Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'bjordal'.
Fant 1 resultat
-
Dette er ein ny huslyd, som eg har jobba mykje med, men der eg no står ganske so fast. Kanskje er det nokon som kan hjelpa meg sjå etter fleire detaljar? Eg attgjev frå manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~ Dortha Salomonsdotter {Berge}, f.{i Luster} kring 1730, Dortha Salomonsdotter gjorde leigarmål her i bygdi i 1753 og det med ein gift mann som attpåtil var søskenbarnet hennar. Ho vart dømd til å reisa til fiskeleiene i ytre Sogn, og der vart ho sidan buande. Ho gifte seg ##### (dato og stad for vigsli hennar? - kring 1770?) med Anders Andersson frå ##### (opphavet hans?) Han var son av ##### (foreldri hans?) ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? - kring 1725?) Anders og Dortha budde som strandsitjarar på ein plass under Bjordal i Kyrkjebø, og derifrå vart Dortha gravlagd 8.4.1806. Anders vart gravlagd same staden ##### (dato? - finn ikkje dette dødsfallet i kyrkjeboki for Lavik!) 1811. Dortha fekk i alt to døtrer, den eine frå før og ei i ekteskapet med Anders Andersson: a. Sophia Arnesdotter (1753‑ ##### (dødsfallet hennar? - før 1771?) ), dotter av Dortha og gardbrukar Arne Iverson på Berge (bnr. 1) (1715‑1800). Sophia flytte truleg med mori til ytre Sogn, men d. nok i ung alder, sidan halvsøsteri fekk same namnet. b. Sophia Andersdotter, døypt i Kyrkjebø, Vik 3.11.1771, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - Kyrkjebø kring 1837?) Ho gifte seg første gongen ##### (dato og stad for første vigsli hennar? - 1798? - finn ikkje Kyrkjebø!) med Jens Olson frå Søreide i Kyrkjebø. Han vart døypt i Kyrkjebø, Vik ##### (dåpsdato? - 2. d. p. Ep! - 15.1.?) 1764, men vart gravlagd frå Bjordal i Kyrkjebø alt 14.5.1802. ##### (finn ikkje dette dødsfallet, men det må vel ha vore før Sophia gifte seg att i 1800!) Sophia gifte seg so att i Kyrkjebø, Vik 8.7.1800 med Henrik Ellingson frå Føsund i Kyrkjebø, døypt i Kyrkjebø, Vik 1.10.1774. Han d. som husmann på Bjordal i Kyrkjebø 26.10.1838. Henrik var, som me skjønnar, husmann, medan Jens Olson helst var for strandsitjar å rekna. Men båe budde dei med Sophia på Bjordal i Kyrkjebø. Sophia fekk i alt sju born, tre frå første ekteskapet og fire frå det siste. ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til komplettering av denne biografien!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive