Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'bergum'.
Fant 2 resultater
-
Knut Haaverson Nundal, i Amerika kjend som Knute Bergum, var fødd i Luster 7.5.1864, men flytte kring 1870 til Nundal i Årdal med foreldri sine. I 1874 utvandra han so til Amerika i lag med mori, Siri Thoresdotter Nundal, då enkje og sidan kjend som Sarah Bergum (1825-1920). Knut, ein yngre bror Peder Christian Haaverson Nundal, i Amerika kjend som Christian Bergum (1867-1956) og mor deira skal først ha butt hjå ein eldre son Thore Haaverson Nundal, i Amerika kjend som Thomas Bergum (1847-1891) i Cherry Grove township, Goodhue Co., MN, men i 1887 flytte Thomas og mori til Springfield township, St. Croix Co.,. WI. Om Knute Bergum vert det fortalt følgjande: * Han gifte seg første gongen med ei Christine Johnson Shilton(?), fødd i Minnesota; Knute var smed, og dei skal ha butt i Bigfork, Itasca Co., MN, men Christine døydde ung. Dei fekk to born i lag: ** Howard Bergum, fødd i Wisconsin 10.2.1890 ** Margaret Bergum, fødd i Itasca eller Rice Co., MN 17.2.1896 Eg finn korkje Knute eller borni hans i FT1900, men i 1905 budde borni hjå onkelen Christian Bergum i Springfield township, St. Croix Co., WI! * Knute gifte seg som enkjemann att i Washburn Co., WI 6.12.1904 med enkja Sigrid Christensdotter, opphavleg frå Reiersgard i Flå, men då kjend som Sarah Johnson, fødd i Flå 6.8.1859 og visstnok utvandra med første mann sin (Ellef Johnson frå Ørgenvika i Krødsherad) i 1883. Knute Bergum heldt fram som smed, og dei budde for det meste i og nær Springbrook, Washburn Co., WI der Knute Bergum døydde 28.9.1940. Sarah skal vera avlidi i 1941 (dato og stad ukjende). Dei fekk ikkje born i lag men Sarah hadde fleire born frå første ekteskapet sitt, mellom anna sonen Chris Edwin Johnson som gifte seg med dotteri hans, Margaret Bergum! Den store utfordringi her gjeld den tidlege lagnaden til Knute Bergum og opplysningar om første ekteskapet hans! Eg ser at ein Knute Bergum på 29 år i 1895 var busett som «painter» i Minneapolis, Hennepin Co., MN, men kona hans heitte Maria, fødd i MN på 23 år og ei dotter Lillian, fødd i MN på 4 år. Alderen hans høver godt, men eg trur ikkje det kan vera han! https://www.ancestry.com/interactive/1058/MNV290_68-0488?pid=2109962&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx4665%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3DMNstatecen%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26msT%3D1%26gsln%3DBergum%26gsln_x%3DNP_NN%26msrdy%3D1895%26msrdy_x%3D1%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D35%26fh%3D19%26h%3D2109962%26recoff%3D9%26ml_rpos%3D20&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4665&_phstart=successSource&usePUBJs=true So eg står ganske «bom fast» når det gjeld denne huslyden. Kanskje er det nokon som ser noko eg ikkje har sett? Kan til dømes ættenamnet Bergum vera feilskrive i amerikanske kjelder?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Thore Haaverson Nundal, i Amerika kjend som Thomas Bergum, fødd i Årdal 6.9.1847, og Martha Olsdotter Seim, fødd i Årdal 3.i9.1851 utvandra i lag til Amerika over Québec i 1872: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=Quebec65&gardpostnr=16396&merk=16396#ovre Reisemålet deira var Milwaukee, WI, men eldste (kjente) barnet deira, Hans Martin Bergum, var født i Goodhue Co., MN 7.10.1876. Eg har so langt ikkje greidd å finna vigsli til Thore «Thomas» og Martha, som eg reknar med må ha skjedd i Wisconsin eller Minnesota! Kanskje er det nokon der ute som har betre auge enn meg? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive