Dette er ein huslyd som eg har jobba med i over 40 år, men som eg har hatt store vanskar med å få fullt oversyn over. Kanskje bygdebøker for Eidfjord og Ullensvang og nokon med lokal kunnskap kan bidra med detaljar?
Gaute Endreson Vivelid, oppgjeven fødd på Vivelid i Eidfjord 19.2.1804 - foreldri Endre Gauteson og Britha Torbjørnsdotter
Anna Larsdotter Bjotveit, oppgjevi fødd på Berget i Ullensvang 23.9.1815 - foreldri Lars Torstenson og Sigrid Johannesdotter
vart vigde i Ullensvang 15.4.1833: https://media.digitalarkivet.no/view/11718/171
Eg kjenner til følgjande born:
1. Tore - fødd på Bjotveit i Ullensvang 24.6.1833 - https://media.digitalarkivet.no/view/11718/34
2. Sigrid - fødd på Bjotveit i Ullensvang 3.6.1835 - https://media.digitalarkivet.no/view/11718/42
3. Britha - fødd på Bjotveit i Ullensvang 17.2.1838 - https://media.digitalarkivet.no/view/11718/54
4. Christi - fødd på Vivelid i Eidfjord 1.12.1840 - https://media.digitalarkivet.no/view/8314/18
5. Endre - fødd på Vivelid i Eidfjord 26.4.1843 - https://media.digitalarkivet.no/view/8314/33
6. Martha - fødd på Vivelid i Eidfjord 4.11.1845 - https://media.digitalarkivet.no/view/8314/51
7. Anna - fødd som reingjetarbarn i Årdal 18.6.1850 - https://media.digitalarkivet.no/view/8404/7
8. Lars - fødd på Svendsøy i Luster 17.6.1853 - https://media.digitalarkivet.no/view/8401/46
9. Martha - fødd på Holmestad i Luster 21.3.1858 - https://media.digitalarkivet.no/view/8401/85
10. Thomas - fødd på Yttri i Luster 22.1.1861 - https://media.digitalarkivet.no/view/8402/18
I 1864 skal foreldri og dei yngste borni ha utvandra til Amerika, og dei busette seg i Crawford Co., WI
Fleire utfordringar står att å løysa her:
** Yrke og opphav til foreldri til Gaute Endreson?
** Yrke og opphav til foreldri til Anna Larsdotter?
** Lagnaden til eldste barnet Tore - det einaste barnet eg ikkje har greidd å spora opp!?
** So tykkjer eg avstanden er vel lang mellom fleire av borni, til dømes mellom Martha i 1845 og Anna i 1850 og mellom Lars i 1853 og Anna i 1858. Kan Gaute og Anna ha hatt fleire born - kan henda fødde andre stadar?? Faren var reingjetar!!
Eg manglar fleire detaljar om lagnadane til nokre av borni i Amerika, særleg dotteri Christi, men vil komma attende til desse.
Eg takkar so mykje på førehand for alle godt tips om denne huslyden!