Christine Andrea Berentine Carlsdotter (Carlson) var fødd i Bergen 1.9.1866 som dotter av Carl Carlson og Karen Andersdotter (f. Drevdal frå Luster): https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007448674
So vidt som eg kan forstå, er det ho som under namnet Christine Andrea Carlsen utvandra til Amerika frå Bergen i 1884: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000672248
Men kva skjedde med Christine i Amerika? Eg er heilt «blank»! Ho hadde ein morbror Anders Drevdal, som på den tidi budde i Dane Co., WI og ei moster Martha Bertelson som budde i Orange Co., FL. To andre morbrør, Nils og Ole, som er etterlyste i eit anna tema, er framleis uoppsporte!
Då faren Karl Karlsen døydde i Bergen 25.1.1899, er Christine ikkje nemnd:https://media.digitalarkivet.no/view/27889/18
Då mori Karen Karlsen døydde i Bergen 19.12.1919, er arveforholdet ukjent: https://media.digitalarkivet.no/view/27862/3
Christine KAN vera avlidi i Amerika før 1899, men eg har lært meg ikkje å stola blindt på desse dødsmeldingane, særleg når det gjeld «fråverande» ervingar, so eg let spørsmålet stå òpe.
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om Christine!