Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'bollingberg'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 2 resultater

  1. Eg hadde direkte kontakt med huslyden til John Bollingberg då eg første gongen jobba med denne huslyden på 1980-talet, men alt den gongen var det flere detaljar eg aldri greidde å finna ut av, og noko har òg skjedd etter den tid, særleg med omsyn til dødsfall... Andre kona til John Bollingberg var ei søster av dei i eit anna tema etterlyste søstrene frå Kalhagen i Luster: https://forum.arkivverket.no/topic/270503-søstrene-anna-sophie-1866-og-britha-1874-knudsdøtrer-kalhagen-frå-luster-til-amerika-forsvinn-i-minneapolis-mn/ Det hadde vore kjekt om nokon kunne hjelpa meg finna svar på nokre av dei siste utfordringane i denne huslyden... Her følgjer eit oppdatert manuskript for huslyden til John Bollingberg: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i Innlegg #20 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande i mange år, men som eg aldri har greidd å gjera noko meir med. Kanskje er no tidi kommi? Olina Knutsdotter Bollingberg, fødd i Luster 31.10.1859, som dotter av Knut Olson (1812-1896) og Sophia Olsdotter (1826-1886), plassfolk på Samgrandane under garden Bollingberg, flytte visstnok på 1890-talet til Bergen der ho arbeidde som syerske til ho i 1904 utvandra til Amerika med reisemål Stoughton, WI: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=52875&merk=52875#ovre Olina hadde ein yngre bror: Thomas Knutson Bollingberg, fødd i Luster 15.7.1867. Han var gift med Johanna Sølfestsdotter, fødd i Luster 20.5.1875. Dei var i mange år husmannsfolk på plassen Stein under garden Fuhr i Luster og fekk ni born i lag, men i 1909 reiste Thomas frå kona si til Amerika, ogso han med reisemål Stoughton, WI: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=65325&merk=65325#ovre: FT1910 syner dei to søskeni Thomas Steen og Olina Bollingberg busette på ein farm i Garfield township, Polk Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYY-KDN Thomas står med utvandringsåret 1909, som stemmer, medan Olina står med utvandringsår 1887, som eg ikkje kan forstå! Eller har ho vore ein tur i Amerika før ho i 1904 utvandra (på ny)? Det vert i Noreg fortalt at Thomas kring 1914 skal ha flytt til Mulvihill, MB der han skal ha farma til han kring 1923 kom attende til Luster. Han d. i Luster 14.7.1952. Og her finn me Thomas i FT1916 for Selkirk, MB, men i lag med han bur kona Johanna, som eg ikkje har sett nokon stad utvandra!: https://www.ancestry.com/interactive/1556/31228_4363959-00483?pid=760070720&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D1556%26h%3D760070720%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx7786%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx7786&_phstart=successSource&usePUBJs=true Og her er Thomas i FT1921 for same stad, då UTAN kone, men MED borni Conrad og Tea som då hadde utvandra i mellomtidi: https://www.ancestry.com/interactive/8991/1921_027-E002886611?pid=7184927&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D8991%26h%3D7184927%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx7787%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx7787&_phstart=successSource&usePUBJs=true Om Oline fortel slekt i Amerika at ho skal ha vorti gift og busett seg i Montana, men dette har eg ikkje greidd å finna ei stadfesting på! Dødsdatoen hennar er ukjend. Dei store utfordringane her er følgjande: ** Kvar vart det av Oline Knutsdotter Bollingberg etter 1910? ** Var Olina ein tur i Amerika alt i 1887? ** Kvar var Olina i FT1900? ** Forklaring på kva kona til Thomas gjer i Manitoba i 1916 og kva tid ho utvandra? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.