https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000948969
https://media.digitalarkivet.no/view/8345/88
Kyrkjeboki for Strandebarm syner at Ingebrigt er døypt under namnet Brigt Sjurson: https://media.digitalarkivet.no/view/11682/40
Men då han vart konfirmert i Strandebarm i 1849, heitte han Ingebrigt Sjurson: https://media.digitalarkivet.no/view/8305/179
Kanskje har han «adoptert» Ingebrigt-namnet undervegs? Finst det kan henda ei bygdebok for Strandebarm som har opplysningar om denne huslyden?
Uansett: Den store utfordringi her er følgjande: Kvar vart det av Ingebrigt og Christi etter dei gifte seg i Bergen våren 1858?
Eg ser ingen born fødde korkje i Bergen eller andre stadar i Noreg, og eg lurer på om dei straks etter vigsli i april 1858 kan ha «hoppa på» ei seglskute og utvandra til Amerika?
Til orientering hadde Christi to søstrer:
* Anna Andersdotter (1818-1878) - gifte seg med Lars Narveson (Skildum) og utvandra i 1861 til Columbia Co., WI
* Susanna Andersdotter (1825-1912) - gifte seg i 1856 med Peder Friis i Flakstad og budde der levetidi ut.
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden til Ingebrigt og Christi!
NBNB: Tematitelen er vorten endra etter at denne huslyden vart oppdaga i Skånevik og sidan i Fjelberg!! Innhaldet elles er stort sett uendra!