Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'christian'.
Fant 4 resultater
-
Kirkebok døde og begravde Stavanger Dom i 1825
Arne Østensen postet et emne i Hjelp til skrifttyding
Jeg trenger hjelp til tyding av et navn i en kirkebok 1825 side 431 nr. 122. Brukslenke: https://www.digitalarkivet.no/kb20070625670446 Står det Cristian M. Zetlitz død okt. 20, gravlagt 24 eller 11? 72 år gammel. Hva står foran og bak navnet? Disse sidene er transkribert, men hvis dette er Christian så er jeg ikke i stand til å finne han med et vanlig søk. -
Ernest Charles Christian og Anna Marie Urness - vigsli deira i Minnesota kring 1893? - eg finn ho ikkje...
Lars E. Øyane postet et emne i Brukernes eget forum
Eg er på leiting etter ei vigsle som skal ha finne stad i Minnesota kring 1893, men so langt utan hell. Reiste dei kanskje «out of state», kan henda til SD(?), for å ordna med denne vigsli? Ernest Charles CHRISTIAN fødd 18.11.1867 i Goodhue Co., MN - men oppvaksen i Lyon Co., MN Anna Marie URNESS fødd 12.6.1869 i Fillmore Co., MN - men oppvaksi i Pope Co., MN Parfolket budde først i Cottonwood, Lyon Co., MN, men flytte sidan til Brainerd, Crow Wing Co., MN. Dei fekk fem born i lag. Men det store spørsmålet gjeld altso ekteskapet deira! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
Kven var forfedrene til Ole Kristiansen Roaldset (Midthaug)?
HelgeHånes postet et emne i Brukernes eget forum
Ole Kristiansen (Christiansen) Midthaug vart fødd 8. juni 1834 på Roaldset i Kleive. Han gifte seg 1. april 1861 med Mali Olsdatter f. Ytterhaug i Kleive, f. 29. september 1832. Men kven var far hans? Han heitte sjølvsagt Kristian (Christian), men kva meir er det råd å finne ut om han? Ole Kristiansen og Mali Olsdatter kom til Midthaug brn. 2 i 1861. Den 21. juni 1861 er det tinglese skøyte frå Holger Torgersen Aaberge til Ole Kristiansen Roaldset. Ole og Mali er ved folketeljinga i 1865 busette på Midthaug i Kleive, der dei er sjølveigarar. Ole er sagt å vere 33 år, fødd i 1832 og Mali 35 år, fødd i 1830, altså 2 års forskjell frå dei rette årstala. Dette er eit nytt eksempel på at alder oppgitt i folketeljingane må takast med ei klype salt. Ole og Mali har 3 born, alle fødde i Bolsøy: 1) Kristian (5 år), f. 1860. 2) Ole (1 år), f. 1864. 3) Gjertrud (3 år), f. 1862. Besetninga på garden er sagt å vere: 4 kyr, 10 sauer, 4 geiter og 1 gris. Dei sår 2 1/2 tønne havre og 3 tønner poteter. https://www.digitalarkivet.no/ft20090803340512 Under matrikkelrevisjonen i 1866 er desse opplysningane gitt om Ole sin Midthaug-gard: Skylda er 1 ort, 11 skilling. Garden består av 5 1/2 mål åker, 10 1/2 mål eng og dei får 12 1/2 lass høy av bø- og utslått. Avlinga er: 12 tønner havre, 20 tønner poteter, 30 lass høy. Besetninga er 1/2 hest, 2 kyr og 6 sauer. Garden har skog til behov. Matrikkelen av 1907 viser Kristian Olsen Midthaug som eigar av Midthaug brn. 2, 1,51 skyldmark. men 25.11.1911 er det tinglese skøyte frå Ole Kristiansen Midthaug til Løve Ingvald Løvesen Midthaug. Ole og Mali fekk fleire born etter 1865. Seks til såg dagens lys. Her er alle borna deira: Kristian Midthaug, Gjertrud Anna, gift Aspelund, Ole Midthaug, Karen Maria Midthaug, Knut Andreas Midthaug, Josefine Midthaug, Løve Ingvald Midthaug, Ole d.y. Midthaug, og Mathias Midthaug. Ole skøytte frå seg garden til sonen Løve Ingvald Olsen Midthaug, tinglesen 25.11.1911. Løve døde i 1922, og kona Ida Lovise f. Istad sat med garden til den vart seld til dottera Ester i 1937. I folketeljinga av 1910 var Ole og Mali kårfolk på Midthaug. http://xml.arkivverket.no/folketellinger/hefter/1910/15More_og_Romsdal/f9101544_hefte.pdf side 110 Ole Kristiansen Midthaug døde 19. september 1912, medan kona Mali Olsdatter levde til 6. desember 1925. Dette er opplysningar eg for det meste har henta frå Bolsøyboka. Men når det gjeld forfedrene til Ole, står eg på bar bakke. Eg har leita med lys og lykte i Bolsøyboka under Roaldset og Roaldsetli, men der finn eg ingen Kristian (Christian) som kan passe. Heller ikkje i 1801-teljinga for Roaldset og Roaldserti finn eg noko. Det må vel tyde at far til Ole Kristiansen kom ein annan stad frå, og at han må ha kome til Roaldset etter 1801. https://www.digitalarkivet.no/ft20110325670289 Kan nokon hjelpe meg på veg her? -
Eg treng hjelp til oppslag i bygdebok for Syvde, MR under garden Sandnes. Christian Christianson f. 1796 på Tvinnereim, Innvik prgj. busette seg på Sandnes i Syvde. Kva står det om han og hans familie i bygdeboka?
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive